Pasjon for internasjonal orden
Henry Kissinger er 100 år. Han får eit tvitydig ettermæle.
Henry Kissinger kjem til eit møte med den kinesiske presidenten Xi Jinping i Beijing 8. november 2018.
Foto: Thomas Peter / AP / NTB
Henry Kissinger fylte 100 år laurdag 27. mai. Bursdagen kjem ikkje lenge etter at han har gjeve ut to store bøker om politisk leiarskap og modellar for samkvem mellom statar i verda i dag (Leadership og World Orders).
Med ein vri på eit ord frå Churchills verk om andre verdskrigen kan ein seia at her møter vi Kissingers personlege biografi forkledd som statsvitskap. Få statsvitarar har kombinert rollene som akademikar og politisk aktør som Henry Kissinger. Det er nett i skjeringspunktet mellom desse to rolleforventningane at vi finn essensen i mannen. Og kontroversane.
Pinochet
Det er lett å kasta Kissinger inn i rolla som krigsforbrytar og kynisk maktpolitikar. At han la opp til å styrta Salvador Allende i 1973, er i dag vel kjent. Kissinger var klar over at Allende hadde vunne makta i Chile på lovformeleg vis, «som den fyrste marxisten i vårt hundreår», som han sa. Og nett dette faktumet gjorde han ekstra farleg som modell for resten av Latin-Amerika, meinte Kissinger.
Etter kuppet i 1973 slo han fast at «denne regjeringa (Pinochet) er betre for oss enn den førre (Allende)». Nixon stødde politikken til Pinochet, og mange seier no at det berre var flaks at ikkje Kissinger drukna i dragsuget etter Watergate, der han indirekte var implisert.
Kynisk maktpolitikar
Slik kunne vi halda fram og ta for oss det grøne ljoset han gav for den indonesiske invasjonen av Aust-Timor, også grunngjeven med trugsmålet frå kommunistar, som kravde tallause offer. Likeins invasjonen i Kambodsja og teppebombinga der, som la grunnen til skrekkveldet til Pol Pot frå 1975 til 1978 med 2 millionar drepne. Å tala om noko trugsmål for USA her, eller «nasjonale interesser», er reint vås. Her kjem Kissinger inn som den kyniske maktpolitikaren.
Det var ei tid han måtte passa seg for kor han drog i verda, fordi ein spansk domar, Baltasar Garzón, hadde fått inn i internasjonal lov retten til å arrestera krigsforbrytarar, same kor i verda dei var («universell jurisdiksjon»). Slik vart Augusto Pinochet sett fast i England etter ein dom i britisk høgsterett. Han slapp ut berre fordi Margaret Thatcher meinte han var for sjuk til å stå for retten. (Men han gjekk lett frå flyet då han landa i Santiago.)
Moralsk grunntone
I det store intervjuet The Economist hadde med Kissinger 20. mai i år, kjem ei anna side ved mannen fram, ein moralsk grunntone. Kissinger var grunnleggjande forma av nazistanes Endlösung. Han miste mange slektningar i myrderia – 13 i talet – og sette seg føre å arbeida mot krig det han kunne.
Maktbalansetenking vart tidleg eit nykkelomgrep hjå han. Å verna om demokratiet vart den store lærdomen for generasjonen hans etter Weimars fall i 1933. Ein veg å gå for fred er ein internasjonal orden basert på maktbalanse og militær styrke. Men ordenen må vera legitim, det vil seia vera akseptert av alle partar. Difor ser han at ei fredsløysing i krigen i Ukraina må gje russarane den største byen på Krym, Sevastopol, Russlands marinebase.
Henry Kissinger, då tryggingsrådgjevar for president Nixon, hyggar seg med utilsløra magedans i sjahens Tehran, Iran anno 1972.
Foto: AP / NTB
Men altså demokratiforsvar utan illusjonar. Sjølv om Allende var demokratisk vald, såg Kissinger på han som ein chilensk Kerenskij, mannen som i 1917 brula vegen for Lenins tyranni i Petrograd. På same viset, då den portugisiske sosialdemokraten Mario Soares freista å koma kommunistane i møte etter nellikrevolusjonen i 1974, kvesste Kissinger det til og sa: «Ynskjer De å bli ein portugisisk Kerenskij?».
Menneskerettar
Kissinger er ikkje i og for seg mot å arbeida for respekt for menneskerettar, men slike idealistiske ynske må aldri stengja for realismen i tilhøvet mellom statar. Menneskerettane er underordna maktpolitikken og den fredelege sameksistensen. Den nasjonale interessa er knytt til fred og orden, overordna alt anna.
Såleis var han ikkje nokon kraftfull tilhengjar av å stø kampen for jødiske rettar i Sovjetunionen. Og uigurane i Kina kan ikkje rekna med å ha Kissinger som ivrig talsperson når det kjem i vegen for USAs pragmatiske tilhøve til Beijing.
Han fekk kritikk for denne avspenningspolitikken andsynes Sovjet frå den republikanske høgresida. Og Ronald Reagan kunne ikkje gje han ein posisjon.
Kissinger var Nelson Rockefellers mann, men han var for liberal for Gerald Ford. Kissinger seier at ein den gongen kunne ha gode personlege relasjonar over partigrensene i Washington. Ikkje i dag. Han vil ha langsiktig tenking i USA om korleis landet skal utvikla eit respektfullt tilhøve til Kina for å kunna leva i fred.
Kompetent leiarskap manglar nett no. Trump og Biden har drive polariseringa for langt. For Kissinger er det som manglar no, ei sams oppleving av kva som er verdfullt i Amerika.
Etter embetstida
Kissinger kom til USA i 1938 med foreldra sine og ein bror. Under krigen tenestegjorde han som vernepliktig tolk i den amerikanske hæren. Derfrå gjekk vegen til ein glitrande akademisk karriere på Harvard og utanriksministerposten under Nixon.
Bøkene hans er konsentrerte om diplomatiets historie. Sentrale i all tenkinga om internasjonale relasjonar er trugsmåla frå atomvåpena, som han meiner endrar alt i internasjonal politikk. For fyrste gong i soga kan menneska utsletta alt liv på kloten.
46 år er gått sidan Kissinger hadde eit offentleg verv. Kva tid kjem boka om kva han har gjort som nestor i tenkjetanken Kissinger Associates? Det har aldri vore mangel på statsmenn som vil høyra på råd frå han.
Kissinger meiner verda i dag er i en prekrigsepoke. Til The Economist seier han at for USA er det risikabelt å lata Kina ta Taiwan, fordi det vil underminera posisjonen til USA som verdsmakt – eit klassisk maktbalanseargument. Han meiner det var feil å stilla i utsikt ukrainsk Nato-medlemskap utan å ha ein plan for korleis det skulle skje. Men han seier i dag at Ukraina no bør med i Nato på grunn av våpena som er leverte. Å kontrollera dei er ei felles oppgåve, og det skjer best innanfor ei Nato-ramme. Eit pragmatisk rasjonelt syn, kan ein seia.
Kissinger har sagt mykje klokt og rart i sine 100 år («makt er det beste afrodisiakumet»). Min favoritt etter 50 år i akademia er denne: «Kvifor er akademiske disputtar så bitre? Fordi dei handlar om så lite.»
Bernt Hagtvet
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.