Historie
30 år etter eit folkemord
Talet på drepne i Srebrenica aukar framleis.
Minnelunden er ein uvanleg vakker og uvanleg stille stad.
Foto: Arild Bye
Bilturen
frå Sarajevo går ut i naturen.
Bosnia-Herzegovina er eit vakkert land med
eit variert landskap. Men vi skal ikkje hit for å beundre
naturen. Vi er på veg til staden for det siste folkemordet i
Europa, der vi duvar gjennom skogar, slynger oss ned dalsider,
passerer små byar og landsbyar.
Sola
skin, vi er i ei verd av fred. Innimellom kan plassar vi passerer minne
om ein idyll. Men målet vårt, staden vi skal vitje, er eit namn
Europa enno minnest for blodet og for drapa som skjedde der, offera, krigens
grufulle, verste sanning. Mordet på mennene i ei heil folkegruppe, dei bosniske muslimane, bosnjakane, som hadde teke tilflukt der fordi det var krig. Tilflukt hos eit FN som ikkje greidde å halde lovnadane dei hadde gjeve muslimane om at det var trygt. Fleire og fleire, ja, hundretals som vart til tusentals, hadde samla seg i den vesle byen med det namnet som enno i dag gjev konnotasjonar til dei verste sidene ved menneska, lysta til å drepe dei andre: Srebrenica.
Frå frykt til død
11. juli i år, er det på dagen tretti år sidan det verste
folkemordet i etterkrigstida i Europa fann stad i den
vesle, FN-overvaka byen. I det i dag oppdelte – og etter
freden i Dayton, folkegruppeinndelte Bosnia-Herzegovina, som også inneheldt den
serbiske provinsen Srbska, ligg
Srebrenica nettopp i dette serbisk-styrte området, i ein av
kantonane, som dei kallar fylka sine her.
Da krigen gjekk føre seg i 1995, var det ikkje langt over til grensa
mot Serbia, og det var med støtte frå Serbia styrkane som tok kommandoen over Srebrenica i desse dramatiske julidagane kom,
utan at FN kunne gjere noko frå eller til. Dei dagane da
den seinare krigsforbrytardømde Ratko Mladic utførte sitt
groteske livsverk, kom hit i spissen
for dei bosnisk-serbiske styrkane som skulle «drive
tyrkarane ut», som Mladic vart kjent for å ha sagt, da han
stod på eit gatehjørne i sentrum og tala til dei vettskremde muslimane som
hadde samla seg i byen og alt frykta det verste.
FN-styrken som ikkje kunne
gjere noko frå eller til, var hollandsk, og framfor
alt, den var for liten. Folk flykta allereie gjennom skogane og over
åsane ikring Srebrenica da fienden kom til dei, i
redsle for Mladic og folka hans. For enda dei var under
FN-vern, var dei ikkje trygge. Kanskje forstod dei
det, for ingen var utan frykt for kva dei serbiske styrkane kunne
ha med seg av vondskap da dei kom. Men ingen
forstod det som kom. Det venta ingen. Slike grufulle handlingar er
heldigvis nokså sjeldne i menneskehistoria.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.