JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Opprørstradisjonen lever i Ukraina

Gjennom fleire hundreår utvikla Ukraina seg forskjellig frå Russland. Denne ulikskapen ligg bak den seige ukrainske motstanden mot invasjonsmakta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Monumentet over kosakkhovdingen Bohdan Khmelnytskyj i Kyiv i Ukraina.

Foto: Wikimedia Commons

5595
20220527
5595
20220527

Det er ikkje tvil om at Ukraina og Russland er nærskylde nasjonar: Russisk og ukrainsk høyrer båe til den austslaviske språkgruppa. Teologisk er det lite som skil kyrkjene i dei to landa. Folklore, kunst og kultur er litt forskjellig, men det er heller ikkje vanskeleg å få auge på likskapen.

Kan hende det som bind dei to nasjonane mest saman, er det samlivet i det russiske imperiet. I 1654 svor hovdingen Bohdan Khmelnytskyj på vegner av kosakksamfunna i Ukraina truskap til den russiske tsaren Aleksej Mikhailovitsj. Etter tretten år med krig mot det polsk-litauiske samveldet klarte herskaren i Moskva å leggja under seg Ukraina aust for elva Dnipro saman med byen Kyiv.

I tiåra og hundreåra som følgde, la den russiske herskarmakta under seg meir og meir ukrainsk land etter kvart som Polen-Litauen og Det osmanske riket blei reduserte til skuggar av det dei før hadde vore. På byrjinga av 1800-talet var Ukraina ein verdfull, men høgst underordna del av det enorme russiske imperiet, som strekte seg frå Austersjøen til Stillehavet og frå Nordishavet til Afghanistan.

Frå tsarens side var det ingen tvil om at russisk kultur og ikkje minst russisk språk skulle gjennomsyra alle delar av imperiet (sjølv om overklassa for det meste snakka fransk). I liberale periodar blei andre språk, som ukrainsk, tolt, men når reaksjonære tsarar kom til makta, blei russisk påtvinga alle i imperiet. Målet var å omdanna imperiet til éin nasjon der religion og språk var eins, regjert av ein eineveldig tsar.

Dødsdom for imperiet

Me veit alle korleis dette gjekk: Sjølv i Sovjetunionen overlevde dei nasjonale kjenslene, sjølv om sovjetleiarane arbeidde hardt for å skapa det dei kalla ein sams sovjetisk identitet. 1. desember 1991 røysta eit stort fleirtal av ukrainarane for å forlata Sovjetunionen. Denne folkerøystinga var sjølve dødsdomen for imperiet. Ei veke etter, 8. desember, samla presidentane for Ukraina, Kviterussland og Russland seg på jaktslottet Viskuli nokre kilometer frå den polske grensa. Der erklærte dei at Sovjetunionen hadde slutta å eksistera.

Korleis skulle det gå med det sjølvstendige Ukraina? Dei som overtok makta i landet, utplyndra folket så godt det lét seg gjera. For mange ukrainarar stod det sjølvstendige Ukraina fram som ein lite attraktiv stad å vera. Den politiske eliten var delt mellom russisk-venlege og ukrainsk-patriotiske. Så seint som ved presidentvalet i 2010 vann den russisk-venlege – og gjennomkorrupte – Viktor Janukovitsj over den ukrainsk-sinna Julia Timosjenko.

No – tolv år etter – står mest heile det ukrainske folket samla mot den russiske invasjonen av landet. Korleis er dette mogleg etter at landet var så splitta gjennom 1990- og 2000-åra? Den som ber mesteparten av ansvaret, er utan tvil Vladimir Putin. Om han ikkje hadde invadert Krim og delar av Donbas i 2014, hadde nok ikkje mesteparten av det ukrainske folket oppfatta at Putin ville dei vondt.

Dei frie kosakkane

Likevel skulle det meir til for å byggja opp det indre samhaldet. Dei siste par tiåra har det vorte tydeleg korleis ukrainarane har henta fram nett dei tradisjonane som skil dei mest frå det russiske. Fremst mellom dei er minnet om dei ulike kosakksamfunna som heldt til på ukrainsk territorium frå og med 1400-talet.

Mens ein på det russiske området dyrka fram myten om den allvitande, allmektige tsaren som herska over folket som ein streng, men god far, levde på det ukrainske området minnet om dei frie kosakkane som aldri lét seg kua av nokon herskar. Kosakksamfunna var faktisk demokratisk bygde opp. Kvar våpenføre mann hadde røysterett på tinget. Dette var heilt i motsetnad til forholda i tsarens rike, der alle tilløp til folkelege sjølvforvaltingsorgan var avskaffa i mellomalderen.

Såleis ligg det ein autoritær tradisjon til grunn for det russiske samfunnet, mens det ukrainske samfunnet gjennom hundreåra var langt friare. Ikkje tilfeldig var kosakksamfunna blitt danna av bønder som rømde frå liveigenskapen i Russland. På den ukrainske landsbygda kunne dei leva fritt, utanfor makta til godseigarar og adel som hadde undertrykt dei. Ukraina blei eit pustehol i eit Aust-Europa prega av autoritære statar og samfunn.

Desse frie ukrainske kosakksamfunna overlevde foreininga mellom Russland og Ukraina i 1654. Tsarens makt nådde ikkje inn i kosakkgruppene som låg spreidde over mesteparten av det som er Ukraina i dag. Men i 1775 hadde keisarinne Katarina II knust Tyrkia i ein seks år lang krig. Polen var samstundes i ferd med å bli delt mellom nabolanda Russland, Austerrike og Preussen. Katarina trong ikkje lenger tenestene til dei krigsvande kosakkane. I 1775 blei leirane der kosakkane heldt til, øydelagde av den russiske hæren.

Levande tradisjonar

Kosakkane blei spreidde over mesteparten av svartehavsområdet, men tradisjonane overlevde. Då ukrainske intellektuelle på 1800-talet tok til med å skapa ein ukrainsk litteratur, knytte dei seg til kosakkane. Det russiske sjølvherskardømet blei – med god grunn – sett på som fienden av alt som var ukrainsk.

I ein krig vinn ofte den parten som har sterkast vilje til å halda ut. Ved å henta fram eigen identitet har ukrainarane fått ei sterk motivering til å kjempa. Dei neste månadene vil visa om den ukrainske viljen til å stå imot er sterkare enn den russiske viljen til å herska over dei.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kosakksamfunna var faktisk demokratisk bygde opp.

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis