Britisk politikk

Frå puben til Parlamentet

Medan statsminister Keir Starmer slit med rekordlåg popularitet og dei konservative er i identitetskrise, har Nigel Farage aldri stått sterkare.

Nigel Farage med ein øl i South Benfleet i England i 2014, året då han leidde UKIP til siger i europaparlamentsvalet.

Eg sit i konserthallen King’s Place ved King’s Cross-stasjonen i London. På scenen står Steve Richards, ein politisk kommentator som sidan 1990-talet har skrive og laga TV- og radioprogram om britisk politikk. No, i tråd med tida, har han sin eigen podkast, kalla «Rock’n’Roll Politics».

Temaet for kvelden er framtida. Korleis vil britisk politikk sjå ut framover? Spørsmålet er provosert fram av nyheiter om at Reform UK, eit nytt og kontroversielt parti med berre fem sete i Parlamentet, leier på meiningsmålingane. Partiet fekk eit gjennombrot i lokalpolitikken i mai, då dei vann 677 kommunestyresete og tok kontroll over åtte kommunar frå dei konservative.

Historisk valnederlag

Det konservative partiet opplevde eit historisk valnederlag i 2024, då dei berre fekk 122 representantar inn i Parlamentet, det dårlegaste resultatet nokon gong. Partiet er no i ei identitets- og truverdskrise. Populariteten til Labour (det britiske arbeidarpartiet) har òg stupt sidan brakvalet deira i fjor. Ifølge YouGov har statsminister Keir Starmer den dårlegaste popularitetsmålinga dei nokon gong har registrert. 

Med dette som bakgrunn spør Richards oss i publikum kva me trur vil skje ved neste parlamentsval, som skal haldast seinast i 2029. «Rekk opp handa dei som meiner Det konservative partiet vil vinne.» Svært få hender kjem opp. «Rekk opp handa dei som meiner Labour vil vinne.» Fleire hevar handa no enn i stad, men langt ifrå noko fleirtal. «Det de no har gjort, folkens, er å spå at Nigel Farage vert Storbritannias nye statsminister.» Folka i salen, som hovudsakleg står til venstre i politikken, ler, men med eit hint av uro.

«Broken Britain»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement