Kommentar
Festivalbobla i skvis
Pengar du svir av på årets konsertopplevingar, hamnar i lommene til eit konsern som har kontroll over både billettsalet, artistane og deg.
Teikning: May Linn Clement
Då er vi der igjen: i ei boble. For mange er det å gå frå konsert til konsert i lag med likesinna, ta ein øl og prate om musikk, årets høgdepunkt.
Førre helg var det Tons of Rock. 150.000 var der, på Ekebergsletta i Oslo, mange av oss i fire dagar. Vi åt bakt potet til 240 kroner og pølse til 99. Det blei meir enn éin øl. Du blir tørst av å stå og gå i ti timar i sola. Men pytt, å reise til Syden er like dyrt.
Festivalleiar Jarle Kvåle omtaler det som ein historisk vellykka festival. Også artistane rosa staden, maten, ja, heile arrangementet. Det einaste aberet var køane. Det var fleire toalett og kraner enn før, men òg meir trengsel. Samtidig fekk leiinga skikk på skiten ved hjelp av dronar og dirigering. Og doane var betre enn nokon gong – vassklosett.
Inntekta til Kvåle og dei andre Tons-eigarane blir truleg historisk høg. I fjor var omsetninga på 305 millionar kroner, mot 206 millionar i 2023 og 150 i 2022.
Frå metall til ompa
Det begynte i Halden i 2014. Programmet var imponerande, med Slayer, Sepultura og førti andre band i sjangerspekteret hardrock, metal og punk. Festivalpasset kosta 1990 kroner. Då Tons blei flytta til Oslo i 2019, var mange skeptiske. Men som grunnleggar Mads Martinsen sa på NRK-programmet Stjernepose sist helg: «Vi måtte til Oslo for å få Kiss.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.