Utanriks
Krigen og grunnlova
Krig eller ei: Politikarane må gjere jobben sin, lovendringar inkludert. Spørsmålet er om dei tenkjer klart, og om dei er til å stole på.
Ein gjeng solsikkeinnhaustarar tar ein pause i ein åker i Aust-Ukraina. Ettersom byane blir bomba, flyttar fleire og fleire til fråflytta små stader, der dei truleg blir verande.
Foto: Leo Correa / AP / NTB
Den 28. juni, grunnlovsdagen, ein ukrainsk nasjonal høgtidsdag, gjorde Volodomyr Zelenskyj det mogleg for forfatningsdomstolen å arbeide igjen. Det hadde vore uråd sidan januar i år fordi han ikkje hadde nok medlemar.
Årsaka til mangelen var først og fremst at presidenten sjølv ikkje hadde peika ut sine representantar til domstolen, og at Verkhovna rada, det ukrainske parlamentet, heller ikkje hadde det travelt med å velje ut sine tre domarar.
Den manglande utnemninga til viktige regjeringsposisjonar har blitt karakteristisk for presidentskapen til Zelenskyj. Ambassadørpostar til land som er svært viktige for Ukraina, som Storbritannia, stod lenge ledige under Zelenskyj, og talet på ledige stillingar i rettsvesenet har auka monaleg. Den viktigaste rettsinstansen som har vore som lamma på grunn av mangelen på domarar fram til slutten på førre veke, er forfatningsdomstolen, som mellom anna skal syte for at det er samsvar mellom grunnlova og nye lover førebudde av Verkhovna rada før ei røysting.
For meg verkar det som hovudgrunnen til å opne for forfatningsdomstolen var lova om fleire statsborgarskap. Lova, som vart vedteken 18. juni, tillèt ukrainske borgarar å ha pass frå andre land. I tillegg gjer ho det lett for folk frå andre land å bli ukrainske borgarar.
Saka om fleire statsborgarskap har interessert Zelenskyj sidan 2019, frå den augeblinken han vart vald til president. Minst fem lovframlegg har blitt fremja til parlamentet, men alle vart dregne attende på grunn av klare juridiske sjølvmotseiingar og problem internt i framlegget.
No ser det ut til at framlegget er godt nok utforma til at det kan bli ei lov. Men før forfatningsdomstolen kan gjere det til ei lov, må han avgjere om det er i strid med den ukrainske grunnlova, som ikkje godtek dobbel statsborgarskap, men heller ikkje opnar for straff for dei som har det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.