Leiar
Eit nytt Hemsedal på 78 grader nord
30. juni stengde den siste kolgruva i Noreg, Gruve 7 i Longyearbyen på Svalbard.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
No stengjer Gruve 7 inst i Adventdalen ved Longyearbyen på Svalbard, som den aller siste kolgruva i Noreg. Ho opna i 1976, snart med moderne mekanisert strossedrift og heilbrytingsmaskinar, men det som gruva produserte, blei uansett gamaldags.
Då kolkraftverket i Longyearbyen blei bytt ut med dieselaggregat i oktober 2023, av di kol, same kor kortreist, ikkje lenger er stovereint i norsk energiforsyning, var det sjølvsagt berre eit tidsspørsmål når også gruvedrifta skulle ta kveld.
Så gjekk det som han ottast, Arne O. Holm, dåverande redaktør i Svalbardposten. I eit intervju med Dag og Tid i 2001 sa han: «Det eg er mest redd for, er at Svalbard skal enda som eit nytt Hemsedal.»
Då var Gruve 3, som blei driven mykje for hand og i kneståande, tømd – i dag er ho redusert til museum – men Raude Robert Hermansen dreiv Svea Nord (2001–2016) så hardt og godt og eigenrådig at det hende ho gjekk i overskot.
Frå no skal Svalbard-buen leva av tenesteyting, reiseliv, forsking og blues – og vona at russarane framleis finn seg i norsk suverenitet over Spitsbergen, Bjørnøya og Hopen, og at dei lojalt mot Svalbardtraktaten korkje byggjer basar eller militære anlegg der.
Nordmenn har drive kolgruve i Arktis i meir enn hundre år. Ungdom i tusental har fått ei framifrå ålmenndanning der, praktisk og ikkje minst sosialt – og di meir før lufthamna kom og gav høve til evakuering for dei som midtvinters, medan andre hamner var innefrosne, fekk kalde føter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.