Samtalen

FN har klart seg gjennom hardt vêr før

– Stormaktskonflikt i seg sjølv har vore realiteten for FN heilt sidan organisasjonen vart danna, seier FN-ekspert Ellen Jenny Ravndal.

Libanons statsminister Najib Mikati talar under eit møte i Tryggingsrådet 25. september 2024. På veggen heng «Mural for Peace» (Veggmåleri for fred), eit oljemåleri av den norske kunstnaren Per Krohg.
Publisert Sist oppdatert

For 80 år sidan, 26. juni 1945, signerte 50 land FN-pakta. Sidan då har Dei sameinte nasjonane (FN) vore den viktigaste internasjonale organisasjonen i verda. Nokre av kjerneprinsippa til FN er fred, internasjonalt samarbeid og menneskerettar. I dag er desse prinsippa truga på fleire frontar, utan at FN ser ut til å kunne gjere stort med det. 

Då FNs generalsekretær Antonio Guterres tala til generalforsamlinga førre veke, uttala han seg sterkt kritisk til utviklinga. Han nemnde ikkje nokon land med namn, men kritikken gjeld mange. 

– Igjen og igjen ser me eit altfor kjent mønster: Ein følgjer FN-pakta når det passar, og ignorerer ho når det ikkje gjer det. FN-pakta er ikkje valfri. Ho er ikkje ein à la carte-meny. Ho er grunnmuren i internasjonale relasjonar. Me kan ikkje og må ikkje normalisere brot på dei mest grunnleggjande prinsippa i ho.

FN vart grunnlagd i kjølvatnet av to verdskrigar og avmakta til Folkeforbundet før andre verdskrigen. Kva lærdommar frå denne perioden forma strukturen til FN? 

– Det viktigaste dei lærte frå Folkeforbundet, var å få alle stormaktene med i organisasjonen. USA vart aldri med i Folkeforbundet. Fleire land, som Tyskland og Japan, trekte seg, seier Ellen Jenny Ravndal, FN-ekspert og førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Stavanger. 

– Ein annan lærdom var at rådet måtte ha større handlekraft. I Folkeforbundet hadde alle medlemmar vetorett. Det gjorde det vanskeleg å bli samde om ting. I FN avgrensa dei vetoretten til dei fem stormaktene som sit i Tryggingsrådet. Vetoretten til stormaktene var òg eit svar på det første problemet; å få stormaktene med. Utan vetoretten ville stormaktene truleg ikkje ha vore med. I tillegg til eit meir avgrensa og effektivt råd ville dei gjere FN meir handlekraftig ved å gje FNs generalsekretær ei større rolle. Ideen var at generalsekretæren skulle kunne ta tak i saker som statane ikkje ville gjere noko med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement