JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein ny fase i islamistisk terror i Europa?

Wien-åtaket fell truleg inn i eit nytt mønster.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Store styrkar rykte ut og sperra gatene etter terroråtaket nær Schwedenplatz i Wien måndag 2. november i år.

Foto: Lisi Nieser / Reuters / NTB

5420
20201106
5420
20201106

KOMMENTAR

Media i Austerrike går no gjennom same fornektingsprosess som i andre land. Ein freistar i det lengste å tvihalde på tanken om at terrorhandlingar er komne til av psykisk forstyrra einskildpersonar. Dei dagane som er gått sidan drapa utanfor synagogen ved Schwedenplatz i Wien, går tvert om i retning av å vise at det knappast kan handle om nokon «einsam ulv». Då austerriksk politi gjennomsøkte bustaden til den skotne drapsmannen, fann dei adresser til 18 personar, og heimane til desse er sidan gjennomsøkte. 14 menneske er arresterte, mistenkte for å samarbeide i undergrunnsnettverk.

For godt mål har då også IS gjennom propagandaorganet Amaq forkynt at dei står bak attentatet i bydelen Bermuda-Dreieck. Fotoet dei har publisert av mannen, tyder på at IS hadde kontakt med han. Wien-åtaket fell inn i eit nytt mønster: Einskildpersonar går til åtak med støtte frå bakmenn. Det er i England og Frankrike siste par åra berre brukt lågteknologiske våpen, som knivar, og ein sjeldan gong eit jaktvåpen. Sameleis med dei åtaka ein har klart å stoppe, eit trettital i året siste åra i Frankrike.

Lokale aktivistar

Stort sett er det slutt på bomber og omfattande logistikk. Men dermed er det, som den austerrikske innanriksministeren Karl Nehammer seier, eit mysterium kvar våpena drapsmannen brukte, kom frå: eit automatgevær, ein pistol og ein machete. Når fem menneske er drepne og 22 skadde av ukjende våpen, meiner ministeren at «gjerningsmannen klarte å føre rettsvesenet bak lyset».

Ein treng ikkje spekulere for å sjå at då IS mista territoria sine, klarte dei å installere seg i Europa, gjerne ved lokale aktivistar opplærte av det norske Petter Nesser kallar «entreprenørar». Stilt og roleg formar dei små celler, kan hende hjelpte av heimvende IS-soldatar, som IS påstår den nordmakedonske terroristen i Wien faktisk var.

Truleg har førsteamanuensis Franck Orban ved Høgskolen i Østfold rett i at europeisk terror er blitt heimleg, langt på veg uavhengig av eksterne krefter, såleis i Midtausten eller i afrikanske land. Som eg fleire gonger har nemnt her i avisa, var Frankrike viktigaste «bakdør» inn i Europa, med tilflyt frå Nord-Afrika av organisatorar. Framleis er det enkelte importerte gjerningsmenn her og der, no frå fleire kantar: ein tsjetsjenar, ein tunisiar, ein nordmakedonar. Men alle gruppene som stør opp under slike lokalt, kan ikkje vere det – det finst folk som har organisert seg under kvar radar.

For å kunne møte utfordringa må ein slutte å fantasere om «einsame ulvar» kvar gong noko skjer. Ein må erkjenne at terroren har flytta til Europa og no har heime her. Bakdøra trengst ikkje på same viset som før lenger, no kan terrorceller oppstå kvar som helst.

Åtak mot kristne

Åtak mot kristne kyrkjer og synagogar med vandalisme og tjuveri har vorte jamt vanlegare i fleire land, især i Frankrike og Tyskland, dei siste 15 åra. Når ein har gått laus på prestar like sidan drapet på den gamle presten Jaques Hamel i 2016 (fleire er avverja, fortel fransk politi), var det i forlenginga av ei eskalering av valdsverk mot synagogar og jødisk eigedom. Det er nok tidleg å konkludere, men tendensen synest å vere at IS eller deira meir og mindre tette tilhengjarar går til ei form for religionskrig, som skal utkjempast mest mogleg tilfeldig og lite føresjåeleg, men spektakulært.

Åtaka på lærarar er heller ikkje nye i Frankrike, men der er det då slik at ein lærar og ein skule utgjer fyrstelina i laisiteten, den franske sekulærstatens grunnverdiar. Så det er vel truleg at slik terror ikkje utan vidare flyttar over grensene frå Frankrike med det fyrste. Men likevel, jamvel i Noreg spør lærarar seg om kva det kan kome til å koste å forsvare ytringsfridomen.

Ordensstyrkane kringom i Europa kan ikkje ha vakter ved alle gudshus eller skular, endå franske styresmakter no betalar for meir enn 20.000 slike og har innført drakoniske unnatakslover som mange der i landet kjenner er til plage. Folk intervjua på gata i Wien seier til media at dei ikkje ynskjer slike tilstandar, men dei er ikkje overraska over det som har hendt: Ein by som Wien, eit kulturelt symbol i Europa, kunne eigentleg berre vente på det.

Splitting

No lovar Austerrikes forbundskanslar Sebastian Kurz kamp med alle middel mot terroristane, som «har gått laus på våre fridommar», slik han sa det i ein tale. I talen, som han heldt tysdag 3. november i alle fjernsynskanalar, streka Kurz under at ein ikkje må godta splitting av samfunnet i ulike grupper som står mot kvarandre. Kampen, meiner han, står mellom dei mange som trur på fred, og dei få som vil ha krig. Dermed må ikkje austerrikarane late seg skremme frå å leve slik dei ønskjer.

President Emmanuel Macron har ikkje berre erklært sympati og forståing, men har vona fullt samarbeid i kampen. Dette er nok einaste vegen å gå vidare no: å leggje frå seg vona om at åtaka er forbigåande einskildhende, og studere, analysere og gjere mottrekk mot terrorfaren på europeisk, overnasjonalt nivå. Det kjem til å krevje overvinning å godta at jihadistisk terror er blitt ein vanleg del av livet i Europa, men det vil vere farleg å halde fram i fornektinga.

Bjørn K. Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein må slutte å fantasere om «einsame ulvar» kvar gong noko skjer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis