JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den nest siste dagen i juni vart dei fem tsjetsjenarane som stod for retten i Moskva, kjende skuldige i drapet på Putin-motstandaren Boris Nemtsov i februar 2015. Straffeutmålinga kjem seinare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SOLDATEN: Attentatmannen Anzor Gubashev smiler ikkje berre vakkert på veg inn i rettslokalet. Vaktene smiler ikkje.

Foto: Vlad Dokshin / Novaja Gazeta

5495
20170707
5495
20170707

Kommentar

Dei etterlatne etter Nemtsov, det vil seia mor hans og dotter hans, har sagt frå om at dei vil klaga saka inn for menneskerettsdomstolen i Strasbourg fordi bakmennene, og dei som gav ordre om drapet, ikkje er tekne.

Da Nemtsov vart skoten på Kreml-brua, som går over Moskva-elva frå Den raude plass, førte det til store demonstrasjonar i Moskva. Mellom dei aktivt opposisjonelle var Nemtsov, som ein gong var visestatsminister, svært populær. Han hadde i tillegg ein solid posisjon hos mildare kritikarar av Putin og politikken hans, spesielt når det gjeld «vernetiltaka» som verkar så solide for mange av Putins gamle vener frå St. Petersburg. Dette er folk som eig store firma, og som har salta ned milliardformuer – i dollar – på trivelege stader med godt vinterklima i Karibia og Dei sameinte arabiske emirata.

Kadyrov-sporet

Spor som i lita utstrekning vart etterforska, peikar i retning av at det er personar i den tsjetsjenske hovudstaden Groznyj som veit eitt og anna om saka. Der har Ramzan Kadyrov (f. 1976) herska etter at far hans, Akhmat Kadyrov, vart drepen av ei bombe under den årlege sigersparaden 9. mai 2004. Kadyrov-klanen har gode avtalar med Kreml, og held orden i det opprørske Tsjetsjenia etter borgarkrigar som går heilt attende til 1700-talet. Groznyj er atterreist etter øydeleggingane under den seinaste runden i slutten av 1990-åra.

Juryen sat saman i tre dagar etter den lange prosessen. Den 28. juni, medan jurymedlemene tenkte igjennom det som hadde hendt i retten, var det ein interessant seremoni i Kreml. Der fekk ein av leiarane i Tsjetsjenia «raudt diplom» av president Vladimir Putin for fullført kurs på det russiske generalstabsakademiet. Han gjekk ut med obersts grad og vart hylla av president Ramzan Kadyrov i Tsjetsjenia. Kursanten heiter Alibek Delimkhanov og er leiar for den militæravdelinga bataljon Sever (Nord), som drapsmannen hadde tilhøyrd.

Forsvarsminister Sergej Sjojgu var rimeleg nok til stades under seremonien i Kreml. På eit bilete som den opposisjonelle og djerve avisa Novaja Gazeta trykte 2. juli, skuler Sjojgu skeptisk på fotografen medan president Putin helsar på oberst Delimkhanov, som har fått diplomet sitt. Han har også den svært høge utmerkinga «Helt av Russland», som tilsvarar «Helt av Sovjetunionen» frå gamle dagar.

Kadyrov hadde ein rosande merknad på Facebook-sida si den dagen Delimkhanov vart heidra i Kreml, og nemnde at offiseren «har stått bak hundrevis av operasjonar mot internasjonale terroristar».

Gløymsk oberst

Delimkhanov forklarte seg under rettssaka tidlegare i år. Han var til lita hjelp for domstolen. Han hugsa ikkje kvifor mannen som fyrte av dei seks skota mot Nemtsov, hadde reist frå Groznyj til Moskva i februar 2015. Han hugsa heller ikkje kvifor drapsmannen, Zaur Dadajev, fekk avskil frå bataljonen hans 28. februar, nokre timar etter at Nemtsov miste livet. Men det var Delimkhanov som hadde underteikna avskilsdokumentet, og den dagen var Dadajev framleis «på ukjent oppdrag» i Moskva.

Det var heller ingen som kunne eller ville gi svar på korleis ein av dei fire andre i gruppa hadde skaffa seg 15 millionar rublar til finansiering av Moskva-turen, ordna med bruk av ein staseleg Mercedes med 007 som dei tre første sifra i registreringsnummeret, og opphald i eit husvære som ein nær ven av Kadyrov eig i hovudstaden.

På årsdagen for drapet, i februar i fjor, trykte Novaja Gazeta bilete av drapsmennene på veg ut av luksushotellet Ukraina i Moskva, foto som tydeleg var ein lekkasje frå det russiske kriminalpolitiet. Det er ingen dristig teori at det i og nær Kreml kan vera fraksjonar med ulikt syn på saka.

Ein stor patriot

Oberst Delimkhanov er bror til ein nær rådgivar av president Kadyrov, Adam Delimkhanov, som er medlem av den føderale russiske nasjonalforsamlinga. Han er ettersøkt av Interpol som ein av moglege bakmenn for drapet på ein tsjetsjenar i Dei sameinte arabiske emirata for nokre år sidan. Ein av dei mistenkte i Nemtsov-saka skal ha opphald i Dubai, og møtte ikkje i retten.

Nemtsov vart skoten berre 200–300 meter frå president Putins kontor. Da Putin fekk melding om hendinga, sa han, etter det som stod i Novaja Gazeta: «Kto posmel?» («Kven våga noko slikt?») Putin sa seinare, på ein av pressekonferansane sine, at «vi visste etter 36 timar kven som gjennomførte attentatet, men vi visste ikkje kvar dei var, og difor venta vi med desse opplysningane».

Ein av dei ettersøkte miste livet under skotveksling i Groznyj, hovudstaden i Tsjetsjenia, i samband med arrestasjonen. Gruppa hadde straks reist attende til Tsjetsjenia, med unntak av han som truleg er i Dubai. Også han som vart skoten i Groznyj, fekk ros av Kadyrov som ein stor patriot på grunn av det han hadde gjort i Sever-bataljonen.

Ein av dei få norske som har møtt Ramzan Kadyrov, er forfattaren Åsne Seierstad. Han gjorde inntrykk på henne ved å vise fram eit av kjæledyra sine, ein tiger som han har i bur ikkje langt frå presidentkontoret sitt.

Ramzan Kadyrov har gitt uttrykk for medkjensle med Nemtsov-familien. «Far min (president Akhmat Kadyrov) vart òg offer for eit attentat. Slik er livet – kva skal ein gjera?»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spor som i lita utstrekning vart etterforska,

peikar i retning av at det er personar i den

tsjetsjenske hovudstaden Groznyj som veit

eitt og anna om saka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis