JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

🎧 Verda vi kjende, er borte

Samfunnsendringane er alt i eit omfang og ein karakter som vil gjere det van­-
skeleg – om ikkje uråd – å returnere til verda slik vi kjende henne før covid-19.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit kjent bilete frå då første verdskrigen braut ut. Austerrikske erkehertug Franz Ferdinand og kona Sophie på veg ut i bilen minutt før dei vart drepne i Sarajevo.

Foto: NTB scanpix

7687
20200403
7687
20200403

Lytt til artikkelen:

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Spenning og samspel mellom det globale og det nasjonale forma framleis verda. Gamle verdsrike fall. Nye voks til. Varer, menneske, kapital og tankegods spreidde seg nærast fritt på tvers av nasjonale grenser. Effektive handelsvegar og moderne kommunikasjon gjorde den kjende verda større. Nyhende og informasjon vart formidla i eit tempo ein ikkje hadde sett tidlegare. Tankar i tida var nært knytte til trua på framsteg og menneska si evne til å erobre stadig nye skansar. Menneske, særleg dei som stod på globaliseringa si solside, såg gjerne på seg sjølve som verdsborgarar.

Avsnittet over er ei stilisert skildring av tida fram mot 1914. Skildringa kunne gjerne òg ha vore treffande for vår eiga tid. Kanskje ikkje akkurat i dag, men for nokre månader sidan, før covid-19-viruset kom og sette verda slik vi kjenner henne, på vent.

Første verdskrigen

I møte med store kriser eller ulykker grip ein gjerne til fortida. Eit forlis vert gjerne samanlikna med «Titanic», uvêr med nyttårsstormen i 1992 og finanskrisa i 2007–2008 med krisene i 1987 eller 1929. Sagt med andre ord: I møte med det ukjente søker vi ofte meining og forståing i noko vi kjenner frå før.

Covid-19-pandemien har vist seg som eit ekstremt sjokk for ein tett integrert, globalisert og sårbar verdsøkonomi. Som økonomiske historikarar ser vi nokre klare parallellar mellom verda rundt oss og utbrotet av første verdskrig i august 1914. Her heime møtte folk krigsutbrotet ved å hamstre i panikk. Stappfulle handlevogner og lange polkøar dei siste vekene finn sine motstykke i skildringar frå 1914, om korleis ein familie kjøpte inn 300 brød og eit barnlaust ektepar fylte bustaden med barnemat.

Då som no meinte mange at det heile snart ville vere over. Kongar og keisarar lova at «gutane» skulle få kome heim til jul. Slik vart det ikkje. Globale verdikjeder vart brutalt brotne opp, leverandørar vart skilde frå marknadane sine og produsentar frå råvarekjeldene sine. All økonomisk aktivitet vart no underlagd eitt mål: nasjonen si overleving.

Dette gjaldt òg for idealet om sunne statsfinansar. Setelpressa gjekk seg varm. Rekninga fekk framtida ta seg av. Statens makt vaks dramatisk, medan fridommen til einskildmenneske og næringslivet forvitra. Staten vedtok økonomiske inngrep ein tidlegare knapt hadde trudd var moglege. Tiltaka vart ikkje berre gjennomførte, men òg i all hovudsak aksepterte og tolererte.

Bruk av generelle fullmaktslover er døme på slike tiltak. Dei flytta i praksis lovgjevande makt ut av Stortingssalen. Lovene la mellom anna grunnlag for oppretting av heile 92 sentrale kriseorganisasjonar. Samla sett innebar tiltaka ei sterk svekking av marknaden som fordelingsmekanisme til fordel for rasjonering, kontroll og offentleg styring. I praksis fall det meste av dette ansvaret på kommunane, som mellom anna fekk i oppdrag å sikre innbyggarane naudsynte varer. På sikt skulle krisetiltaka vise seg som katalysator for endringar i både det politiske landskapet og forvaltningssystemet.

Mellomkrigstida

Krigen skapte altså vinnarar og taparar på andre område enn berre på slagmarka. Dei økonomiske konsekvensane kunne kjennast på kroppen i både krigførande og nøytrale land som Noreg. Einskilde sektorar, som til dømes jordbruket og dei som produserte krigsviktige innsatsfaktorar, hadde knapt opplevt betre tider. For andre, derimot, gjaldt det å omstille seg eller gå ut av rekkene. Der nokre få krigsprofitørar kunne halde champagneglasa høgt heva, vart underernæring den nye kvardagen for andre.

Første verdskrigen innebar både dramatiske endringar i einskildmenneske sine livsløp og store realøkonomiske omkalfatringar. Balansen mellom det globale og det nasjonale vart skaka. Det ein omtalar som mellomkrigstida, skulle vise seg å bli eit kollektivt gjennombrot for økonomisk nasjonalisme. Nasjonale omsyn vog no tyngre enn teoriar frå lærebøker i økonomi som forfekta vekst og velstand gjennom internasjonal arbeidsdeling. Stor arbeidsløyse på 1930-talet medverka til å gjere den økonomiske nasjonalismen akutt, samtidig som den politiske nasjonalismen fekk ein styrke som kom til å vere skjebnesvanger.

Mellomkrigstida vart ei brytningstid, også for tankegods og verdssyn. Samanhengar og samfunnsstrukturar som tidlegare hadde vore opplevde som sikre, var det ikkje lenger. Når staten kunne brukast med all si kraft for destruktive formål som krig, kunne han ikkje då nyttast til noko anna – til noko godt? Og korleis skulle ein slik stat organiserast? Idealet om den liberale, ikkje-intervenerande staten var død, men svara på kva som skulle erstatte han, var langt frå eintydige. På same måte som gjennombrotet for sosialdemokratiet i Skandinavia vart eit svar på den nye usikkerheita, vart fascismen i Italia og Tyskland eit anna.

Moglege fallgruver

Om vi held oss til den historiske parallellen, er vi framleis i ein situasjon ikkje ulik første verdskrigen. Éin dag vil det verste vere lagt bak oss, og vi kan starte å legge planar for framtida, ikkje ulikt situasjonen då kanonane stilna på Vestfronten i november 1918. Historikarar vil som regel vere tilbakehaldne med å hevde at fortida gjev klare svar på noverande problem. Like fullt er det nokre sentrale lærdommar som kan trekkast ut av erfaringane frå mellomkrigsåra – kanskje meir av kva slags fallgruver ein bør søke å unngå, enn av kva veg ein bør gå.

La oss trekke fram nokre slike moglege fallgruver. Samfunnsendringane vi ser rundt oss, er alt av eit omfang og ein karakter som vil gjere det vanskeleg – om ikkje umogeleg – å returnere til verda slik vi kjende henne før covid-19. Dette er ei erkjenning som òg bør få konsekvensar for utforming av økonomisk politikk etter krisa. Erfaringar frå 1920-åra viser korleis ein politikk tufta på ønsket om å returnere til ein situasjon som ikkje lenger eksisterer, kan vere svært skadeleg. 1920-åra vert kalla «det tapte tiåret» i norsk økonomisk historie. Årsaka var korkje verdskrigen eller pandemien spanskesjuka førte med seg, men ein økonomisk politikk styrd av eit idealisert bilete av tida før krigen braut ut. Sagt med andre ord: Ein politikk fundert på kontrafaktiske føresetnader kan gjere større skade enn krisa sjølv.

Vi har peika på korleis økonomisk nasjonalisme vart eit kollektivt svar på dei økonomiske utfordringane i mellomkrigstida. Vegvala statsleiarar fatta i tida etter første verdskrigen, tener slik sett som skrekkdøme på kva som kan skje når nasjonar er seg sjølve nok. Det er ikkje utenkeleg at vi kjem til å sjå fleire og sterkare nasjonalistiske innslag i tida framover – òg når det gjeld val av økonomisk politikk. Det kan derfor vere verdt å minne om at potensial i nasjonale krisesvar er kortvarige av natur. Nasjonale krisesvar kan gje nasjonalstaten tid til å områ seg, men som varige innslag i økonomisk politikk vil dei på sikt gje lågare velferd.

Kanskje meir enn noko anna har pandemien minna oss på kor sårbare vi er som menneske, samfunn og som del av eit globalt fellesskap. I framtida vil vi trenge enda betre verktøy for å kunne møte utfordringane som ventar oss. Svara på auka global sårbarheit er ikkje høge murar kring nasjonalstaten, men paradoksalt nok fornya og forsterka global samhandling.

Camilla Brautaset er professor i økonomisk historie ved Universitetet i Bergen. Lars Fredrik Øksendal har ein doktorgrad i økonomisk historie ved NHH i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I møte med store kriser eller ulykker grip ein gjerne til fortida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis