JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Katta
i sekken

Monsanto har store problem. Det gleder nok verdas miljørørsle, men neppe tyskarane som kjøpte selskapet på feil tidspunkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit fly i California sprøyter avlingar. Vert glyfosat forbode, må ein paradoksalt nok sprøyta mykje meir.

Foto: Gary Kazanjian/AP/NTB scanpix

10831
20180928

Monsanto

Monsanto var eit av dei største frø- og utgrasfirmaa i verda.

I juni vart salet av Monsanto til Bayer endeleg. Salssummen var 66 milliardar dollar.

I august kom ein amerikansk jury til at glyfosat, som vert produsert av Monsanto, i store dosar kan vera kreftframkallande.

Monsanto og dimed Bayer vart dømde til å betala ein kreftpasient 289 millionar dollar.

Sprøytemiddel

jon@dagogtid

Det amerikanske sprøyte- og frøselskapet Monsanto, den for mange aller, aller største miljøsatanen, har vorte dømd av ein amerikansk jury til å betala erstatning på eit nivå som trugar heile eksistensen til selskapet, og dimed den nye eigaren, farmasigiganten Bayer. Men fyrst: Når ein tenkjer på Monsanto, tenkjer ein på genmanipulering, sidan selskapet sel enorme mengder med genmanipulerte frø. For eit tid attende sende NRK eit program i serien Folkeopplysningen som handla om nett genmanipulering. Sidan Folkeopplysningen hevdar å vera basert på forskingsfronten, var programmet nær sagt sjølvsagt særs positivt til genmanipulering, eventuelle protestar kan rettast til NRK.

Hovudparadokset var reist av ein forskar som tidlegare hadde vore medlem av Greenpeace og aktivt øydelagt åkrar der forskarar hadde sådd genmanipulerte frø. Men den same karen var òg oppteken av menneskeskapte klimaendringar medan han øydela åkrar, og byrja å oppsøkja forskingsmiljø innan klima. På vegen fekk han vitskapleg trening, og med det vart han omvend. Fritt etter minnet sa han: «Miljørørsla seier at vi skal tru på menneskeskapte klimaendringar av di 97 prosent av klimaforskarane i verda seier klimaendringane er menneskeskapte. Men den same miljørørsla er mot genmanipulering sjølv om ein lik stor prosentdel av forskarane på feltet seier at genmanipulering er bra.»

Men der er vi altså. I vårt eige land, Noreg, stiller alle partia seg bak det som er ein av verdas mest omfemnande klimasatsingar, i det minste om vi ser på budsjetta, medan alle partia òg stiller seg bak det strengaste reguleringsregimet av genmanipulering som finst.

Og det er dette som gjer namnet Monsanto så infisert, særleg i Europa, der majoriteten av veljarane er mot all form for genmanipulering, medan dei som meiner å representera rasjonaliteten og forskingsfronten, er djupt frustrerte over at dei ikkje kjem nokon veg. I Folkeopplysningen viste dei eit par døme: Norsk oppdrettslaks får i seg mindre og mindre Omega 3, det er knapt meir fôrressursar att å henta frå havet, noko som gjer at det vert mindre Omega 3 i oppdrettslaks. Det finst alternativ, genmanipulert plantefôr fylt med Omega 3, men det er heilt uaktuelt, fortalde ein representant for oppdrettsnæringa, for «det ville gå ut over merkevara norsk laks».

Bort med turrote

Poteter er vi nordmenn særs glade i, men det er eit stort problem med poteta, turrote, som gjer at norske og europeiske bønder må sprøyta særs mykje. Det er eit virus som overfør soppgen til potetene, denne overføringa skjer «naturleg». Men no har nederlandske forskarar overført gen frå villpoteter til kulturpoteter som gjer at turrote ikkje lenger er eit problem, og dimed trengst ikkje sprøyting med kjemikaliar i det heile teke. Denne overføringa skjer på lik line med poding «unaturleg», og norsk lovverk hindrar at desse sprøytefrie potetene kan takast i bruk i Noreg.

Så ja, genmanipulering kan gjera utruleg ting, men det kan òg føra til at heile Monsanto og med det kan henda Bayer altså bryt saman. Det handlar om glyfosat, eller Roundup, som vi har skrive om før på denne plassen, noko som førte til nokså mykje kritikk. Glyfosat er i utgangspunktet fine saker, det gjer mellom anna at bønder som bruker det, i liten grad treng å venda jorda. Jordvending fører til erosjon og er eit av dei største miljøproblema i verda; vi vil ikkje at jorda skal blåsa eller renna vekk. Glyfosat har difor i ein generasjon no vore det mest populære sprøytemiddelet som finst. I Noreg nyttar vi det òg mykje, men ikkje så mykje som andre stadar.

Gylfosat hindrar nemleg daninga av tryptofan, ei såkalla essensiell aminosyre. Vi menneske er heilt avhengige av tryptofan, men kroppen produserer det ikkje sjølv, så vi må få det utanfrå. I Noreg sprøyter vi dimed ikkje landbruksvekstar med glyfosat i sesongen, men nyttar det etter innhausting for å hindra daning av ugras. Dimed slepp til dømes kornbønder å pløya opp marka før ny såing. Og det er her Monstanto truleg har tabba seg ut.

Mistaket

Då glyfosat vart introdusert av Monsanto, var det som eit framsteg, som eit stoff som var mykje mindre farleg enn andre ugrasmiddel, ja, faktisk heilt ufarleg, så ufarleg at seljarane av stoffet drakk det i store dosar framfor bønder dei ville ha til å kjøpa glyfosat. Den negative merksemda var lita. Men så kom genteknologien. Då fekk forskarane på Monsanto ein idé. «Kva om vi lagar planter som er immune mot glyfosat, planter som danar tryptofan sjølv om vi sprøyter med Roundup?» Som sagt så gjort. Monsanto laga planter som tolte glyfosat, og dimed kunne bøndene sprøyta med det i vekstsesongen òg. (Her høyrer det med å nemna at glyfosat kan få opp farten på modning på slutten av vekstsesongen, dette til dei som har fått med seg at glyfosat har vore nytta i Noreg òg etter unntak.)

Men då sat Monsanto med ein for miljørørsla utoleleg kombinasjon: sprøytemiddel som dei generelt er mot, i kombinasjon med genmanipulering, som miljøvernarar verkeleg ikkje kan tola. Resultatet var i alle høve at den globale bruken av glyfosat gjekk rett opp, særleg i USA og det vi før kalla den tredje verda. I Europa vart kombinasjonen så upopulær at han knapt er i bruk, og dei fleste land i EU, etter at Brussel gav frå seg makta over regelverket for genmanipulering til einskildstatane, har no lagt ned forbod mot genmanipulert mat. Etter det meste å døma kjem EU sentralt om nokre år til å forby glyfosat totalt. Og hovudgrunnen til all merksemda glyfosat har fått, er altså at det kan nyttast i kombinasjon av med genmanipulerte kulturplanter.

Mykje profitt

Problemet til Monsanto er at dei er så dominerande. Sprøytemiddel har eit stort reguleringsregime, genmanipulering eit endå større. Dimed er det berre særs store selskap som kan halda på med slikt, av di kostnadene ved å kommersialisera nye produkt på området er så stort. Og med dominans på ein marknad kjem merksemd, både mot storleik og mot superprofitt. Glyfosat har etter kvart vorte dømt nord og ned av mange, særleg etter at bruken har vorte så omfattande, og det sjølv om dei fleste reguleringsstyresmakter har sagt at problema med stoffet er små, og at det i alle hovudsak er ufarleg for menneske.

Ein påstand har vore at glyfosat i store mengder kan føra til kreft. Mange forskingsprosjekt syner at det gjer glyfosat ikkje, og EUs kjemikalieregulator, ECHA, seier at glyfosat ikkje fører til kreft. Men i 2015 kom slaget frå Verdshelseorganisasjonen (WHO). IARC – WHOs og FNs samarbeidsorganisasjon mot kreft – kom til at glyfosat truleg er kreftframkallande. Dette galdt særleg for menneske som vart utsette for store doser av stoffet, til dømes gardbrukarar. Og kva slags gardbrukarar nyttar mest glyfosat? Dei som planter genmanipulerte frø. IARC og dimed WHO fann at det var «sufficient» – tilstrekkeleg – prov på at glyfosat i store mengder førte til kreft hjå dyr, men at risikoen var «avgrensa» hjå menneske, då sett bort frå når det galt Non-Hodgkins lymfom, som er utkontrollert vekst av lymfevev.

Det er denne siste påstanden som har råka Monsanto med full styrke. 7. juni i år hadde både amerikanske styresmakter og EU godkjent Bayers oppkjøp av Monsanto for 66 milliardar dollar og salet var endeleg. Bayer har truleg kjøpt den vidgjetne katten i sekken. For den 10. august, berre to månader etter at Bayer hadde teke over Monsanto og sagt dei ville avvikla det kontroversielle merkenamnet, kom ein jury i San Francisco til at Roundup truleg hadde gjeve Dewayne Johnson, ein skulegartnar, Non-Hodgkins lymfom. For å straffa Monsanto, noko dei i røynda ikkje gjorde, sidan dei opphavlege eigarane hadde selt alt, sa juryen at Bayer måtte betala Johnson 289 millionar dollar, 39 millionar for å gje han eit betre liv, 250 millonar for å straffa Monsanto. Johnson hadde truleg nytta Roundup 20–30 gonger i året for å drepa ugras på skulen han arbeidde på, og han hadde ved fleire høve fått stoffet over heile kroppen når det bles kraftig.

Mangel på truverd

No veit vi ikkje heilt kvifor juryen dømde som han gjorde, sidan medlemane ikkje må koma med ei utgreiing om kvifor. Men advokatane til Johnson gjorde mykje av saka til eit spørsmål om forskingsetikk og påverknad. Problemet ligg i at forskarar har avgrensa ressursar, medan store selskap har nær uendeleg med ressursar. Advokatane hevda at Monsanto hadde gjeve svært mykje pengar til forskarar, som så kom til at glyfosat ikkje var kreftframkallande hjå menneske. Ja, forskarar skal koma til dei same resultata uavhengig av kvar pengane kjem frå, men det er diverre gong på gong påvist at finansiering har noko å seia for resultat. Desse resultata vart så inkluderte i såkalla metastudiar, store gjennomgangar av ei rekkje forskingsresultat og -artiklar. Så konkluderte forskarane bak metastudiane med at glyfosat truleg ikkje var kreftframkallande hjå menneske. Og då sa styresmaktene det same. Slike studiar, hevda advokatane, førte så til at sånne som Johnson nytta store mengder glyfosat utan å vita at det kunne vera farleg.

Kort sagt: advokatane prova ikkje direkte at glyfosat er kreftframkallande, men dei øydela truverdet til Monsanto. Dessutan kunne dei gong på gong nytta det sterke truverdet til WHO til å hamra laus på Monsanto. No står ei mengd gruppesøksmål for tur mot Monsanto, som altså er Bayer, som straks og med ein gong opplevde eit fall i aksjane på 11 milliardar dollar.

Kva som skjer vidare, veit sjølvsagt ingen. Bayer har gjort det heilt klart at domen vert anka. IARC og dimed WHO står på si side heilt fast på evalueringa frå 2015, men det tyder ikkje at den evalueringa vil verta ståande evig, IARC har skifta meining før og skifter meining stadig vekk på grunnlag av nye forskingsresultat. Men frykta i Tyskland er sjølvsagt at Bayer kan enda som Johns-Maville, som byrja å laga asbest i 1880-åra. I 1982 gjekk selskapet konkurs, etter at det vart etablert ein samanheng mellom asbest og kreft. Då hjelper det ikkje at visse asbesttypar i ettertid har vorte frikjende. Men vert domen halden oppe, noko som igjen tyder at andre truleg òg vil få erstatning, har Bayer enorme problem. Dei som selde Monsanto og finansierte forskarane som sa glyfosat var ufarleg, kan derimot le heile vegen til banken.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som selde Monsanto og finansierte forskarane som sa glyfosat var ufarleg, kan le heile vegen til banken.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis