JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Kappløpet mot botnen

Regjeringa vil opne eit enormt havområde for gruvedrift. Ein varsla katastrofe, meiner forskingssjef Peter Haugan ved Havforskingsinstituttet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Økosystema i djupet av Norskehavet er dårleg kartlagde og rommar truleg mange artar som ikkje er oppdaga. Biletet viser noko av dyrelivet på botnen i nærleiken av Jan Mayen.

Foto: Senter for dyphavsforskning, Universitet i Bergen

10620
20230623
10620
20230623

Miljø

peranders@dagogtid.no

Det låg i korta kva konklusjonen skulle bli, og tysdag føremiddag kom stadfestinga. Regjeringa vil opne for leiting og utvinning av mineral på havbotnen i Norskehavet og Grønlandshavet. Området det gjeld, er 281.000 kvadratkilometer stort, større enn landarealet til Storbritannia. Det buktar seg langs den midtatlantiske ryggen, frå havet mellom Island og Noreg, forbi Jan Mayen og nordover på vestsida av Svalbard.

I dette kolossale området vil regjeringa late gruveselskap hente mineral frå havbotnen – under føresetnad av at det kan «skje på berekraftig og forsvarleg vis», som det heiter i stortingsmeldinga som kom tysdag. Mange tviler på at den føresetnaden er mogleg å oppfylle. Ein av dei er forskingssjef Peter M. Haugan ved Havforskingsinstituttet.

– Opningsvedtaket er ein varsla katastrofe, seier Haugan til Dag og Tid.

Skepsis

Vi kjem attende til Haugan etter kvart, men først litt om den internasjonale konteksten. Med dette opningsvedtaket plasserer Noreg seg heilt i front for utnytting av havbotnmineral. Ei rekkje statar er erklært skeptiske til slik gruvedrift, på grunn av farane for å skade økosystema på havbotnen, og EU-kommisjonen har tilrådd eit moratorium mot mineralutvinning i djupet.

Gruvedrift er ikkje berre ein trussel for dei artane som lever nett der ein grev eller borar etter mineral. Skyer av partiklar kan spreie seg langt frå utvinningsstaden og skade dyrelivet i vid omkrins. I tillegg er livet i djuphavet ekstra sårbart, fordi dei fleste artar veks sakte i det kalde vatnet.

Om det er teknisk mogleg å utvinne mineral utan å gjere stor skade på dyrelivet, er vanskeleg å seie, for enno har ingen kome i gang med kommersiell gruvedrift i djuphavet. Dette er ei næring som framleis er i startgropa.

Entusiasme

At det finst store mengder verdifulle metall og andre mineral på havbotnen i norsk økonomisk sone, verkar klart. Kartlegginga som Oljedirektoratet har drive på med sidan 2011, syner førekomstar av mellom anna kopar, sink, gull, sølv, kobolt, mangan, titan, vanadium og fleire såkalla sjeldne jordartar. For fleire av desse metalla kan førekomstane på norsk havbotn tilsvare fleire års forbruk i verda, trur direktoratet. Om dei kan utvinnast lønsamt frå opptil 3500 meters djup, er ei anna sak. Men regjeringa er svært optimistisk i stortingsmeldinga: «Noreg har alle føresetnader for å lykkast med å leggje til rette for ei slik næring», heiter det.

Etter oljen

Den særnorske entusiasmen for gruvedrift på havbotnen voks fram under Solberg-regjeringa, som fekk gjennom ei eiga havbotnminerallov i 2019. «Vi er i forkant av noe som kan bli en enorm industri sammen med og etter oljen», sa daverande statsminister Erna Solberg. Støre-regjeringa har halde fram i same spor, og det er Olje- og energidepartementet som er pådrivaren. Ifølgje Dagens Næringsliv har skepsisen vore langt større i Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet, som må forsvare opningsvedtaket i internasjonale samanhengar.

Men når mange andre land er så skeptiske, kvifor er den norske regjeringa så ivrig? Argumentasjonen til departementet følgjer kort fortalt tre spor:

1. Klima: På havbotnen finst det verdifulle mineral som mellom anna er viktige for det grøne skiftet, det vil seie stoff som trengst for å lage batteri og vindturbinar. Dette er hovudargumentet til regjeringa.

2. Geopolitikk: I dag står Kina og Russland for mykje av produksjonen av desse minerala, og dei kan vi ikkje stole på. Dessutan er det miljøproblem med mykje gruvedrift i andre land òg.

3. Pengar: Om minerala på havbotnen kan utvinnast lønsamt, kan det gje store økonomiske vinstar for Noreg. Blir dette ei stor næring, gjev det sysselsetjing, verdiskaping og store skatteinntekter for staten.

Alt dette høyrest jo bra ut. Men så er det denne vriene berekrafta.

Krasse brev

Det er ikkje berre WWF, Naturvernforbundet og Greenpeace som har protestert mot prosessen regjeringa har køyrt i denne saka. Da regjeringa sende konsekvensutgreiinga si om havbotnmineral og utkast til opningsvedtak ut på høyring i fjor haust, var svara frå fleire sentrale statlege institusjonar særs strenge.

Norsk polarinstitutt slo fast at det er mangel på kunnskap om havbotnen, artane og økosystema der, og skreiv: «Det vil ikke være mulig å igangsette forsvarlig aktivitet som foreslått før kunnskapsnivået er vesentlig forbedret.» Også Havforskingsinsituttet viste til «alvorlig kunnskapsmangel» om naturforholda, og felte ein hard dom: «Konsekvensutredningen (…) viser ikke forståelse for at denne kunnskapsmangelen gjør det umulig å vurdere konsekvenser av mineralutvinning objektivt.»

Den hardaste domen kom frå Miljødirektoratet, som meinte konsekvensutgreiinga var så mangelfull at ho ikkje var brukande som grunnlag for å vurdere opning for mineralverksemd. «Det er dermed ikke faglig og rettslig grunnlag for utkastet til beslutning», meinte Miljødirektoratet. Men Olje- og energidepartementet meinte altså noko anna. Og dette er den varsla katastrofen, slik forskingssjef Peter M. Haugan ved Havforskingsinstituttet ser det.

Ukjend grunn

–?Kunnskapen vår er slett ikkje god nok til å kunne opne desse områda for leiting og utvinning av mineral. Vi veit nesten ingenting. Vi ventar å finne nye og ukjende organismar i alle dei områda som er aktuelle for opning, seier Haugan.

Han undrar seg over tempoet og framgangsmåten til regjeringa i denne saka.

– Konsekvensutgreiinga var som kjent under all kritikk. Og at ein opnar så store områder for søknader med ein gong, er heilt i strid med praksis frå olje og gass, seier Haugan.

Han trur at denne avgjerda kjem til å undergrave Noregs omdøme som ein ansvarleg havnasjon med kunnskapsbasert forvalting. Haugan er sjølv leiar for ekspertgruppa til det internasjonale Havpanelet, som har vore eit prestisjeprosjekt for både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre, og skal «bidra til å bygge ein berekraftig havøkonomi globalt».

Tapt truverd

At Noreg opnar for mineralutvinning på havbotnen, går på truverdet laus, meiner Haugan.

–?Det er vanskeleg å forstå den politiske avveginga som er gjord. Noreg vel å ofre omdømet og posisjonen sin for ein høgst usikker sjanse for industrielle aktørar til å tene pengar. Det blir ei kjempestor utfordring å vedlikehalde inntrykket av at Noreg er ein en ansvarleg havnasjon etter dette, seier Haugan.

Han meiner hovudforklaringa til regjeringa på opninga for mineralutvinning ikkje står til truande .

– Historia om at dette trengst for det grøne skiftet, held ikkje, seier Haugan, og viser til ei nyleg publisert fråsegn frå det prestisjetunge Rådet for dei europeiske vitskapsakademia (European Academies Science Advisory Council).

Erklæringa vart lagd fram på verdas havdag 8. juni og åtvara ikkje berre om følgjene undersjøisk gruvedrift kan få for økosystema i havet. Vitskapsakademia utfordra òg påstanden om at mineral frå havbotnen er naudsynte for det grøne skiftet. Med meir resirkulering og tekniske nyvinningar kan dei framtidige behova for mineral vise seg å vere langt mindre enn det tilhengarane av gruvedrift i havet hevdar. Påstanden om at utvinning av havbotnmineral er miljøvenleg, er misvisande, heiter det i erklæringa.

Motiv

Det er òg verdt å merke seg at ei rekkje storselskap har erklært at dei ikkje vil nytte metall frå havbotnen i produkta sine. Blant dei er bilprodusentane Tesla, BMW, Volvo og Volkswagen, Google og elektronikkjempa Samsung.

Med alt dette som bakgrunn: Kva er så grunnen til at havnasjonen Noreg, som gjerne går i front for berekraft og miljø internasjonalt, vil risikere eit internasjonalt omdømetap ved å opne for gruvedrift i havet?

Det er ikkje dei store oljeselskapa som har vore pådrivarar. Equinor gav i januar klar beskjed om at havbotnmineral ikkje er noko selskapet vil satse på, og har meldt seg ut av Norsk forum for marine mineraler. Heller ikkje andre store aktørar på norsk sokkel ser ut til å vere særleg interesserte. Dei få norske selskapa som er etablert for å utvinne havbotnmineral, er førebels for skrivebordsprosjekt å rekne. Loke Minerals, det mest omtalte norske selskapet, har til dømes fem tilsette. Det blir det ikkje mykje lobbykraft av.

Offshore

Men norsk leverandørindustri er stor og tung, og kan ha mykje å hente om marin gruvedrift faktisk tek av. Om oljeselskapa ikkje vil finansiere gildet, må truleg staten bla opp, for her må det mykje teknologiutvikling til.

Eit mogleg frampeik på at staten kjem til å vere spandabel. Forskingsrådet gav i fjor 71 millionar kroner gjennom ordninga Grøn plattform til prosjektet «Havbunnsmineraler – Akselererer energiomstillingen». Prosjektet er leidd av miniselskapet Adepth Minerals (med fire tilsette), involverer ei rekkje forskingsinstitusjonar, og skal «etablere grunnlag for en helhetlig verdikjede for havbunnsmineraler».

Offshore Norge, som representerer både oljeselskapa og leverandørindustrien, er da òg svært positive til den marine mineralsatsinga. «Havbunnsmineraler kan bli et nytt stort industrieventyr på norsk sokkel», sa direktør (og tidlegare Høgre-statsråd) Anniken Hauglie i 2020. Det kan òg nemnast at det positive høyringssvaret Offshore Norge sende om havbotnmineral sist vinter var signert Torbjørn Giæver Eriksen, direktør for næringspolitikk – og tidlegare statsekretær for Ap. Og Håkon Knudsen Toven, samfunnskontakt med ansvar for havbotnmineral i Offshore Norge, er tidlegare sentralstyremedlem i AUF. Men kor viktig innsatsen deira var for at Ap-leiinga vart så positiv til havbotnmineral, er ikkje gjeve.

Grønt lys

Det som derimot er gjeve, er at regjeringa ikkje kan gå til venstre for å sikre fleirtal for å opne havet for mineralutvinning. Lars Haltbrekken i SV har kalla forslaget ein katastrofe, og også Raudt og MDG slakta det. Venstres Ola Elvestuen kalla det «et overgrep mot miljøet», medan Høgres Nikolai Astrup var avmålt i dei første kommentarane. Det einaste partiet som var ublanda positivt, var Framstegspartiet.

«Vi gir grønt lys til regjeringen, og håper de kommer direkte til oss for flertall», sa energi- og miljøpolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland, til Dagens Næringsliv. Om det blir utfallet, er ein sirkel slutta: Det var olje- og energiminister Terje Søviknes frå Frp som starta løpet mot opning for gruvedrift på havbotnen, da han sende ut havbotnminerallova på høyring i 2017.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kunnskapen vår er slett ikkje god nok til å kunne opne desse områda for leiting og utvinning av mineral.

Peter M. Haugan, forskingssjef ved HI

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis