Intervju
Nei til olje! Ja til olje!
Joe Biden, som ville ha ned oljeproduksjonen for å berga verda, er no desperat etter auka oljeproduksjon.
Tysdag talte Joe Biden til nasjonen. Han lovde å gjera sitt for at det amerikanske folket skulle få meir olje.
Foto: JONATHAN ERNST / REUTERS / NTB
Vi kan byrja med eit sitat: «Det er klart at dei verkelege problema i nasjonen vår er mykje djupare – djupare enn bensinkøar eller energimangel, djupare enn inflasjon og økonomisk tilbakegang. Og eg innser meir enn nokon gong som president at eg treng hjelp frå dykk. Så eg har kome til at eg vil tala direkte med dykk og lytta til dei amerikanske røystene.»
Nei, sitatet er ikkje frå Joe Bidens tale til det amerikanske folk tysdag. Det er frå Jimmy Carters mest vidgjetne tale, «krisetalen» som han heldt i 1979. Talen hjelpte ikkje. Men Biden er no – som Carter då – djupt uroleg for oljeprisen, inflasjonen og den fallande populariteten på meiningsmålingane. Difor kunngjorde han tysdag at 50 millionar fat no skulle sleppast ut frå dei statlege strategiske reservane, og det samstundes som han bed både Opec og amerikanske oljeprodusentar om å auka olje- og gassproduksjonen. Så mykje for den grøne vendinga. Oddvar Bjørgan er oljeanalytikar i meklarhuset Carnegie.
– Biden vil frigjera 50 millionar fat dei neste par månadene. Verda konsumerer 100 millionar fat i døgeret. Hjelper dette på oljeprisen?
– Nei, det trur eg ikkje. Vi såg at oljeprisen gjekk opp etter talen. Dei som handlar med olje, visste at dette ville koma. Dessutan hadde tappinga av den strategiske oljereserven alt byrja. Dei to siste vekene har den amerikanske regjeringa sleppt trer millionar fat i veka. På toppen av det heile er denne tappinga i røynda berre eit lån. Etter eit par månader må selskapa som får oljen, senda han attende til dei strategiske lagera.
– Då er det altså symbolpolitikk frå ein mann som har gjort sitt for å få ned den amerikanske oljeproduksjonen. Kvifor gjer Biden det likevel?
– Det «logiske» svaret er at rådgjevarane til Biden har fortalt han at høge bensinprisar er upopulært i USA. Dimed vil han syna veljarane at han gjer noko, at han har handlekraft. Men det står sjølvsagt i konflikt med at han i neste omgang vil redda «den kokande planeten», som han har snakka om. Om noko burde den «grøne» Biden ha lagt ei avgift på bensinprisen for å få ned forbruket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.