Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen
Poetisk rundgang
Krig og sensur kan føre til at du går deg vill.
Illustrasjon: May Linn Clement
Av og til viser det seg at eg har rett, utan at eg er stolt av det, og eg er iallfall ikkje glad for det no. Eg vil ikkje svartmåle livet i Russland. (Eg bur jo her, og det er mykje eg liker ved det.) Men no til dags treng ein ikkje vere spesielt vis for å spå at noko fælt vil skje.
For nokre veker sidan skreiv eg om russiske lyrikarar – om korleis fleire av dei no sit inne, saman med fleire og fleire andre politiske fangar. Å skrive og lese dikt utan å bli møtt med sensur har blitt vanskeleg, og tydelegvis blir det berre verre og verre. Ikkje før hadde eg sendt frå meg teksten, så blei Glickerij Ulunov, ei stjerne blant unge russiske poetar, arrestert i St. Petersburg.
Ulunov blei skulda for «å ha organisert aktivitet retta mot å oppmode til sjølvmord», og dikta hans fremma «sjølvmordsåtferd og seksuell perversitet blant ungdom», blei det sagt.
Den aktuelle paragrafen i den russiske straffelova er underleg. Journalistane kallar denne typen paragrafar «eksotiske», fordi dei sjeldan blir brukte, og det er vanskeleg å bevise noko basert på dei. Men denne paragrafen gav altså godt nok grunnlag til å sette ein person i varetekt i to månader.
Dette er vanleg praksis for russiske tryggingstenester i møte med ulike former for aktivisme: Dei fengslar deg for noko bagatellmessig, og mens du sit der og blir overvakt, leitar dei i det stille etter andre, meir alvorlege forhold å sikte deg for.
Derfor rekna eg straks med at dette ville skje med Ulunov, og dessverre tok eg ikkje feil. Han sit no i fengsel, og vi følger saka og ventar på korleis det går.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.