Kommentar
NHO drøymer om det norske Spotify
Noreg driv med olje og fisk. Svenskane driv med høgteknologi og erobrar verda. NHO vil at me skal bli som dei.
Den svenske appen Spotify gjekk med overskot for første gong i fjor. Valet mellom Equinor og Spotify er lett, meiner Sigurd Bjørnestad.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
I 2025 er den samla materielle velstanden i Noreg uverkeleg høg samanlikna med for 100–150 år sidan. Men uroa for framtida er framleis der, sjølv om ho er fjernare og har andre uttrykk enn i tidlegare tider.
I mange ordskifte, i mange rapportar og på mange seminar stiller ein spørsmålet: «Kva skal me leva av i framtida?» Eller for å ta den avanserte varianten: «Korleis skal me få økonomien til å veksa raskare?» Målet er å få endå fleire ting og tenester ut av arbeidskrafta, kapitalen og naturressursane me rår over.
Det siste året har det kome to tjukke rapportar om dette. I september i fjor vart Draghi-rapporten levert til EU. Italias tidlegare statsminister Mario Draghi hadde leia arbeidet med å greia ut Europas evne til å skapa høg økonomisk vekst.
Draghi trykte på alarmknappen. Bodskapen var at Europa sakkar akterut i høve til USA og Kina. Europa gjer det ikkje direkte dårleg, men dårlegare enn dei to andre. Meir forsking, mykje høgare investeringar, betre utdanning og tettare samarbeid i EU er naudsynt for å kutta avstanden.
Draghi på norsk
I august i år kom den norske varianten av Draghi-rapporten. NHO la fram rapporten med den talande tittelen «Veien til vekst».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.