Økonomi

Inflasjonen er attende

Ei globalisering i revers gjer det mykje vanskelegare å få ned inflasjonen.

I 1849, i ein freistnad på å få ned matvareprisane, oppheva det britiske parlamentet navigasjonslova, som hadde lagt ned forbod mot at andre enn britiske skip frakta varer til Storbritannia. Opphevinga vart ein suksess. Prisane gjekk ned. Det siste året har prisane på internasjonal skipsfrakt vorte mangedobla.
I 1849, i ein freistnad på å få ned matvareprisane, oppheva det britiske parlamentet navigasjonslova, som hadde lagt ned forbod mot at andre enn britiske skip frakta varer til Storbritannia. Opphevinga vart ein suksess. Prisane gjekk ned. Det siste året har prisane på internasjonal skipsfrakt vorte mangedobla.
Publisert

Den amerikanske banken Goldman Sachs (GS) vert ofte sitert i desse spaltene. Det er kan henda trøyttande, men det er ikkje til å koma forbi at sidan banken har verdas best betalte og velrenommerte analytikarar, vert rapportane deira om ikkje lesne som ein fasit om framtida, så med høg interesse i sentralbankar og finansdepartement verda over. I starten av veka kom GS med ein rapport om kva som skjer i Europa om Russland kuttar ut all gasseksport til EU.

Tala er sterke. GS nyttar Italia som eit konkret døme, men i det store og heile gjeld framskrivingane for alle land i det opphavlege EU. Hausten 2020 var den årlege kraftrekninga for eit gjennomsnittleg italiensk hushald på 5000 kroner. I tillegg betalte dei 9500 for gass, som gjekk til oppvarming og matlaging. Den årlege energirekninga var altså på 14.500 kroner. No er den same rekninga komen opp i 34.000 kroner.

Forsvinn den russiske gassen heilt, trur GS, går den noverande rekninga opp med 65 prosent og endar på 57.000 kroner. Den ekstreme inflasjonen er ikkje komen av «normale» årsaker; dette er ikkje inflasjon forårsaka av auka offentleg eller privat forbruk. Italienarane er dei fremste spararane i EU. Sidan dei ikkje får meir enn 1,2 born i gjennomsnitt, sparar dei så godt dei kan til alderdomen. Og det er lenge sidan italienske regjeringar pøste på med nye utgifter. Den italienske staten er blakk, naturleg nok, sidan den offentlege gjelda er på 150 prosent av BNP.

I revers

Denne inflasjonen kjem av di globaliseringa har gått i revers. Putin ser på EU og Vesten som fienden. Han har gått lenger enn nokon generalsekretær i Sovjetunionen nokon gong gjorde. Putin har brote energikontraktar Russland har inngått med vestlege aktørar.

Italia og EU er ikkje åleine om å oppleva denne energiinflasjonen, som gjev seg utslag over heile fjøla. Mat vert dyrare, nye hus og vegar vert dyrare, ja, nesten alt vert dyrare av di energi er hjørnesteinen i så godt som alt vi ynskjer å kjøpa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement