JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Utopistane

Om Miljøpartiet Dei Grøne får gjennomslag for stortingsprogrammet sitt, vil Noreg få dramatisk mykje høgre CO2-utslepp på ei rekkje ulike område dei komande tiåra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rasmus Hansson då han la fram det alternative statsbudsjettet til Miljøpartiet Dei Grøne i fjor. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

11000
20170310

Miljøpartiet
Dei Grøne

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er eit venstreorientert parti som vart skipa den 29. oktober 1988. MDGs mål er ”et medmenneskelig samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnes sunne økologiske prinsipper, og fremme fred og rettferdighet både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressurser er en forutsetning for å nå målet.”

Partiet er særleg populært mellom journalistar og akademikarar.

Partiet har ei von om å koma inn med éin representant frå Oslo ved stortingsvalet.

Melding

jon@dagogtid.no

Fyrst ei åtvaring: For nokre dagar sidan kom eg i snakk med ein sentral dansk politikar som har vore statsråd i mange år, med særleg ansvar for klima. Då eg ymta frampå om at dansk klimapolitikk var dyr og lite produktiv, vart han så irritert at han kalla meg ein «reaksjonær klimasatanist». No veit de kva slags fyr som skal melda stortingsprogrammet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Det kjennest nesten litt feil å leggja fakta til grunn når eg skal skriva om MDG. Miljørøsla har tradisjonelt vore noko anna, eit slags alternativ som ikkje er underlagt universelle reglar om økonomi, natur og realfag. Og jau då, då eg byrja å lesa, fekk eg nokså snøgt ei god kjensle inni meg. Det er så mykje snakk om fritid, samarbeid, krinslaup og det å vera glade i medmenneske, at eg fekk lyst til å flytta heim og dyrka marka og grilla fisk i fjøra. Den personen som har skrive innleiinga, er ein verkeleg god skrivar som straks og med ein gong bør verta tilsett som språkkonsulent i Det Norske Bibelselskap.

Særleg likte eg delen der det står om at vi skal få stadig meir fritid. Eg er ein av mange som liker fritid, for då kan eg som sagt grilla fisk i fjøra. Det kjem neppe som ei overrasking at MDG er for fritid og mot økonomisk vekst; partiet er tufta på det. Men det er ei bakside med det å vera mot økonomisk vekst og for fritid: Det fører til at verdiskapinga (BNP) vert mykje mindre, og vert BNP mindre, vert statsbudsjettet mindre, til dels dramatisk mykje mindre. Eit parti som er mot økonomisk vekst, må per definisjon vera eit kuttparti. Difor venta eg å finna ei rekkje framlegg til kutt over statsbudsjettet då eg tok til å lesa om kva MDG konkret vil gjera i neste stortingsperiode. Eg fann knapt kutt. Derimot fann eg ei rekkje framlegg om å auka bruken av pengar over statsbudsjettet.

Ynskelista

Nokre enkle døme: MDG skriv at dei «i neste stortingsperiode (vil) prioritere grønn omstilling fremfor store utvidelser av velferdsstaten». Så kjem dette, og vi siterer: MDG vil «Øke kommunenens økonomisk handlingsrom og grensene for kommunenes egne skatteinntekter. (…) Gi frivillige organisasjoner fullt fradrag for merverdiavgift. (…) Øke skattefradraget for gaver til frivillige organisasjoner. (…) føre en politikk som gjør det mulig for alle å leie eller eie en bolig til overkommelig pris med god bokvalitet. (…) Sørge for nok barnehageplasser for dem som ønsker det, med løpende opptak etter at barnet har fylt ett år. (…) Øke andelen barnehagelærere i barnehagen. (…) Øke nivået på studiestøtten. (…) Åpne for uføretrygd i mindre brøker enn 50 prosent. (…) Arbeide for en nasjonal minstenorm for sosialhjelp. (…) Sikre barn i Norge et liv uten fattigdom. (…) ansette flere psykologer og andre offentlige godkjente terapeuter i kommuner og helsetjenester. (…) Overføre omsorgsansvaret for enslige mindreårige asylsøkere mellom 15 og 18 år til barnevernet (…) Sikre selvstendige næringsdrivende samme tilgang på sosiale rettigheter som det arbeidstakere har.»

Eg kunne ha gjort lista mykje lengre, men det er ikkje noko poeng i det. Poenget er at MDG går inn for ei sterk utviding av velferdsstaten, og det altså på felt etter felt. For å konkludera om det som ikkje er direkte realtert til miljø: MDG vil ha mykje meir fritid, mykje mindre verdiskaping og ein mykje større velferdsstat.

Sånn, då kan vi snakka om det dei verkeleg bryr seg om: klimaet. Eller meir presist: Dei seier at dei bryr seg om klimaet, men ei rekkje av tiltaka dei vil ha gjennomført, er alt anna enn klimavenlege. Og det burde forfattarane av programframlegget visst, for faktagrunnlaget for ein betre norsk klimapolitikk er etter kvart vorte stort og vidt.

Tog her og tog der

Lat oss snakka om tog: Alle parti er for tog, men få er meir opptekne av tog enn MDG. Eg kjem aldri til å forstå kvifor tog har vorte ei så heilag ku i Noreg. Tog er for urbane strok med mykje folk. Noreg har med unnatak av Stor-Oslo ikkje område som eignar seg for skinnegang i eit miljøperspektiv. Vi er altfor få her til lands til at tog kan løna seg eller gje eit tilskot til rask og sterk nedgang i klimautsleppa. MDG nektar å taka denne heilt enkle og innlysande innsikta inn over seg.

MDG skriv dette om klimaet: «De neste fem til ti årene er kanskje vår siste mulighet til å stanse utviklingen.» Klimakutta må altså byrja straks og med ein gong. MDG vil samstundes «redusere reisetiden med tog mellom Oslo-Bergen og Oslo-Trondheim til maks fire timer» og «bygge ut høyhastighetsbane mellom de store byene». Det finst vel knapt noko som er meir ugreitt enn snøggtog mellom byane. Den siste utgreiinga synet at det vil koma kostnader i billionklassa ved ei slik utbygging, og at klimaeffekten er sterkt negativ. Økonomiprofessor Steinar Strøm hadde ansvaret for å kvalitetssikra utgreiinga. Han skreiv mellom anna dette: «En høyhastighetsbane kan ikke ha sterkere stigning enn 12,5 promille, noe som betyr lange rette strekninger og massevis av tunneler. Høyhastighetsbaner i Norge ville ha gjort Sør-Norge til verdens største undergrunnsmetro. De mange og lange tunneler (tunnelandeler mellom 40% og 65%) krever mye sement og betong, noe som også innebærer at det akkumulerte utslipp av CO2 for flere av strekningene vil i mange ti-år være høyere enn i flyalternativene. Utslippene av CO2 skyldes i hovedsak utslippene knyttet til produksjon av sement og betong. I tillegg kommer utslipp knyttet til driften av togene (bruk av elektrisitet i et nordisk marked). I motsetning til hva mange har trodd så er høyhastighetsbaner ikke miljøvennlige.»

Nektar å høyra etter

Det er dokumentert bortanfor all tvil at snøggtog har ein negativ klimaeffekt. Også Asplan Viak analyserte klimutsleppa for Jernbaneverket. Dei konkluderte med at ei slik utbygging ville føra med seg eit langt høgre CO2-utslepp dei neste 60 åra enn det vi har i dag. Ei snøggtogutbygging av Bergensbanen ville ha ein negativ klimaverdi i opp mot 100 år. Samstundes skriv MDG at dei vil «Stille krav om fossilfri anleggsdrift i offentlige byggeprosjekter og stille krav om nullutslipp innen 2025». Sant å seia forstår eg ikkje kva MDG seier her. 57 prosent av tida må snøggtog gå i tunnel. For å få laga slike tunnelar må ein nytta enorme dieseldrivne bor og massivt med sement, betong og jern. Å produsera slik generer per definisjon ekstreme mengder CO2. Om MDG hadde meint alvor med å få ned CO2-usleppa, hadde dei måtte ofra togentusiasmen, men det er dei altså ikkje viljuge til.

Denne uviljen mot å sjå på faktum og vitskap avgrensar seg ikkje til tog. På ei rekkje område har MDG alternative idear til det vi veit og til vitskapen. Det er mange gode argument for norsk landbruk, særleg den låge bruken av antibiotika, men i eit klimaperspektiv er produksjon av norsk mat ikkje lurt. Vi har ein svært kort vekstsesong som krev store areal. Difor har vi hogd ned store område med skog og drenert myr i fleire hundre år. I eit klimaperspektiv burde vi ha importert mat produsert nær ekvator, og late skogen og myra taka over dyrkamarka. Der er ikkje MDG. Dei vil ha høge tollmurar og økologisk matproduksjon, som krev mykje støre område med dyrka mark enn konvensjonelt landbruk: MDG vil «stille krav om 50 prosent økologisk eller lokalprodusert mat i offentlige matinnkjøp» og «sikre rimelige inntekter til bøndene, hovedsaklig finansiert ved prisen på produktene ved et sterkt tollvern».

Som svar på kritikken min vil dei visa til denne passasjen i programmet: MDG vil «gjøre landbruket fossilfritt innen 2030, blant annet ved å sikre gunstig pris på innkjøp av biodrivstoff». Der sa dei det – biodrivstoffordet. Også her er forskingslitteraturen svær. Dersom vi har eit perspektiv på under 100 år, er biodrivstoff svært uheldig. MDG ignorer dette: «Alt som kan lages av olje, kan lages av trær. I det grønne skiftet blir skogens rolle viktigere.» MDG vil «utvikle en programmessig satsing på bioraffinering av de ulike fraksjonene fra biologisk ressurser i skog». Lesarane er sikkert trøytte av masinga mi om skog, men lat meg ein siste gong få sitera den største norske utgreiinga om biodrivstoff frå skog, frå Klima- og forureiningsdirektoratet: «Avvirkning i skogen og bruk av trevirke til å erstatte fossilt karbon gir en lang periode med økte konsentrasjoner av klimagasser i atmosfæren. Tilbakebetalingstiden er beregnet til 90 år, og trolig vesentlig lenger ved permanent økt avvirkning i forhold til dagens nivå». Det er omtrent i denne tidsskalaen forskarane fryktar global oppvarming, altså 100–200 år.

Snart tomt for litium

Om det var klimaet MDG var oppteke av, burde dei i staden for å hogga skog, betalt bøndene for å planta sitkagran på eigedomane sine. Sitkagrana veks i hundrevis av år. Om bøndene fekk betalt for å setja ut denne i staden for å dyrka, ville dei samla norske klimautsleppa snøgt gå i null.

No er det sjølvsagt heilt urealistisk å leggja ned norsk landbruk, og takk og lov for det, men det er verkeleg underleg å lesa programmet til eit parti som kallar seg Miljøpartiet Dei Grøne, og vita at massivt med forsking viser at det dei går inn for, vil føra til høgre utslepp. Det er òg underleg å lesa kor sterk motstand dei har mot gruvedrift. Skal MDG lukkast med det dei er laga for, må dei mellom anna få nordmenn over på batteritransport, og ja, MDG er for batteri; vi skal ha mellom anna få ein utsleppsfri sjøtransportsektor. Men batteri er laga av noko, og dette noko får vi mellom anna frå gruvedrift. Litiumbatteria krev store mengder sjeldne metall. Her er vi framme ved eit anna paradoks: Tesla byggjer i dag ein svær litiumbatterifabrikk. Gongar vi denne med 100, viser amerikanske utgreiingar, har verda berre nok påviste litiumreservar att – 13,5 millionar tonn – til produksjon i 17 år. Det skal ikkje vera lett.

Ein seriøs klimapolitikk krev mellom anna at vi sluttar med store infrastrukturprosjekt og lèt skogen stå. MDG er ikkje der. Det er liten tvil om at MDG har vorte eit meir profesjonelt parti. Mykje av anarkismen i førre program er bytta ut med meir tradisjonelle synspunkt. Nesten alle parti er no glade i tog, batteriproduksjon, norsk landbruk og skogshogst. Det er også MDG, men då forsvinn litt av vitsen med partiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kjem aldri til å

forstå kvifor tog

har vorte ei så heilag

ku i Noreg,

for tog er for urbane

strok med mykje folk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis