Kommentar

Harar og skjelpadder på Løvebakken

Omstillingskommisjonen blir ein testbrønn. Skal makta rå, eller skal politikken utformast i eit ope ordskifte der dei beste argumenta vinn?

Partileiar i MDG Arild Hermstad og nestleiar Ingrid Liland presenterer det alternative budsjettet sitt 14. november 2025.
Publisert Sist oppdatert

Er omstillingskommisjonen Miljøpartiet Dei Grøne fekk sett ned, lite verd? Eller vil han kunne bety ein heil del? Etter budsjettforhandlingane og MDG-krav om ny oljepolitikk ser mange på MDG som taparane. Det vart mykje skrik og ikkje meir ull enn eit ullent utval.

Men dei som avfeiar kommisjonen etter at budsjettforhandlingane til slutt kom i hamn, kan gjere det for lett for seg. Korleis skal vi forstå dette omstillingsutvalet, og kva får det å seie?

Vona til MDG

I Tyskland sette dei i 2018 ned ein kommisjon for vekst, strukturendring og sysselsetting for å fase ut kolet. Utfasinga vart ikkje overlaten til marknaden. Kommisjonen sette klåre mål for ulike periodar, og ein sluttdato vart slått fast – 2038. 

Som medlemmar hadde kommisjonen med både tidlegare politikarar, fagfolk, representantar frå arbeids- og næringslivet og folk i miljørørsla. Det vart lagt stor vekt på sosial og økonomisk støtte i utsette område. 

Miljørørsla meinte det vart for defensivt – både mandatet til kommisjonen og konklusjonane. Men Sosialdemokratane og Kristendemokratane støtta tilrådingane frå utvalet, og dåverande kanslar Angela Merkel gjennomførte forslaga.

Ein liknande prosess i Noreg er det MDG voner på, og den norske kommisjonen vil likne den tyske.

God og dårleg bruk av utval

At gode utgreiingar skal bli verksam politikk, føreset opne politikarar som er samde om måla.

At gode utgreiingar skal bli verksam politikk, føreset opne politikarar som er samde om måla. Mandata som slår fast kva utvala skal greie ut, er viktige. Stundom vert mandata for sterkt farga av politiske ønske om å vri resultata i ein bestemt politisk retning.

Det er til dømes ein pinleg del av norsk forvaltningshistorie at ulike politiske fleirtal i løpet av kort tid sette ned to ulike utval for å greie ut om rolla til kommersielle verksemder i velferdsstaten. Mandata vart for politiserte i staden for opne og spørjande. Dei to utgreiingane om det same var ferdige i 2020 og 2024.

Av og til kjem det gode utgreiingar som nærast forsvinn straks utvala har gitt det årelange arbeidet sitt til ministrane, sjølv om det var dei same politikarane som utforma mandatet. 

Slik var det med det siste EØS-utvalet vi hadde. I 2024 kom utvalet med konklusjonar Senterpartiet ikkje likte, til dømes at alternativa til EØS utanom medlemskap i EU var lite haldbare – i skuffa med den utgreiinga. 

På same måte gav Klimautvalet i 2023 klåre råd som ikkje passa eit arbeidarparti som allereie stod i full spagat i oljepolitikken.

Men kunnskapen lever jo sitt eige liv og lar seg ikkje stoppe av ei departementsskuffe. Etter at dei to sistnemnde utvala nærast vart forsøkt tagde i hel, kjem mange poeng dei hadde, no fram igjen i diskusjonar om EØS og om klima og olje.

Spel- eller semjeorientering

Altså vert utvalsarbeid av og til forsøkt gjort usynleg av politikarane, andre gonger er innverknaden stor. Kva vert lagnaden til omstillingsutvalet? For å vurdere det høver det å trekkje inn vår tids kanskje viktigaste sosiolog og politiske tenkar, vil eg meine: tyske Jürgen Habermas, som no er 96 år. Hovudpoenget hans er at både i kvardagslivet og i politikken må vi lene oss mot ei tiltru til at vi faktisk vil forstå kvarandre og prøve å bli samde.

Eit grunnleggjande skilje gjeld at kommunikasjonen både i sosialt liv og i politikken inneheld oppbyggjelege som nedbrytande element. Det finst spel og maktkamp, og det finst sannferdige forsøk på å oppnå semje. Utan det siste mistar kommunikasjonen sin verdi. 

Lat oss kalle spelet det strategiske elementet, og det at vi vil søke konstruktive løysingar, det semjeorienterte elementet. Min påstand er at det semjeorienterte elementet i politikken for lett vert oversett.

Det som kjenneteiknar utval, er at dei nettopp har ein semjeorientert natur. Heile poenget med dei er at det strategiske elementet vert redusert. Haldninga om at ein gjer ein felles innsats for å finne sanning, og kanskje til slutt oppnå konsensus, skal råde.

Amatørar?

Den politiske analysen frå kommentatorar har nesten berre sett budsjettforhandlingane i lys av det strategiske elementet – nokre var gode i spelet, andre fall igjennom. 

Og når politikk vert redusert til å berre vere spel, vert Senterpartiet, som Gunnar Stavrum i Nettavisen skreiv, årets hestehandlar og vinnar. Motsett for MDG. Til dømes såg Hanne Skartveit i VG på MDG som reine amatørar: «MDGs håndtering kan skrives på kontoen for nybegynnere på forhandlingsskolen.»

No trur eg nok det er lett å undervurdere dei strategiske evnene i MDG. Det kan jo vere at partiet har ein strategi som er meir langsiktig. Dersom MDG hadde sett hardt mot hardt og felt Støre-regjeringa, var risikoen stor for at dei arta seg som røyndomsfjerne miljøfundamentalistar. Dei ville raskt mista mange nykomne miljømoderate veljarar. Men eventuelt å setje ned ein klimagrensestolpe etter først å ha synt seg som pragmatiske, vil vere annleis.

Sett i spelperspektivet vil dei positive signala som til no har kome frå oljesektoren om kommisjonen, vise at då må jo dette vere eit tap for «motstandaren» MDG. Men med blikket mot det semjeorienterte ved politiske prosessar kan det same derimot vere gunstig for miljørørsla: Her er det rom for ein konstruktiv prosess.

Striden om oljelandets framtid

Dei kaotiske budsjettforhandlingane gav ein forsmak på ein større strid om oljelandets framtid. Så store politiske spørsmål kan ikkje avgjerast i nattlege forhandlingar og med brå omveltingar. Det heile må skje i langsamt tempo. Håpet til miljørørsla må vere at gradvis vil fleire kunne sjå at somme grep er naudsynte. Då tel det med små skritt om gongen, så lenge dei går i rett retning.

Slik Universitetet i Stavanger-rektor og oljeekspert Klaus Mohn sa til denne avisa sist veke, kan politikarane verte for opportunistisk opptekne av klimapolitiske konjunkturar. Dei gløymer den klimalova dei sjølv har vedteke.

Med utvalet vil dei mest opportunistiske elementa vere luka ut. Og fordi dette utvalet no er gitt ei rolle i det komande oppgjeret om oljelandets framtid, vil ikkje miljøministeren berre kunne leggje konklusjonane i ei skuffe og vone at ingen ser det. Då vil regjeringa fort ryke.

Så ja, den gjengse analysen har vore at på Stortinget liknar Senterpartiet ein spretten kvikkashare i løpskonkurranse med ei MDG-skjelpadde som har litt tungt for det. 

Men vi skal ikkje sjå bort frå at det vil vere verksam politisk kraft i dei konklusjonane omstillingskommisjonen kjem fram til. Kven veit om ikkje ein semjeorientert skjelpaddestrategi er den beste for å få til ei krevjande, men naudsynt klimapolitisk omstilling.

Offentlege utgreiingar det er vist til: Velferdstenesteutvala (NOU 2020: 13 og NOU 2024: 17), EØS-utvalet (NOU 2024: 7) og Klimautvalet (NOU 2023: 25)