JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Geografisk retrett for menneskerettane?

Ambisjonane er senka i Strasbourg. Dei europeiske menneskerettane gjeld berre i Europa – eit Europa utan Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forholda i leirane for IS-medlemer og familiane deira i Syria er fryktelege. Men kva rettar har dei europeiske statsborgarane som sit fanga der? Biletet er teke i Al-Hol-leiren 26. august i år.

Foto: Orhan Qereman / Reuters / NTB

9585
20220916
9585
20220916

Etterkrigstida i Europa er over. Kreml sette strek for den epoken då Russland invaderte Ukraina i februar og med det reintroduserte landkrig mellom nasjonar som politisk verktøy i Europa. Denne veka kom to viktige verknader av den nye tida for dei europeiske menneskerettane. Etter tre tiår med formidabel ekspansjon og høge ambisjonar om verknader ut over Europa, ser det ut til at dei europeiske menneskerettane går inn i ein fase med geografisk tilbaketrekking.

Etter denne veka er Russland ikkje lenger medlem av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Dagen etter invasjonen i Ukraina vart Russland suspendert frå Europarådet, og tre veker seinare trekte Russland seg frå rådet. Berre i 2021 vart det fremja over 2000 saker for Den europeiske domstolen EMD mot Russland for menneskerettsbrot i Ukraina, og etter invasjonen tydde ukrainarane òg til EMD. Russland fekk fleire raske avgjerder mot seg for brot på menneskerettane i Ukraina, og i juni svara Russland på tiltale. Då vedtok det russiske parlamentet ei lov som trekte attende Russlands ratifikasjon av EMK. Uttrekket fekk effekt den 16. september. Verken Den europeiske menneskerettskonvensjonen eller domstolen gjeld lenger i og for Russland.

IS-kvinner

Denne veka fekk vi også ei anna klargjering som avgrensar EMK geografisk. Storkammeret til Den europeiske menneskerettsdomstolen, som er domstolens høgste instans, der 17 dommarar sit saman, kom 14. september med ei viktig prinsipiell avgjerd om EMK og vern av europeiske borgarar i krigsfangenskap i Syria. Saka H.F. med fleire mot Frankrike dreier seg om to franske IS-kvinner og borna dei har fødd i IS-område. Dei er internerte i leirar i Syria, men ynskjer å vende attende til Frankrike. I Paris har førespurnaden om repatriering frå foreldra til kvinnene ikkje vorte handsama. Den franske staten har argumentert med at Frankrike ikkje har plikt til å leggje til rette for at dei franske borgarane kan kome attende til Frankrike.

IS-kvinnene og borna deira har vorte internerte i leirar i Al-Hol og Al-Ruj i Nordaust-Syria. Dei er franske statsborgarar, men utanfor l’espace juridique – altså det geografiske verkeområdet – til EMK. Begge kvinnene har arrestordre på seg i Frankrike for tilknytinga si til terrororganisasjonen IS. Spørsmålet for domstolen var om statsborgarskapen til kvinnene og borna inneber at Frankrike har plikt til å repatriere dei (hente dei heim) for å verne dei mot alvorlege brot på menneskerettane i interneringsleirane i Syria.

Apokalyptisk

I dag skal det òg sitje fire norske kvinner med sine fire born i desse leirane. Under domsbehandlinga i Strasbourg har Noreg som ein av seks andre europeiske nasjonar komme med tredjepartsinnlegg for domstolen, der Noreg har presentert si tolking av konvensjonen. I dommen gjev storkammeret ei rettsleg bindande tolking av EMK på dette temaet, og dommen kan derfor også få følgjer for stillinga til dei norske IS-kvinnene i Syria.

Det er ikkje tvil om at forholda i leirane i Nordaust-Syria er forferdelege. I 2019 sat 70.000 menneske i noko som i realiteten er interneringsleirar med «fiendtleg befolkning» frå IS’ område etter at desse vart gjenerobra med utanlandsk militær hjelp – inkludert franske og norske bidrag – i 2017 og 2018. Rundt 2/3 av dei internerte er born. Av 517 dødsfall i leiren i 2019, var heile 371 born. Leiaren av Den regionale internasjonale raudekrosskomiteen omtala då forholda i leirane som «apokalyptiske». Under pandemien i 2020 meinte humanitære organisasjonar at talet på dødsfall blant born i leirane var tredobla.

Domstolen tok i denne saka prinsipiell stilling til kva effekt statsborgarskap har når slike alvorlege brot på menneskerettane føregår utanfor Europa, men ofra er europearar. Det første spørsmålet var om ein europeisk stat har plikt til å gjere det han kan (i praksis få heim borgarane) for å verne dei mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling etter konvensjonens artikkel 3 – den såkalla tortur-artikkelen, også når overgrepa skjer utanfor Europa.

Ikkje plikt

Storkammeret sitt svar var klart: Den europeiske menneskerettskonvensjonens artikkel gjeld ikkje utanfor Europa i slike saker, og Frankrike har derfor ikkje plikt under EMK til å gjere det staten kan for å hente kvinnene og borna heim for å verne dei mot umenneskeleg behandling i leirane i Syria, sjølv om dei er europeiske statsborgarar.

Her legg domstolen seg på ei svært prinsipiell linje. Det er i Europa konvensjonen gjev rettar til individ og plikter til statsmaktene. Domstolen har ein lang tradisjon for å sjå på statsborgarskap som irrelevant når det gjeld vern mot umenneskeleg og nedverdigande behandling eller tortur under artikkel 3. Den tolkinga ligg fast. Dei siste to tiåra har domstolen lagt til grunn at artikkel 3 gjev vern for alle som er i Europa mot utvisning til land der ein risikerer tortur.

Med denne avgjerda stadfestar domstolen at denne tolkinga er gjennomgåande. Det er ikkje kven du er, men kvar du er, som gjev deg vern mot tortur og umenneskeleg behandling under konvensjonen.

Eksilet

Det andre spørsmålet for domstolen var om Frankrike hadde brote EMKs vern mot tvungen eksil. Både under den europeiske konvensjonen og i folkeretten generelt er det forbode for ein stat å nekte eigne statsborgarar innreise i landet. Her kom domstolen med to svar. For det første slo storkammeret fast at forbodet mot tvungen eksil ikkje inneber at staten aktivt må bidra til å repatriere statsborgarar. Heller ikkje vern mot tvungen eksil gjer at staten har plikt til å hjelpe deg heim.

Men så kom den andre konklusjonen. Storkammeret kom òg til at i nokre heilt særeigne unntakstilfelle har ein europeisk stat likevel plikt til å gjere noko for å unngå at eigne statsborgarar i praksis hamnar i tvungen eksil. Domstolen gjekk gjennom situasjonen for dei europeiske kvinnene i Nordaust-Syria og konkluderte med at dette var nett eit slikt særleg unntakstilfelle. Momenta som domstolen trekte fram, var at i leirane i Syria er det berre humanitærretten som gjev vern til kvinnene og borna, og humanitærretten vert ikkje respektert her. Under Genève-konvensjonane har alle statar plikt til å medverke til at konvensjonen ikkje vert broten. Det er noko av den same mekanismen som gjer at Noreg kan straffe russiske soldatar for krigsbrot som er utførte i Ukraina mot ukrainarar.

Domstolen la vekt på at ingen domstol kan dømme kvinnene i leirane, og det er ikkje utsikter til at nokon vil verte ført for retten i framtida heller. I Frankrike er det samstundes arrestordre på kvinnene, og dei vil verte gjenstand for rettsprosessar. Slik er det i Noreg òg, sjølv om lagmannsretten i vår, i saka om den norske IS-kvinna, har opna for at IS-kvinner kan gå fri om dei er offer for menneskehandel.

Felte Frankrike

Storkammeret la òg vekt på at dei kurdiske styresmaktene har bede europeiske statar om å repatriere sine eigne statsborgarar. Det same har nær sagt alle internasjonale og regionale organisasjonar som har med menneskerettar og humanitære saker å gjere. Domstolen la òg vekt på at kvinnene ikkje kan forlate leirane utan at eigen stat gjer noko, at Frankrike har uttala at franske born i Syria og Irak har rett til vern frå franske styresmakter, og at farane som kvinnene og borna er utsette for i leirane, er svært alvorlege.

EMD kom derfor til at i saka som gjeld franske kvinner og born i interneringsleirar i Nordaust-Syria, har den franske stat ei viss plikt til å gjere noko aktivt for å hindre at kvinnene og borna i praksis vert verande i tvungen eksil under umenneskelege forhold.

Men så kom tvisten. Dom­-
stolen dømde Frankrike for brot på EMK, men det var ikkje fordi Frankrike ikkje hadde verna kvinnene og borna mot tvungen eksil under apokalyptiske forhold og ikkje teke dei heim. Domstolen valde å ta saka i prosessuell retning. Frankrike vart dømt fordi sakshandsaminga frå styresmaktene i Europa ikkje var god nok til å sikre kvinnene og borna mot vilkårlegheit i sakshandsaminga.

Det som må betrast, er måten europeiske statar handsamar desse sakene på, når kvinnene bed om å få kome heim. At somme får hjelp til å kome heim til Europa, medan andre ikkje får det, må grunngjevast betre og i tråd med menneskerettane i Europa.

Realisme

Sjølv om Frankrike vart dømd i saka, er det altså ikkje fordi kvinnene og borna «skulle vore henta heim» som fylgje av dei umenneskelege forholda der ute, men fordi sakshandsaminga i Europa er for dårleg, og fordi Frankrike burde hatt ei betre grunngjeving for kvifor desse kvinnene og borna ikkje får kome attende.

Dommen mot Frankrike gjer truleg at fleire av dei europeiske statane som ikkje alt har henta heim sine statsborgarar frå Syria (mellom dei Noreg), vil velje å gjere det. For mellom linene oppfordrar domstolen statane til å hente heim statsborgarar som er i desse leirane, fordi levevilkåra der er så ille og uverdige.

Likevel er altså avgjerda frå storkammeret i EMD atterhalden i tolkinga si. Dommen er gjennomsyra av eit konservativt syn på kvar EMK gjeld, og altså i det store og heile i tråd med Noregs tredjepartsinnlegg i saka. Det er i Europa – og no altså eit Europa utan Russland – at dei europeiske menneskerettane gjeld. Geografien (og realismen) er for alvor attende i Strasbourg.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje kven du er, men kvar du er, som gjev deg vern mot tortur og umenneskeleg behandling.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis