Frå matfatet
Genmodifisering kjem nærare
Eit vakse direktiv har endeleg fått kome inn i varmen.
Eide i EU: Utanriksminister Espen Barth Eide er ofte i Brussel. No gler han seg over å ha fått unna endå eit EU-direktiv.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Det blir veldig fint å få unna.» I skuggen av stortingsvalet var det slik utanriksminister Espen Barth Eide valde å presentere at han og regjeringa bestemde seg for å innføre reglane til EU kring genmodifisert mat.
Direktivet har lege på bordet til alle regjeringar sidan 2003 utan å verte verken avvist eller innført, og det er truleg det han syner til når han vel å uttale seg slik. Innført vert det forresten heller ikkje no, for før det vert røyndom, må det innom EØS-komiteen, og der er det uklart korleis Island – som handlar mykje med USA, eit land som har monaleg friare GMO-tyglar enn EU – vil røyste.
At Noreg no dyttar saka vidare, er likevel eit stort steg i retning at vi får samanfallande reglar med EU kring genmodifiserte organismar. Det er difor verdt tida det tek å sjå litt nærare på kva som ligg i direktivet Eide synest det er så greitt å «få unna».
Frå ein til hundre
Kort fortalt inneber nemleg det at vi går frå å ha eitt godkjent genmodifisert landbruksprodukt i Noreg (rapsoljen Aquaterra som er godkjent til bruk i fôr til oppdrettslaks), til at vi får over hundre godkjende genmodifiserte landbruksprodukt i Noreg, ifylgje Bioteknologirådet. Same kjelde syner meg vidare til ei liste hjå EU-kommisjonen som syner kva produkt det gjeld. Det er ikkje småtteri.
På lista finn vi nemleg nokre av dei mest vellykka, dei mest omdiskuterte og dei med utskjelte GMO-produkta som finst i landbruket. Ofte er dette same produkt – til dømes den Bayer-eigde maisvarianten Maize MON 87427. Denne vil mange kjenne betre som ein variant i Bayers (tidlegare Monsanto) produktlinje Roundup Ready: både soyabønner, mais, raps og sukkerbetar er genmodifiserte til å tole Monsanto (no Bayer) sitt eige ugrasmiddel. Ugrasmiddelet heiter glyfosat, men merkevara heiter Roundup – med andre ord: eit åkerfrø klart til å sprøytast mot ugras.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.