Kommentar
Gatemobben og den finkledde «tølperen»
Kor straumlinja må ein vera i den norske ålmenta for ikkje å verta lyst fredlaus?
Nestleiar i Nobelkomiteen Asle Toje.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kvelden før vesle julaftan trykte Aftenposten ein artikkel av Asle Toje som innleidde ein av dei krassaste kulturdebattane på lenge.
Artikkelen handla om kva for utfordringar Noreg står andsynes som nasjon. Forvitrar grunnlaget for den norske nasjonen? Eller som tittelen var: «Vil Norge overleve det som kommer?» Dersom svaret er nei, kva er årsakene til det, og korleis kan ein bøta på det?
Men debatten som fylgde, handla mindre om dei spørsmåla Toje reiste, enn om korleis han formulerer seg, og kor langt til høgre motstandarane hans vil ha han.
Særleg på sosiale medium vart han flytta så langt frå sentrum at både han og synspunkta hans forsvann i djupaste mørker. Ned i dette mørkeret sokk òg dei interessante innlegga til mellom andre Sylo Taraku og Torbjørn Røe Isaksen.
Upresist
I ordskifte i fleire medium hevda Toje at omtalen hans av nasjonalt fellesskap i artikkelen, ikkje hadde «vært ment som en sosial sorteringsmekanisme eller en moralsk rangering av mennesker», at han «tar til orde for en norskhet som rommer alle norske borgere», og at «nasjonale fellesskap er historiske og sosiale konstruksjoner som bæres av språk, institusjoner, normer og felles referanser» (Aftenposten 13. januar 2026), og altså ikkje etnisk baserte fellesskapar. Han distanserer seg frå «ytre høyre-bevegelser» og avviser alle idear om «repatriering» av innvandrarar (Minerva 7. januar).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.