JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Går imot ny fråværsgrense

AUF har jobba for å vrake dagens fråværsgrense i den vidaregåande skulen, men vil heller ikkje gå med på forslaget til nye fråværsreglar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: AUF

Foto: AUF

7961
20240405

Samtalen

Gaute Skjervø

nestleiar i AUF

Aktuell

Forslag om ei ny fråværsgrense på 15 prosent i vidaregåande skule

7961
20240405

Samtalen

Gaute Skjervø

nestleiar i AUF

Aktuell

Forslag om ei ny fråværsgrense på 15 prosent i vidaregåande skule

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

eva@dagogtid.no

Måndag går høyringsfristen ut for Utdanningsdirektoratets forslag til endringar i fråværsreglane i vidaregåande skule. Forslaget inneber å erstatte regelen om at elevar med 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, ikkje får karakter, med ei ny fråværsgrense på 15 prosent, som skal omfatte både udokumentert og dokumentert fråvær. Medan eleven i dag må levere legeerklæring om han skal få sjukefråvær unnateke frå fråværsgrensa, til dømes, skal han – om forslaget vert vedteke – framover levere eigenmelding for alt fråvær. Og alt fråvær skal reknast med.

Så langt har nær 200 organisasjonar, offentlege verksemder, skular, kommunar, fylkeskommunar og privatpersonar sendt inn høyringsinnspel.

Høgre, som innførte den nasjonale fråværsgrensa i utgangspunktet, har gjort kjent gjennom VG at partiet meiner ei absolutt maksgrense på 15 prosent fråvær er ei dårleg løysing. Også Elevorganisasjonen har meldt at forslaget er verre enn dagens fråværsgrense på 10 prosent, som trass alt gjev unntak for fleire typar fråvær som kan dokumenterast.

AUF har jobba for å vrake heile fråværsgrensa, og ungdomspartiet er også kritisk til dei føreslegne nye reglane. Det seier AUF-nestleiar Gaute Skjervø.

– Vi er glade for at det no er ein prosess for å sjå på regelverket, for vi meiner det ikkje har fungert etter føremålet. Likevel er vi skeptiske til måten det nye forslaget er innretta på. Fyrst og fremst fordi det viskar ut skiljet mellom ulike typar fråvær. For det er skilnad på å vere vekke frå skulen for til dømes å delta på landsmøte i eit politisk ungdomsparti, fordi ein er forkjølt, eller fordi ein skulkar. No vert dette sausa saman.

Regelen om at elevar med 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag ikkje får karakter, er føreslege erstatta med ei ny fråværsgrense på 15 prosent, som skal omfatte både dokumentert og udokumentert fråvær.

Regelen om at elevar med 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag ikkje får karakter, er føreslege erstatta med ei ny fråværsgrense på 15 prosent, som skal omfatte både dokumentert og udokumentert fråvær.

Foto: Thomas Brun / NTB

– Lærarane må kunne bruke skjønn.

Gaute Skjervø, nestleiar i AUF

– Meiner de òg at den føreslegne nye fråværsgrensa er dårlegare enn den noverande?

– Ho er eit steg i rett retning, i og med at ho ikkje er like rigid som i dag, men innrettinga vert feil, slik vi ser det.

– Kvifor vil de ha vekk heile fråværsgrensa?

– Fråværsgrensa vart innført i 2016, under Høgre-regjeringa. Men det fanst fråværsreglar i skulen også før. Dei vart berre handheva av lærarane og i tillit mellom læraren og den enkelte eleven, ikkje som eit nasjonalt regelverk. Eg gjekk sjølv på vidaregåande før fråværsgrensa. Hadde eg fråvær, kunne læraren ta meg til sides for ein prat der eg kunne forklare meg. Så kunne læraren seie «dette held ikkje» eller «ok, men her får du ta ein ekstra prøve for å syne at du har fått alt med deg». Skulen møtte elevane med ei haldning og eit ønske om å få dei gjennom. No mistar ein i staden retten til å få karakter. Det er ein straffereaksjon vi i AUF meiner slår feil ut. Dei fleste har jo ikkje fråvær fordi dei er kjipe eller late, dei har som regel gode grunnar.

– Men dagens fråværsgrense har ganske rause høve til unntak, om dei berre kan dokumenterast. Ein kan få unntak for helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, idretts- og kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå og noko fråvær knytt til religiøs høgtid utanfor den norske kyrkja. Er dette eigentleg så problematisk?

– Ja. For det fyrste fordi ein må dokumentere sjukdom. Det er hòl i hovudet at du skal måtte gå til fastlegen, og også bruke av fastlegen si tid, for å få gyldig fråvær når du er sjuk. For den som har litt dårleg råd, er det også ei stor utgift å gå til fastlegen berre for å dokumentere at ein er forkjølt. Det skapar unødvendig stress. Så finst det jo òg gyldig fråvær som ikkje er lett å dokumentere. Det går å stå i tøffe ting sjølv om ein ikkje er innlagd, men høvet til å ta omsyn til det er vekke når regelverket er så strengt som no. Det finst lærarar som gjer unntak i slike tilfelle i dag òg, men då bryt dei reglane.

– AUFs vedtak om fråværsgrensa seier at «vi må ha tillit til at læreren kan finne hensiktsmessige løsninger selv». Aukar ikkje det risikoen for vilkårlege vurderingar?

– Ja, det er eit argument, men vi gjer det jo slik med alt anna i skulen. Standpunktkarakteren er basert på at elev og lærar har ein tillitsrelasjon. Inngangen vår her er at det systemet i sum er bra. Så har statusen til læraryrket falle, men det kjem av at vi som politikarar ikkje har synt lærarane nok tillit, og har detaljstyrt og stramma inn for mykje.  

– Men om det skal vere opp til kvar enkelt lærar eller skule, vert det fort ulike reglar for elevane ulike stader i landet. Tidlegare opererte fleire skular med lokale fråværsgrenser på 10, 15 og 20 prosent. Bør skulane ha ulike fråværsregelverk?

– Vi kan godt ha felles reglar, men lærarane må kunne bruke skjønn. Er det elevar som har vanskar, må dei kunne leggje til rette og hjelpe meir enn det dei kan med dagens fråværsgrense. Hadde eg gått på skule med fråværsgrense, hadde eg drive og teke opp fag enno. No er det også slik at den nye opplæringslova gjev eleven rett til å fullføre vidaregåande, så dei to regelverka spelar ikkje på lag. Ei fråværsgrense er for rigid, meiner vi.

– Både Utdanningsforbundet og Lektorlaget, som organiserer lærarar, har støtta opp om dagens fråværsgrense og meint at ho bidreg til å redusere fråvær og skulk. Ei evaluering Fafo og Statistisk sentralbyrå gjorde i 2020, synte òg at fråværet i vidaregåande skule var redusert med 27 prosent etter at fråværsgrensa vart innført.

– Ja, det stemmer, og det er kjempefint. Samstundes: Eg var i fylkespolitikken då fråværsgrensa vart innført, og eg veit at fråvær – det at nokon ikkje møtte opp – aldri var det store problemet. Det store problemet er fråfallet i skulen, at elevar ikkje fullfører utdanninga, og der er det framleis slik at kvar tredje yrkesfagelev ikkje fullfører til normert tid. Vi har med andre ord ein heil ungdomsgenerasjon som ikkje får skikkeleg utdanning. Då hjelper det ikkje med pisk og rigide grenser.

– Kva skal til, slik de ser det?

– Vi må sjå heilt nytt på korleis skulen skal møte dei som fell frå. Heile skulesystemet i dag er litt for gamaldags. Seksårsreforma har ikkje lukkast, det kjem for brått på for mange å byrje skulen så tidleg, ting er for teoretiske, eksamen er for lite praktisk. Det er eit problem at vi har ei eksamensordning som lest som at Chat GPT ikkje finst. Vi må òg sjå på tilbod om skulemat og helsesjukepleiarar på skulane.

– Samstundes: Om fleire skal gjennom skulen, må dei også møte opp. Ifølgje Utdanningsdirektoratet har fråværet derimot auka. Kva vil de gjere for å hindre fråvær?

– Vi vil òg ha strenge reglar for nærvær, men ikkje eit prosenttal som gjer at ein stryk om ein kjem over det. Det kunne vore slik at etter til dømes 10 prosent fråvær måtte ein inn til ein obligatorisk samtale på skulen, fortelje kvifor ein er vekke, og få oppfølging. Slik er det jo i arbeidslivet. Ein mistar ikkje jobben automatisk om ein har eit visst fråvær. Det er den regelen som er for rigid.

– Men der er jo forslaget til ny fråværsgrense minst like rigid som dagens?

– Ja, eg trur det er ein utilsikta konsekvens. Og det rammar jo ein organisasjon som vår. No skal ein verte hardt straffa for å vere engasjert ungdomspolitikar. Men eg vil våge å seie at eg lærte meir ved å vere engasjert i AUF då eg gjekk på vidaregåande, enn eg gjorde i alle samfunnsfagstimar til saman.  

– Arbeidarpartiet har landsmøtevedtak om å erstatte dagens fråværsgrense med «et nytt fraværsreglement for nærvær», men regjeringa har samstundes sendt Utdanningsdirektoratets forslag på høyring. Kva gjer de no for å sikre at Ap ikkje støttar opp om forslaget frå Utdanningsdirektoratet?

– Oppgåva vår er å lage eit tillitsbasert nærværsregelverk. Det fekk vi krystallklart gjennomslag for på landsmøtet i Ap, og det jobbar vi opp mot både regjering, storting og andre for å få til.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes
St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis