Kunnskap

Fugleinfluensaen ser ikkje ut til å ta vinterferie, men held fram med å ta livet av stadig fleire ville fuglar.

 

I vinter har mange svaner døydd av fugleinfluensa.
I vinter har mange svaner døydd av fugleinfluensa.
Publisert Sist oppdatert

Sidan midten av november er det gjort mange påvisingar av høgpatogent influensavirus, og særleg hos svaner. Mattilsynet er bekymra for situasjonen og ber folk som finn sjuke eller daude fuglar om å melde frå til dei, og sjølve unngå kontakt med den moglege smitten.

Den høgpatogene influensaen som no drep svaner og andre andefuglar i Vestland og fleire andre fylke i Sør-Noreg, er alle av kladen, eller gruppa, 2.3.4.4b. Dei fleste er også av typen H5N1, den virusvarianten som først dukka opp i Kina i 1996. Vi snakkar om eit godt tilpassa virus med lang internasjonal erfaring. Eit virus som kan smitte fuglar, pattedyr og menneske, som står for massedaude av fuglar over heile verda, og som no også herjar blant mjølkekyrne i USA.

Høgrisiko

I fjor erklærte Mattilsynet sju kommunar i Rogaland som høgrisikosone (infisert sone), med krav om smittesluser og forbod mot å halde tamfuglar utandørs utan strenge smitteverntiltak. Det store talet på daude ender og svaner rundt Bergen den siste tida gjer at det no blir sendt ut varsel om at folk må vere ekstra aktsame.

Dei som blir smitta og overlever, vil bidra til smittespreiinga.

Dei høgpatogene variantane angrip heile fuglekroppen, og dei som blir hardast råka, vil døy av omfattande organsvikt, fulle av virus. Dei som blir smitta og overlever, vil bidra til smittespreiinga. Hos fugl er influensaen også ein tarminfeksjon, og mykje av smitten skjer via avføringa. Det er difor stor risiko for spreiing av sjukdom når flokkar av fugl sym rundt, dykkar, drikk og leiter etter mat i det same vatnet, eller viss dei slepper frå seg avføring når dei flyg over ein open hønsegard.

Beredskap

Andefuglar som overvintrar, svaner inkludert, samlar seg der det er ope vatn og mogleg å finne mat. Når vatna frys til, vil fuglane bli pressa saman på mindre areal, og influensaen kan smitte lettare frå dyr til dyr. Vatn og våtmarker der andefuglane held til, er gjerne i nærleiken av folk og gardar, og mange av utbrota hos tamfugl kjem nettopp om vinteren. Når fugleinfluensaen herjar som verst i måkeflokkane om våren og sommaren, er det som regel mindre risiko for overføring til høns, men større fare for sjukdom hos rovfuglar og rovdyr som tek for seg av smitta kadaver.

Høgpatogent virus er påvist frå Kristiansand til russegrensa. Sjølv om dei fleste tilfella hos tamfugl til no har vore i Rogaland, er det viktig med god beredskap over heile landet. Vi må vere merksame på at influensaviruset kan angripe mange slags dyr, blant anna huskattar, rovfuglar, sel, rev og oter. Etter at høgpatogen fugleinfluensa overvintra hos villfugl i Europa for første gong hausten 2022, har vi blitt nøydde til å venje oss til at sjukdom og smitte er til stades i naturen året rundt.

Alt dette betyr at vi i all overskodeleg framtid blir nøydde til å overvake smittespreiinga og handtere stadige utbrot av høgpatogen fugleinfluensa. Det vil også vere viktig å justere eller oppheve lokale risikosoner når det er mogleg, slik at vernetiltaka blir oppfatta som fagleg forsvarlege og ikkje fører til unødige ulemper for folk og husdyr.

Svanesong

I gresk mytologi var svanene symbol på venleik og harmoni og verna av Apollon, son av Zevs og guden for song, dans og dikting. Det var ei vanleg folketru at svanene song spesielt vakkert rett før dei døydde. Ein idé som med tida vart brukt som omgrep for hendingar som skjer for aller siste gong, som den siste framsyninga til ein kunstnar på slutten av ein karriere. 

At det no blir funne mange sjuke og daude svaner, betyr heldigvis ikkje at svanene syng på sitt siste. Det er nok heller slik at der mange mindre fuglar døyr og blir etne av rovdyr i det skjulte, blir dei store og flotte svanene lett oppdaga når dei sym i ring, vinglar ustøtt eller blir liggjande daude og urørlege i det kalde vintervatnet.