Helse
Eit nytt influensavirus står fram som favoritt i kappløpet om å bli den neste dødelege pandemien.
Verdas helseorganisasjon melder at over 7 millionar menneske har døydd av covid-19 sidan dei første tilfella i 2020. Som pandemi betraktar ein ikkje denne som ein av dei verste, i alle fall ikkje om ein samanliknar med spanskesjuka i 1918. Den fugleinfluensaen tok livet av minst 50 millionar menneske, med 25 millionar daude berre det første halve året. Etter det har vi hatt tre andre pandemiar med opphav i ulike variantar av fugleinfluensa.
Det er difor ikkje overraskande at eit nytt influensavirus, nærare bestemt høgpatogent fugleinfluensa type A, no står fram som ein favoritt i kappløpet om å bli den neste dødelege pandemien. Her er fire grunnar til at fugleinfluensaen kan bli så farleg.
Mutasjonar
Når mange vertar blir infiserte med virus, blir det stor virusproduksjon, og med det større risiko for nye mutasjonar og nye og meir aggressive (høgpatogene) virusvariantar.
Logisk nok kjem dei fleste influensaepidemiane frå Asia, der det er både mykje folk og mange fuglar og andre husdyr. Det høgpatogene influensaviruset vi fryktar mest i dag, H5N1, dukka først opp i Kina og Hongkong i 1996–1997. Få år seinare spreidde H5N1 seg med trekkfuglar til resten av verda. Men det stoppa diverre ikkje der.
Som vi kunne vente, har nye og stadig meir aggressive variantar dukka opp. Verstingen så langt er den klanen av influensavirus som har fått det litt tungvinte namnet H5N1 – 2.3.4.4b. Frå dei første tilfella i 2019 og 2020 har vi sett skremmande mange døme på massedaude av fuglar over heile verda, frå hønsehus i USA til krykkjekoloniar i Finnmark.
Smitte mellom fugl og pattedyr
Den trygge barrieren mellom fugl og pattedyr ser ut til å smuldre opp.
Eit anna faretruande trekk er at den tidlegare så trygge barrieren mellom fugl og pattedyr ser ut til å smuldre opp. Det mest dramatiske, sett frå eit pandemiperspektiv, er korleis fugleinfluensaen hos fjørfe i USA i 2022–2023 så raskt etablerte seg som ein epidemi også hos mjølkekyr. Mange av kyrne vart sjuke, nokre vart tungpusta, andre fekk diaré og mista matlysta. Virus blir skilde ut i mjølka, og smitten har spreidd seg som eld i tørt gras, frå dyr til dyr, til nye besetningar og nye delstatar.
Også sauar og andre husdyr kan bli sjuke, det har vi sett både i Noreg og i andre land. Og også i Europa har vi fått sjuke kyr; den første sjuke mjølkekua vart funnen på ein gard i Nederland på etterjulsvinteren 2025. Ei rekkje rovdyr er blitt sjuke, inkludert huskattar, truleg etter å ha ete eller ha vore i kontakt med sjuke eller sjølvdaude fuglar. At kua i Nederland var sjuk, vart oppdaga då katten på garden døydde av influensa.
Det har vore fleire utbrot av fugleinfluensa hos delfinar og niser. Men i dei tilfella er det enno litt usikkert korleis smitten kunne angripe såpass mange dyr på ein gong.
I Fastlands-Noreg har vi funne fugleinfluensa hos raudrev, gaupe og oter, på Svalbard hos kvalross og fjellrev. Felles for alle tilfella hos pattedyr i Noreg er at dei er med i den farlege virusklanen H5N1 2.3.4.4b, som alle stammar frå det viruset som først vart påvist hos ei gås i Guandong i Kina i 1996.
Fugleinfluensa hos menneske
Om fugleinfluensaen berre hadde halde seg til fuglar og andre dyr, hadde det vore ille nok. Men slik er det ikkje. Frå dei første tilfella hos menneske i Hongkong i 1997 og fram til sommaren 2025 er det påvist 976 tilfelle av fugleinfluensa hos menneske. Berre halvparten overlevde, noko som gjer høgpatogent fugleinfluensa til ein svært farleg pandemikandidat.
Så langt har det heldigvis ikkje vore noko teikn til at smitten kan gå frå menneske til menneske. Men dette kan endre seg. Hos ein kanadisk ungdom som fekk fugleinfluensa i fjor haust, har forskarane funne urovekkjande teikn til mutasjonar som i verste fall kan vere eit første steg på vegen mot at viruset kan hoppe vidare med dropesmitte.
Høgpatogen fugleinfluensa ser ut til å vere mest dødeleg for dei yngste.
Slik spanskesjuka drap mange unge og sterke menneske, og slik ungdom som feirar russetida er særleg sårbare for hjernehinnebetennelse, ser også høgpatogen fugleinfluensa ut til å vere mest dødeleg for dei yngste. For kolonihekkande fugl, som skarv eller krykkjer, vil avkomet vere litt skjerma mot smitte i tida dei ligg i reiret, men når dei flyg frå reiret og blandar seg med alle dei andre framvaksne fuglane, blir det langt farlegare, og det er i stor grad ungfuglane som døyr.
Hos ei gruppe elefantselar i Argentina døydde 96 prosent av ungane i eit kraftig utbrot, og her er det også mogleg at smitten har gått frå dyr til dyr.
Dette er ikkje godt nytt for oss framtidige pandemideltakarar.
Motstand mot fakta og vaksine
Heilt til slutt har vi den menneskelege faktoren: I USA ser vi no eit stort utbrot av høgpatogent influensavirus hos både fuglar og dyr kombinert med ein politisk administrasjon der sentrale aktørar ser på vaksinering og faktakunnskap om smittespreiing som eit større trugsmål mot folkehelsa enn sjukdom. Helseminister Robert F. Kennedy jr. har ei bisarr førestilling om at influensaepidemien i fjørfenæringa best kan løysast med å la smitten gå sin gang og så avle på dei dyra som overlever.
Ingen fagfolk ser ut til å forstå denne teorien. Tvert om vil fri flyt av smitte først og fremst ta livet av mange fleire høns, fordi høgpatogent virus i verste fall kan ta livet av over 90 prosent av dyra på berre nokre dagar.
For det andre er korkje slaktekyllingar eller verpehøns foreldredyr, men ueigna til bruk i vidare avl.
Sist, men ikkje minst vil så mange virussmitta fuglar vere som ein fabrikk for produksjon av nye og meir patogene variantar.
Det vert hevda at Kennedy jr. slutta å ta influensavaksine i 2005, av frykt for farlege biverknader. At han ikkje vil styrkje sitt eige immunforsvar, er éi sak. At han, som den øvste ansvarlege for folkehelsa i USA, ikkje vil støtte utvikling av vaksinar mot fugleinfluensa og systematisk kastar på dør fagfolk som har ansvar for å evaluere nye vaksinar og lage nasjonale vaksinestrategiar, er langt meir alvorleg.
Vegen vidare
Utan eit fungerande samarbeid med USA må Europa stå saman med resten av verda for å halde i gang eit breiast mogleg internasjonalt samarbeid om smittevern, overvaking, rapportering og vaksineutvikling.
I nokre land, som Mexico, Frankrike og Kina, vaksinerer dei allereie høns mot influensa for å avgrense smittespreiinga. Ulempa med det kan vere at høgpatogene virus held fram med å sirkulere i besetningane, men utan å bli oppdaga.
Hos menneske ser vanleg vaksine mot sesonginfluensa ut til å gje litt vern også mot fugleinfluensa. Vaksinering av folk i risikoyrke, som gardbrukarar og veterinærar, med spesiallaga fugleinfluensavaksiner er så langt berre prøvd ut i Finland, der dei hadde sjukdomsutbrot i fleire pelsdyrfarmar i 2023.
Kor
godt desse vaksinane vernar mot sjukdom, er enno uvisst. Det er også viktig å
følgje opp med gode studiar av moglege biverknader.