Kommentar

Frå beinhardt diktatur til fredelege maktskifte

Eit halvt hundreår er gått sidan Franco-regimet gjekk i grava og Spania kunne famla seg fram på vegen mot demokratiet. Det kunne fort ha gått gale.

Siste helsing: Franco (til høgre) med kona Carmen Polo fotografert i oktober 1975. Han døydde i november. Til venstre prins Juan Carlos og prinsesse Sophie.
Publisert Sist oppdatert

Spanias diktator, den 82-årige generalissimus Francisco Franco, døydde 20. november 1975.

El Caudillo, som han vart kalla, overhovud for alle spanjolar «av Guds nåde», som det stod på pesetasmyntane – døydde heime i El Pardo-palasset. Der låg han omgjeven av det fremste av moderne medisinsk teknologi. Ved senga stod ein statue av jomfrua av Pilar og ein arm av helgenen St. Teresa.

Slik vart dødsleiet eit symbol på det Spania han lét etter seg: ein moderne kapitalistisk industristat og eit forbrukarsamfunn, midt i restane av ei tradisjonell, katolsk, «organisk», sentraliserande statsdanning, som fekk sin elddåp og grunnstruktur som diktatur under den spanske borgarkrigen frå 1936 til 1939. Ein epoke var no over. Franco styrte i nesten 40 år og vart den lengstsitjande statsleiaren i moderne europeisk historie, og langt meir brutal enn Benito Mussolini.

Hemnfreden

Franco styrte ein hemnfred frå 1939. Tala varierer, men dei fleste er samde i at titusenvis vart drepne etter sigeren. Det er vanleg å seia at borgarkrigen kosta om lag ein halv million menneske livet.

Franco stod for eit rått diktatur som på det mest perfide nekta republikanarar trygd, og som kasta dei ut av alle jobbar ved det minste teikn til sjølvstendig tenking, det vil seia republikanske sympatiar. Han lét ein svart katolisisme ta seg av all utdanning og nekta fagorganisering utanom dei offisielle «assosiasjonane».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement