Essay

Finsk fare i Pasvik

Fram til starten av førre hundreåret budde det ingen etniske nordmenn i Pasvik. Norske styresmakter gjorde alt dei kunne for å endre det, slik at området ikkje skulle bli russisk eller finsk.

Nikel sett fra høgde 96 i Pasvik.
Publisert

Vi står opp tidleg, hotellfrukosten har nett opna. Guten, altså son min (9 år), er trøytt, men vaknar raskt til liv av dei bognande borda med mat. Snart mokar han innpå med bacon, pannekaker, sirup, yoghurt, frukt, honning og bær, heilt til eg begynner å lure på om han får nok mat til vanleg.

– Kor skal vi dag, spør han mellom munnfullane.

Eg forklarar han at vi skal til Pasvik, til enden av den russiske taigaen, som strekker seg frå Stillehavet til Sør-Varanger. Eg seier han skal få setje ny verdsrekord, med å ha vore i tre land på fem sekund, når vi kjem til Treriksrøysa.

EIT KVARTER SEINARE køyrer vi ut av Kirkenes, gjennom Hesseng, vidare til Sandnes, forbi dei menneskeskapte gråberga i Bjørnevatn, som berre ser ut som dei høgste fjella i området. Vidare høgt i fjellsida over den merkelege Langfjorden, som kanskje er Noregs minst fjordlike fjord, så lang og smal at alle framande som køyrer forbi, må tru det er eit vatn. 

Etter eit lite eid fortset det på same måte med Langfjordvatnet, men det er ikkje ein fjord.

Vegetasjonen endrar seg no, frå det nakne og skrinne med låg bjørkeskog, til ordentleg skog av gran og furu. Vi er med andre ord inne i Pasvikdalen. Der Langfjorden ikkje kjennest som ein fjord, kjennest Pasvikdalen ikkje som ein dal, og Pasvikelva heller ikkje som ei elv. Det er såpass flatt at ein knapt merkar dalen, og elva er eit oppdemt vassdrag som mange stader er fleire kilometer breitt og verkar som ei stilleståande kjede med samanhengande innsjøar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement