Kommentar

Får straumen flyte fritt, taper alle elvar til slutt

Di mindre regulert sal av straum er, di viktigare vert det å regulere naturressursane som ligg bakom.
  

Blåsjø 20220807. Lav vannstand i Blåsjø er det største kraftmagasinet i Norge, anlegget består av flere dammer, demningen på bilde ligger i Førrevassdammen.Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Blåsjø er det største kraftmagasinet i Noreg. Elvene Ulla, Førreåa og Brattelielvi blei demma opp. Her frå 2022, då det var låg vasstand i magasinet.
Publisert Sist oppdatert

Kor mykje straum treng vi å produsere i Noreg? Meir enn i dag? Tala talar tilsynelatande tydeleg: Ifylgje den offisielle lista til Statkraft står 161 prosjekt i nettkø i Noreg. Tiltak innanfor ymse industri og transport ynskjer til saman 9322 megawatt som dei for tida ikkje kan få.

Ja vel, men vil det automatisk seie at 9322 megawatt er den mengda straum vi treng å auke produksjonen vår med – pluss litt for slingringsmonn? Eller er det litt fleire spørsmål som må stillast fyrst – som til dømes kvifor ordet «tilsynelatande» har fått plass i bokstavrimet mitt – sånn bortsett frå at det byrjar på t?

Å produsere straum i Noreg er nesten berre det same som å hauste naturressursar. Som regel handlar det om vasskrafta i elvane våre – både når det kjem til kva du har i stikkontakten din per i dag, og når det kjem til kva politikarar, byråkratar og næring ser føre seg å bygge ut i framtida.

I mars i år vedtok eit fleirtal i Stortinget følgande: «Det åpnes for konsesjonsbehandling av kraftverk over 1 MW i vernede vassdrag der samfunnsnytten, for eksempel i form av flomdempende effekt, vurderes som betydelig, samtidig som miljøkonsekvensene anses som akseptable.»

Tidlegare i sommar valde Erna Solberg å gå endå lenger, då ho lét VG sitere henne på at vi «må bygge ut mye mer vannkraft, selv om det koster oss natur. Natur må vike, skal vi unngå kraftkrise».

Eller – rett skal vere rett. Erna sa også at vi «må ta vare på verneverdiene i kombinasjon med å ta ut mer kraft». Er det mogleg?

Smått var visst ikkje betre

Det er lenge sidan vi skjøna at Stoltenbergs ord om at tida for store vasskraftutbyggingar er over, verken hadde rot i røyndommen eller var særleg vesentlege. For i same augneblinken som ein «freda» store vasskraftutbyggingar, gav ein gass for små vasskraftutbyggingar.

Talet på desse tredobla seg etter år 2000, har undersøking utført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NRK synt. Denne undersøkinga fann òg at naturinngrepa frå småkraftverka kan vere større enn for dei store utbyggingane – i det minste om ein måler per produsert kilowattime.

Vil det seie at kampen om vasskraft med akseptabelt miljøavtrykk er tapt? Eg trur ikkje det. Sjølvsagt er det mogleg å bygge ut vasskraft utan å skade elva og naturen i kring. Vi har gjort det i hundrevis av år.

Vasshjulet kom til Noreg på 1300-talet. Ja, for ein gong var vasskraft eit vasshjul i ei elv som dreiv ei kvern – ei kornmølle – eller ei sag, eller ei stampe til klesvasken. Sidan ein då ikkje lét energien ta vegen kring å verte elektrisitet, kunne ein verken lagre eller frakte han.

Alt ein produserte, måtte brukast straks – og i nærleiken. Det kan høyrest ut som eit oppsett for sløsing, men det innebar òg at det ikkje var noko poeng i å produsere meir energi enn ein hadde trong for å bruke. Sidan krinslaupet var lite, var trongen for energien også oversiktleg.

Meir etterspurnad krev meir regulering

Mykje har skjedd sidan den gong, og vasshjulet som forsynte steinkverna, kan synast å ha liten relevans for korleis vi skal styre ein nærast global straummarknad. Men kanskje har vi nettopp difor noko å lære av å kikke attende på korleis det heile starta.

RØDBERG 20180724.Nore I er et kraftverk som utnytter fallet mellom Tunhovdfjorden og Uvdalselva, som utgjør nedre vannspeil (Rødbergdammen) ved tettstedet Rødberg sentrum i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Kraftverket er heleid av Statkraft. Det er tørke i Norge.Foto: Lise Åserud / NTB
Vasskraftverk i Rødberg.

For kva er det som gjer at vi aldri får nok straum? Jau, at vi stadig finn nye greier å bruke han på – og nye område som straumen vi produserer, skal forsyne.

Av dei 9322 megawatt straum som er ynskt, men for tida ikkje produsert, er 4341 MW søkt om til drift av datasenter, 2357 MW til produksjon av hydrogen og ammoniakk, 1272 til annan industri og 316 MW til oppdrettsnæring, ifylgje oversynet til Statnett.

Nærare halvparten går altså til noko som ikkje eksisterte for berre få tiår sidan: det papirlause samfunnet – eller sagt på ein annan måte: lagring av kattevideoar, dokumentasjon av barnebursdagar, tryggleikskopiar av mislukka romanar, nettavisa til Dag og Tid og så bortetter. Mykje er naudsynt. Endå meir er det ikkje.

Aldri nok straum

Men eitt er sikkert: Så lenge marknaden som straumen skal forsyne, held fram med å vekse, så vil vi aldri få nok straum. Så lenge vi aldri får nok straum, vil ingen verna vassdrag vere trygge. Så lenge ingen verna vassdrag er trygge, vert vernevedtak, reguleringar og forbod viktigare og viktigare. Så lenge straum vert seld til alle som er interesserte å kjøpe, er vi avhengige av reguleringar for å ha noko natur igjen i det heile.

For dette er jo eit kappløp naturen er dømd til å tape: Vi tar det med lågast verdi fyrst, så det med nest lågast og så vidare. Di høgare presset er på å bygge ut meir, å vekse utan noko øvre grense, di strengare må reguleringane og forboda vere.

Naudsynte naturinngrep?

Fyrst når vi har avgrensa kor mykje straum vi treng, kor vi treng han og til kva, kan vi starte ein sakleg samtale kring kor vi skal hente han frå.

For min eigen del har det nemleg temmeleg mykje å seie for kva slags naturinngrep eg meiner kan reknast som naudsynte. Å bruke eins eiga elv til å male eins eige korn er ein ting. Det er eit lukka, oversiktleg krinslaup av tilbod og etterspurnad. Å bruke den same elva til å produsere bitcoin, lagre kattevideoar og kompensere for lite vind i Tyskland er noko heilt anna: nemleg ein umetteleg etterspurnad som aldri vert dekt.

Ein stad der imellom går det ei grense. For sjølv om elva tilsynelatande flyt av garde i ei retning, dyppar også straumen tærne i det same, sirkulære vasskrinslaupet.

At grensa for kva straumbruk som gjer ei vasskraftutbygging naudsynt, kan framstå flytande, bør ikkje overraske nokon som prøver å regulere fossefall og elvevatn. Det er iallfall inga orsaking for å ikkje prøve. Om vi ikkje skal attende til vasshjulet, kan det å prioritere dei lokale funksjonane vere ein god stad å starte.