JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Endå ein fimbulvinter

Tykte du denne vinteren hadde dyr straum? Den komande vinteren vert verre, om du får straum i det heile.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vasstanden var låg i magasinet i Dokkfløyvatnet i Torpa 3. mai. Lite nedbør og lite snø i Sør-Noreg sikrar at straumprisane vil halda seg skyhøge.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB Foto: Ørn E. Borgen / NTB

14331
20220506

Bakgrunn

I 2020, som var svært nedbørsrikt, vart det produserte 154 TWh i Noreg. Det var rekord.

I 2021, som hadde mindre nedbør enn normalt, vart det rekord på ny: 157 TWh.

Rekorden kom ved at kraftselskapa tømde magasina i Sør-Noreg for å kunne eksportera meir.

Straum

jon@dagogtid.no

Nei, det er ikkje sikkert det vert straumrasjonering til vinteren, men faren er der. For å forstå kvifor må vi gå gjennom tala. Diverre gjev NVE i vekerapportane opp berre samla – og ikkje regional – hydrologisk balanse for landet, men her er tala for veke 16: I potensielt tilsig til magasina er det 0,4 meir TWh, som er 1 milliard kWh, i form av snø, grunn- og markvatn samanlikna med eit normalår. Vi er altså der vi skal vera. Men det er vi likevel ikkje. For i magasina er det nett no 8,3 færre TWh enn normalt. Vi har ein negativ samla hydrologisk balanse på minus 7,8 TWh.

Men samla tal fortel oss lite. Går vi inn på Yr og sjekkar snødjupna ulike stadar i Midt-Noreg og Nord-Noreg, ser vi at det har vore ein nedbørsrik vinter i dei områda. Faktisk har stoda vore så god at magasineigarane i dei to nordlege områda i fleire tilfelle ikkje har makta å tappa magasina så langt ned som dei burde før snøsmeltinga byrjar. Sagt i klartekst: Det er fare for at vatn som til hausten og vinteren burde ha gått til kraftproduksjon i Midt- og Nord-Noreg, renn på havet om sumarhalvåret vert nedbørsrikt. Der er ikkje resten av landet.

Det beste året

Lat oss taka det høgste magasintalet, det beste magasinåret. Då var det på det meste nesten 100 prosent fullt i alle norske magasin, og på seinhausten var det lagra 87 TWh – ja då, magasina produserer meir enn 87 TWh gjennom året ved fortløpande å nytta tilsig. Veke 16 kan ikkje samanliknast med maksimalnivå. Veke 16 er tradisjonelt ei av dei dårlegaste vekene for norske magasin. Då er dei tappa og ligg der og ventar på at snøsmeltinga verkelege skal byrja.

I den beste veke 16 dei siste 20 åra var fyllingsgraden på 40 prosent. Då låg det lagra om lag 35 TWh i magasina. I eit normalår er fyllingsgraden på 28 TWh. I veke 16 i år var fyllingsgraden på 22 prosent, eller 19 TWh. Jau, det er litt alarmerande.

Men det samla talet bleiknar om vi ser isolert på Sør-Noreg, det området som driv med storstilt eksport til omverda. Aust-Noreg er eit elendig område for kraftproduksjon. Når magasina er fulle, har austlendingane eit potensial for kraftproduksjon på 6 TWh. I veke 16 hadde dei 0,6 TWh att. Fyllingsgraden var på 10 prosent i det som vert kalla kraftområde NO1.

Dei nye kablane har gjort at nesten all mogleg vasskraftproduksjon frå magasin i Sør-Noreg til kvar tid kan eksporterast.

Juvelen

Juvelen i norsk magasinproduksjon er kraftområde NO2, som strekkjer seg over den sørlegaste delen av Noreg og inkluderer Rogaland, Agder, Telemark og Buskerud. Dei har eit magasinpotensial på 34 TWh. I eit vanleg år er fyllingsgraden på 40 prosent i veke 16, det er her dei store fleirårsmagasina er. I år var fyllingsgraden på 20 prosent, eller knapt 7 TWh.

Verst er stoda i dei sentrale områda av Vestlandet, NO5. Det har aldri vore verre. Potensialet deira er 17,3 TWh. Dei hadde i veke 16 att berre 1,9 TWh. I Midt- og Nord-Noreg ligg magasina på normal eller over normal fyllingsgrad, og snømagasina er store.

Ikkje grunnvatn

I Sør-Noreg er ikkje berre magasina nedtappa. Austlandet har knapt snø, og grunnvatnet er rekordlågt. Heile Sør-Noreg lid av turke. Mildt regn er godt for snøsmeltinga, sol er det ikkje. Då dampar mykje av snøen bort i staden for å siga ned i magasina. I veke 16 hadde dei tre sørlegaste kraftområda, områda med mest industri og folk, berre 9,5 TWh att i magasina, og tilsiget ligg altså an til å verta rekordlågt.

Det mest energirike magasinet vi har i Noreg, er fleirårsmagasinet Blåsjø, som ligg på grensa mellom Rogaland og Agder. Når det er fullt, har det ein kapasitet på 7,8 TWh, eller knapt 3,5 milliardar kubikkmeter med vatn. I eit normalår produserer magasinet 4,5 TWh fortløpande av tilsiget. Den resterande vassmengda ligg der som reserve til turrår. Eller: Slik var det før, då styresmaktene tenkte strategisk og såg på kraftforsyninga over fleire år.

Det er Statkraft som driv Blåsjø. Mandatet deira vert skildra på dette viset i Eigarskapsmeldinga til Stortinget: «Statens mål som eier er høyest mulig avkastning over tid.» Gjennom vinteren har produksjonen vore rekordhøg, og magasinet er no på eit av dei lægste nivåa nokon gong.

Paradokset er at det ekstremt energirike Norge må by over det energifattige kontinentet for å få tak i nok straum.

Visst det lenge

At stoda har vore dårleg i Sør-Noreg, har vore klart lenge. 2021 var rett nok ikkje eit turrår. I veke 16 i fjor var vasstanden dobbelt så høg i Noreg som i år og nær rekordhøg. Men sumaren vart litt turrare enn vanleg, og samla kom det gjennom året litt mindre, men ikkje mykje mindre nedbør enn vanleg.

Det som derimot var eksepsjonelt i 2021, var at produksjonen auka frå 2020, som var eit fantastisk år. Vinteren 2020 var særs snørik i fjellet. Vi kunne dimed auka produksjonen frå 135 TWh i 2019 til 154 TWh i 2020. Vasskraftproduksjonen åleine gjekk opp med over 15 TWh. Det var ein rekord utan sidestykke i norsk soge. Også nettoeksporten sette ny rekord. Noreg nettoeksporterte 20,5 TWh.

Endå betre

2021 vart endå betre. Norske kraftverk produserte 157 TWh – industrien skreik etter kraft etter pandemien. Men det skjedde med ei mykje lægre magasinfylling enn i 2020. Dessutan heldt den høge eksporten fram. Noreg eksporterte 17,3 TWh.

Men det kanskje mest underlege er at det var langt høgare eksport i andre halvår i 2021 enn i fyrste halvår. Kvifor er det underleg? Av di vi i fyrste halvår låg over eit normalår i magasinfylling, i andre halvår låg vi langt under. Noreg eksporterte langt meir kraft då vi hadde lite vatn, enn då vi hadde mykje. Med andre ord: Vi eksporterte magasina stadig lægre.

Mest eksepsjonell var utviklinga i Sørvest-Noreg, altså NO2, der dei nye kablane kom. Vi gjekk inn i sumarhalvåret med nær rekordhøge vassnivå. Vi forlèt det med nær rekordlåg magasinfylling. Då skulle vi tru at vi gjennom vinteren, i fyrste kvartal i 2022, byrja å spara på vatnet. Det gjorde vi ikkje.

I fyrste kvartal 2021, då magasina var særs velfylte, hadde vi ein nettoeksport på 2,9 TWh. I fyrste kvartal i år, då magasina i Sør-Noreg – som står for nesten all straumeksport – var nesten rekordlåge, hadde vi ein nettoeksport på 3,8 TWh. I mars, då alle var klar over stoda, hadde vi ein nettoeksport på 2,1 TWh. I mars i fjor, då det var enormt med vatn i magasina, hadde vi ein nettoeksport på 0,6 TWh.

Kraftutveksling?

Sett på spissen: Om vi ikkje hadde eksport gjennom 2021 og dei tre fyrste månadene i 2022, hadde vi hatt over 20 TWh meir i magasina enn vi har i Sør-Noreg i dag, og ingen hadde snakka om ei kraftkrise. No er det ingen som seier at Noreg ikkje skal driva med kraftutveksling, men det skjedde noko dramatisk nytt i norsk krafthistorie i andre halvår i 2021, ei utvikling som berre har vorte forsterka i 2022: Di verre kraftbalansen har vorte, di meir har vi dimed ignorert den same kraftbalansen, som vi i si tid laga for å ha noko å tære på i turrår, som vi no veit vi får i Sør-Noreg.

Det nye er kraftkablane til Tyskland og Storbritannia. Dei har gjeve Sør-Noreg ein auka eksportkapasitet på 24 TWh per år. Dei nye kablane har gjort at nesten all mogleg vasskraftproduksjon frå magasin i Sør-Noreg til kvar tid kan eksporterast. Det finst ikkje fysiske hinder att for vasskrafteksport i området.

I røynda er det slik at det berre er når det er vedlikehald på kablane, at magasineigarane og Statnett vert hindra i å eksportera frå Sør-Noreg. Det har verkeleg gjort noko med kraftprisane, og her lyt vi igjen hugsa at Stortinget har vedteke at Statkraft skal gje «høyest mulig avkastning over tid.» Og nett dei same ordrane har dei kommunale kraftverka.

Ingen skilnad

Før dei to nye kablane kom, var det knapt nokon prisskilnad mellom Sør-Noreg og resten av landet. I 2020, då landet rann over av snø og vatn, var gjennomsnittsprisen i Sør-Noreg på 9,29 øre per kWh. Det same var han i resten av landet. Prisane var like også i 2017, 2018 og 2019. Det einaste året dei siste 15 åra som har hatt ein vesensskilnad i pris mellom kraftområda, var 2008. Då var prisen i Sør-Noreg 39 øre, medan han var 51 øre i Midt-Noreg og 50 øre i Nord-Noreg.

2021 endra alt. Då var prisen 75 øre i Sør-Noreg og høvesvis 41 og 35 øre i Midt- og Nord-Noreg. Då lyt vi hugsa at dei nye kablane til Tyskland og Storbritannia kom i drift i mai og oktober. Mars i år, den store eksportmånaden ut av Sør-Noreg, synte den nye normalen: 22. mars var prisen per kWh 192 øre i Sør-Noreg, 17,80 øre i Midt-Noreg og 15,53 øre i Nord-Noreg.

Nord-Noreg og Midt-Noreg kan i motsetnad til Sør-Noreg ikkje eksportera alt dei produserer. Eller det kan formulerast slik: Magasineigarane i Nord- og Midt-Noreg kan, i motsetnad til produsentane i resten av landet, ikkje velja å produsera berre når dei får prisar dei er nøgde med.

Grunnen til at krafta tradisjonelt har hatt låg pris i Noreg, er at eigarane av magasin har vorte tvinga til å produsera nokså mykje gjennom vinteren, av di dei skal ha plass i magasina når snøen byrjar å smelta. Magasina bør i eit normalår gå frå 90 prosent ved starten av vinteren til 30–35 prosent når vårsmeltinga byrjar. Denne balansen har gjeve ein snittpris på 25–30 øre.

Vart utfordra

Men modellen vart utfordra då vi fekk elsertifikata som subsidierte fram vind- og småkraft som ikkje kunne regulerast. Magasineigarane såg at den nye krafta ville tvinga dei til å tilby magasinkraft til ein lægre pris – meir av ei vare fører til lægre pris – og at dei i tillegg kunne enda opp med å måtte lata deler av vatnet gå på havet når magasina vart «overfylte». Difor byrja dei lobbykampen overfor regjering og storting, som sa ja til dei to nye kablane som dei før hadde sagt nei til.

Magasineigaren fekk ein betre avtale enn nokon kunne forventa. Resultatet av dei to nye utlandskablane er at magasineigarane i Sør-Noreg er i ein unikt god posisjon i Europa. Hovudårsaka er kabelen til Storbritannia, som alltid har høgre pris enn Sør-Noreg. Det vil seia at det aldri løner seg for Statnett, som også er pålagde av Stortinget å driva med maksimal profitt, å importera derifrå. Dimed vert England-kabelen ein rein eksportkabel.

Resten av kablane ut og inn av Noreg har ikkje stor nok importkapasitet til å kompensera for eksporten i England-kabelen, og det sjølv om det blæs godt her heime og småkrafta går stabilt. Dimed, same kor mykje det blæs på kontinentet, får vi ikkje låge prisar i Sør-Noreg. Og dimed får magasineigarane i Sør-Noreg alltid godt betalt, og dei vert aldri tvinga til å produsera for å ha plass til vårsmeltinga.

Vassverdi

Her er grunnen til at det kan verta rasjonering i Sør-Noreg neste år: Magasineigarane får godt betalt same kva dei gjer, men ekstra godt betalt får dei når det er lite vatn i magasina, for då går den såkalla vassverdien opp. No er dei i den heldige posisjonen at Russland fyrst skar ned på eksporten av gass, som dimed auka straumprisen på kontinentet, for så å auka prisen på all energi gjennom å invadera Ukraina. Det i sin tur har auka prisen på alt kraftkrevjande industri produserer, som igjen gjev auka etterspurnad etter straum frå den kraftkrevjande industrien her heime.

Spørsmålet no er om magasineigarane har vore med på å underminera marknadssystemet dei har tent så godt på dei siste 30 åra. Vert det rasjonering til vinteren, kjem det til å koma eit folkekrav om drastiske endringar i det norske kraftsystemet. Men kunne magasineigarane ha gjort noko anna, gjeve at Stortinget og kommunane krev maksimal profitt samstundes som dei vil at straumen skal koma fram?

Folkeopprør?

Dersom magasineigarane i vinter hadde halde att på produksjonen for slik å vera trygge på at dei kunne levera straum komande vinter, hadde prisane vore endå høgre i vinter enn dei vart. Då hadde det vorte endå meir av eit folkeopprør. Men samstundes er det slik at magasineigarane veit at di lægre vasstand dei skapar gjennom å produsera no, di høgre pris får dei truleg i framtida. Det er gjeve at prisane i sumar og komande vinter vil nå nivå vi ikkje har sett før. Skal industrien få kraft, må vi – om ikkje våren og hausten vert eksepsjonelt våt – importera frå utlandet. Og den einaste måten vi kan få det til på, er ved å ha høgre prisar enn omverda.

Dersom omverda står heilt utan russisk gass, ein gass som no avgjer prisen på krafta i Sør-Noreg, er det vanskeleg å sjå føre seg prisar på under 4-5 kroner per kWh. Paradokset er at det ekstremt energirike Norge må by over det energifattige kontinentet for å få tak i nok straum. EU, Noreg og Storbritannia har no hamna i ein bodkrig det kjem lite godt ut av.

Subsidiar

Her er det òg mogleg at Stortinget har gjort eit mistak ved å subsidiera straumprisen her heime. Ja, prisen vart trass i subsidiane rekordhøg, og nordmenn har svara gjennom å redusera forbruket sitt med 9 prosent i fyrste kvartal 2022 samanlikna med fyrste kvartal 2021. Det handlar rett nok delvis om flaks, vinteren var mild over heile Nord-Europa. Men om Stortinget ikkje hadde gått inn med så store subsidiar som dei trass alt har gått inn med, ville forbruket truleg ha vore mykje lægre. Det kunne ha spart en del vatn. Men på den andre sida sett hadde vel magasineigarane i alle høve eksportert den sparte vassmengda.

Gass for straum

Kven er det som kjem til få lida fyrst om det vert rasjonering? Det er den kraftkrevjande industrien på land. Industrien har fastpriskontraktar og har ikkje redusert, men derimot auka kraftforbruket sitt i fyrste kvartal. Men kraftkrevjande industri handlar ikkje om liv og helse, i det minste ikkje på kort sikt. Dimed er det industriselskapa som får kutta straumen fyrst.

Dei som derimot garantert vert sist råka om det vert rasjonering, er Troll- og Sverdrup-feltet på sokkelen, som EU og Storbritannia no er heilt avhengige av. Dei to, pluss ei rekkje andre installasjonar på sokkelen, får straumen sin frå land. Dei har ikkje gassturbinar dei kan setja i gang, og er dimed totalt avhengige av at norske magasin i det minste har litt vatn att neste år.

Det er EU òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis