Medisin

Elektrosjokk bergar liv

Elektrokonvulsiv terapi, ECT, er den beste behandlinga for dei alvorlegaste depresjonane, skriv Haldor Slettebø.

Det nye sjukehuset i Drammen opna i august 2025 og kunne tilby ECT-behandling frå dag éin.
Publisert

Kan elektrosjokk førebyggja 100 sjølvmord i året her i landet? Det kan tenkjast. Me veit iallfall at behandlinga kan hjelpa fleire enn i dag. Men før det skjer, må me kvitta oss med utdaterte oppfatningar om metoden som fagfolk kallar elektrokonvulsiv terapi eller ECT.

Kunnskapsgrunnlaget etter meir enn 80 års praksis er solid og viser at ECT er den mest effektive og best dokumenterte behandlinga for alvorleg depresjon – takka vere omfattande forsking og data frå store pasientregister.

Gjengs oppfatning om elektrosjokk har i stor grad vore basert på filmen Gjøkeredet (regi: Milos Forman) frå 1975. Filmen viser den småkriminelle simulanten Jack Nicholson i spissen for eit lystig pasientopprør i psykiatrisk avdeling.

Festleg og heilt ko-ko så lenge det varer, heilt til ei tyrannisk oversyster slår tilbake med hard hand – og straffar rebellen med elektrosjokk under tvang. Seinare tyr ho jamvel til lobotomi. Forteljinga i filmen var stor underhaldning, men var lite eigna som folkeopplysing om elektrosjokk.

På lukka avdeling

I det verkelege livet ser det annleis ut. Det fekk far min røyna, på vondt og seinare på godt. Tvangsinnlegginga var det verste. Han stritta imot og protesterte kraftig – viss på at KGB var involvert – sjølv om han kjende att dei to vaksne sønene som kom og henta han med makt. Deretter ein rask biltur til lukka avdeling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement