JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit spørsmål om liv og helse

Ordskiftet om lærarstreiken syner nokre av farane med psykologisering, meiner psykolog Ole Jacob Madsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ordskiftet om lærarstreiken handlar meir om psykisk helse enn læring. Det syner at meininga med skulen er endra, meiner Ole Jacob Madsen.

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB

10225
20220923
10225
20220923

Samfunn

peranders@dagogtid.no

Streiken til Utdanningsforbundet held fram, og etter det siste uttaket er kring 8100 lærarar i 17 kommunar i streik. Mange tusen elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule går dermed glipp av enda fleire veker med undervisning. Men ein stor del av kritikken mot streiken handlar ikkje om tapt læring, men om faren for den psykiske helsa til barn og unge. Dette skal vi intervjue Ole Jacob Madsen om. Han er professor i kultur- og samfunnspsykologi ved Universitetet i Oslo og har i ei rekkje bøker og artiklar retta eit kritisk søkjelys på psykologiseringa av samfunnet.

Men først må vi nytte nokre sitat for å vise korleis delar av debatten om lærarstreiken har arta seg. Mange av dei som kritiserer streiken, tek hardt i når dei skildrar skadeverknadene:

«Vi har elever som kan gå i psykose og bli innlagt på psykiatrisk sykehus. Det er fare for akuttinnleggelser», seier rektor Lars Berntsen ved Amalie Skram videregående i Bergen til NRK. Og skadane kan bli langvarige, meiner rektoren: «Han frykter at streiken vil gi så store ødeleggelser i ungdommene sine liv, at det vil bli vanskelig å reparere senere.»

Liv og helse

Rektor Berntsen er ikkje åleine om denne uroa: «Det er min klare vurdering at grensen for liv og helse er passert» (sic), seier kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde til Aftenposten, og viser til auke i sjølvskading og sjølvmordstankar blant unge.

« Det å bli frarøvet muligheten til å gå på skole over tid fører til mange ulike skader hos elever», seier barnepsykolog og professor emeritus Willy-Tore Mørch til Nettavisen. Også han meiner streiken set liv og helse i fare.

Og i VG kravde generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse alt 2. september at streiken måtte avblåsast: «Regjeringen kan ikke tillate seg å risikere elevenes velferd og sette deres liv og helse på spill», sa Gundersen.

Men om nokre veker utan skulegang set den psykiske helsa til norske barn og unge i alvorleg fare, kva fortel det om norske barn og unge? Og kva fortel denne debatten om synet på skulen si rolle i samfunnet?

Trumfkort

– Eg blir litt betenkt når eg høyrer slike utsegner, seier Ole Jacob Madsen.

– Det er eit utslag av at psykisk helse har blitt eit trumfkort, det er noko som er vanskeleg å argumentere imot. Om du gjer det, verkar det som du ikkje bryr deg om barn og unge. Ein streik fører alltid til ulemper for uskuldige partar. Men denne kritikken går lenger enn vanleg på ein ganske alarmistisk måte.

– Men det finst sikkert elevar som faktisk får det mykje verre på grunn av streiken?

– Ja, det er noko her som er reelt, sjølv om følgjene neppe er så ille som ein del kritikarar hevdar. For somme elevar kan det vere veldig uheldig at dei faste rammene fell bort, det er ikkje teke heilt ut av lause lufta. Og ein kan seie det er dårleg timing å gå til streik så kort tid etter pandemien og råke elevar som har hatt mykje heimeundervisning før.

Ikkje kunnskap

Mykje av kritikken mot streiken er eit uttrykk for førestillinga om den terapeutiske skulen, meiner Madsen.

 – Det er den same tenkinga som gjer at vi har fått livsmeistring inn i skulen. Mange ser ut til å vere meir urolege for den psykiske helsa til elevane enn for dei kunnskapshola som streiken kan føre til.

– For nokre tiår sidan ville kritikken truleg handla meir om tapt læring?

– Ja, truleg. Vi ser at læring ikkje utan vidare er hovudføremålet med skulen. I Fremtidens skole, NOU-en som Ludviksen-utvalet la fram i 2015, er ikkje skulen berre ein stad for å lære fagleg kunnskap og dugleik, men òg ein stad for personleg og sosial identitetsutvikling. Målet og meininga med skulen er prega av psykologiseringa av samfunnet. Skulen er i seg sjølv noko som skal ivareta den psykiske helsa til barna, og når dei ikkje får skule, kan det skade dei.

– Om den psykiske helsa til alle barn er ansvaret til skulen, legg det eit enormt ansvar på læraren?

– Absolutt, og det var noko mange lærarar reagerte på i fagfornyinga. Skulen blir sett på som ein forebyggande instans som skal ruste elevane for å handtere livet. Så kan du seie at det har skulen alltid gjort, men meir i tydinga «lære dugleikar som å rekne, lese og skrive». Ikkje livsmeistring.

Pandemien

– Streiken råkar barn som alt har hatt mykje heimeskule. Kva veit vi om konsekvensane pandemien fekk for den psykiske helsa til barn og unge?

– Det er eit litt uklart bilete. Det statlege utvalet som la fram ein rapport i april i fjor, fann ut at ein del av dei som sleit allereie, vart råka hardt. Men for dei fleste gjekk det greitt, seier Madsen.

I rapporten han viser til, Livskvalitet, psykisk helse og rusmiddelbruk under Covid-19-pandemien, heiter det mellom anna: «Et mindretall, og da særlig i grupper som var utsatt fra før, har opplevd betydelige økte psykiske helseplager. Barn og unge i sårbare omsorgssituasjoner har vært særlig utsatt.»

I kapittelet om barn og ungdom er konklusjonane svært sprikande: «Longitudinelle studier (langtidsstudiar, red.merk.) viser i gjennomsnitt få endringer fra tiden før pandemien. Dette gjelder både for endringer målt i atferdsproblemer og endringer målt i symptomer på angst. For symptomer på depresjon ga de longitudinelle studiene i oversikten et mer variert bilde. Noen studier viste forverring, mens andre ikke gjorde det.»

Overdriving

Sjølv om det kan vere gode og aktverdige grunnar til at folk no ropar varsku på vegner av ungdomen, er det fare for å overdrive, meiner Madsen.

– Det er ein del farar med psykologiseringa av samfunnet. Det er ikkje bra om det kvardagslege språket vi brukar om livets nedturar blir gjennomsyra av diagnosespråket. Det er lett å kjenne sympati med dei som synest livet er keisamt og einsformig utan skule. Men det er langt derifrå til å snakke om fare for psykose.

– I staden for å bruke det moderne diagnosespråket kan vi ty til eit gammalt ordtak: Lediggang er rota til alt vondt. Både unge og vaksne kan slite om vi blir gåande lenge utan noko å gjere?

– Absolutt, og ein moderne variant av problemet er lediggang på skjerm. Når det ikkje er skule, vil mange barn og unge bruke veldig mykje tid på dataspel eller sosiale medium. Så kan ein seie at det er eit foreldreansvar å regulere det. Men både evne og høve til å regulere dette er veldig ulikt fordelt. Og det kan slå ulikt ut.

– Meir allment: Blir mange barn og unge sjuke av å vere nokre veker borte frå skulen, veit vi noko om det?

– Eg kjenner ikkje til empirisk forsking som seier noko om dette. Mange av dei som ropar varsku no, forskotterer ei viss utvikling som følgje av streiken. Men kva konsekvensane blir, veit vi eigentleg lite om. Kritikarane har kanskje eit ønske om å vere føre var på vegner av barn og unge.

Snøfnugg

– Psykiske plager blant barn og ungdom får langt meir merksemd enn før. Men i kva grad er eigentleg barn og ungdom endra frå nokre tiår attende?

– Det har eg òg lurt på. I amerikansk debatt hevdar somme at unge i dag toler lite motgang, dei blir snakka om som snowflakes, snøfnugg, altså noko veldig skøyrt. Eg er ikkje sikker på om det stemmer. Det vi veit, er at vi som samfunn lyttar meir til barn og unge enn før. Vi har òg blitt meir opptekne av at alle individ er sårbare, ikkje berre barn og unge. Og vi legg meir vekt på subjektivt ubehag enn før. Det er mykje bra med denne utviklinga, men det er òg nokre fallgruver.

– Om barn og unge faktisk har blitt meir psykisk sjuke enn før, er det paradoksalt. Aldri før har vel foreldra gjeve ungane meir kjærleik og prioritert dei så høgt som i dag?

– Ja, det er eit paradoks der. Så er det ein del kritikk mot overbeskyttande foreldre, såkalla helikopter- eller curlingforeldre. Men vi ser samtidig at barn med fråverande foreldre har langt større risiko for å få problem enn dei barna som får mykje oppfølging.

Lite glede

– Eit anna paradoks: Ungdata-undersøkingane syner at stadig fleire norske ungdomar er plaga av stress i skulekvardagen. Da kan det vel vere ein lette å få fri nokre veker på grunn av streik?

– Ein skulle tru det. Og det var ein del slike reaksjonar da skulane stengde under pandemien. Mange familiar opplevde ein mindre stressa og oppjaga kvardag der det ikkje var mange ting dei måtte rekke. Men i samband med streiken no høyrer vi mest om uro over psykisk helse og elevar som er redde for få framtida øydelagd. Om dette hadde skjedd for ein del år sidan, trur eg vi ville sett fleire elevar som jubla over at dei fekk høve til å slappe av. Men det ser vi i alle fall lite av i media. Der ser vi triste, urolege unge som saknar skulen, seier Madsen.

Apropos: Forfattar Birger Emanuelsen skreiv denne veka eit Facebook-innlegg som mange delte – ikkje minst lærarar. Her er eit lite utdrag: «Er det virkelig ingen barn eller ungdommer mellom 10 og 18 år som har det litt greit om dagen? Som er litt glad for at skolen er stengt ned? Som finner på noe med vennene sine? Eller får seg nye venner? Er det sånn at ikke det finnes noen som drar på hyttetur? Eller overnatter ute i skauen? Ingen som blir kjærester? Sitter alle inne og venter på at skolen skal begynne igjen? (...) Er det virkelig ingen som lager tegneserier? Som høster poteter? Det må da vel være NOEN norske barn og ungdommer som ikke kollapser? Som ikke glir inn i ensomhet? (...) I så fall må jeg si at denne streiken – som jeg støtter av hele mitt lærerelskende hjerte – kom i grevens tid. Da fikk vi en mulighet til å oppdage det alle sammen: Ungdommen vår virker ikke. Og det er nok vår feil», skreiv Emanuelsen.

– Er det noko i denne diagnosen? Viser streiken oss at ungdomen ikkje fungerer?

– Vi kan jo håpe at norske ungdomar gjer mykje av det han etterlyser i det innlegget, men det er ikkje det vi høyrer om i media. Det er òg nokre lyspunkt å finne i Ungdata-undersøkingane: Etter år med nedgang er det blitt fleire unge som gjer ting utan at det er organisert av vaksne. Dei unge er framleis heimekjære, men vi ser at det er meir frileik og fleire unge som heng saman utandørs, etter mange år med nedgang. Og vi ser endeleg teikn til at auken i psykiske plagar blant ungdom har stogga opp. Det er da noko, seier Ole Jacob Madsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis