JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Eit øksehogg i magen

Ei øks høgg meg i magen når eg ser kuftekledde demonstrantar verte frakta vekk av store, svartkledde kråker. Eller er det politimenn?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5631
20230303
5631
20230303

Natur og Ungdom og NSR Nuorat okkuperer inngangane til fleire departement i Oslo. Dei, og mange med dei, krev at menneskerettsbrotet på Fovsen-Njaarke Sijte, Fosen reinbeitedistrikt, opphøyrer ved at turbinane vert tekne ned og området tilbakeført for å verne den samiske kulturen og naturbruken.

Sist eg såg samiske demonstrantar verte fjerna av politifolk, var bileta i svartkvitt.

Eit ekko pressar seg fram, elva skal leve, fjella skal leve, eller er det lyden frå spelefilmen eg høyrer? Livet og kunsten går i eitt som for 45 år sidan, og eg ser Ella Marie Hætta Isaksen og Beaska Niillas på nyhendesendingane, slik eg såg dei på kinoduken for nokre veker sidan, men no er det ikkje skodespel. Samekuftene er vrengde, eit sterkt uttrykk for protest som eg aldri har sett i slikt omfang som no. Eg kan knapt sove, for hjartet mitt er i hovudstaden, medan kroppen er i Sápmi.

Samekultur

Ein høgsterettsdom, og kva så? No står vindturbinane der. Noreg bryt menneskerettane kvar dag, time og minutt. Kvifor skal du som lesar bry deg, du er kan hende ikkje så oppteken av samar, og kva inneheld eigentleg samekulturen?

Ja, kva er ein same om ho ikkje er reineigar? Er han same om han ikkje flytter frå sommar- til vinterbeite og attende om eit halvår? Det fleste i Noreg kjenner ikkje éin einaste same personleg, og difor er det sjablongbileta som trer klårast fram, men vi er så mykje meir.

Når som helst kan eg måtte svare, som om alle som er samiske, automatisk er ekspert på samisk kultur. Om eg snur på det og ber deg definere kva norsk kultur er, korleis skil han seg frå til dømes tysk kultur? Eller frå svensk? Kor kjapt og presist kan du svare?

Dei som i denne saka set ein prislapp på kvart reinsdyr det er snakk om, er skuldige i eit frekt forsøk på å vri fokuset vekk frå saka, som er det eklatante menneskerettsbrotet regjeringa har vore ansvarlege for i meir enn 500 dagar. Djupast sett handlar det om vern av kultur, og kulturen, den er det vi menneska som ber med oss, og den samiske kulturen baserer seg på naturbruk, tilknyting til landområda våre og ikkje minst til reinsdyra.

Utan reinsdyr, ingen samekultur i store område. Eg har ikkje rein, dei fleste samar har ikkje det, så kvifor skal eg bry meg? Tremenningane mine driv med rein i Finnmark, firmenningane mine driv med rein i Trøndelag, det vert rekna som nær slekt i samisk samanheng, og eg har vener som driv med rein. Det er ikkje ein jobb, det er eit liv; det er viset dei er menneske på.

Fråtekne reinmerket

I 1978 vart reinmerket til far min, tantene mine, besteforeldra mine og onkelen min sletta av staten. Reinmerket er det unike merket ein skjer inn i reinøyret for å vise kven som eig reinen. Familien vår er dalonat, fastbuande småbrukarar på Finnmarksvidda. Dei hadde eigne reinsdyr og var verdde (nyttevener) til reineigarar i området; nokre var nære slektningar.

Staten vedtok at berre samane som var nomadiske og flytta med reinflokkane, skulle ha eigarrett. Når vedtaket vart klubba gjennom, sletta ein basisen for hundreårige relasjonar mellom reinsamar og dalonat både på vidda og på kysten. Mange dalonat hadde reinsdyr i innhegningar, både som trekkdyr, for kjøt og for mjølking, i tidlegare tider.

Som ungdom tamde far min køyrerein for andre. Eg fortel dette som eit enkelt døme på reinsdyret signifikans for langt fleire enn dagens reinsamar. Då har eg ikkje eingong gått inn på det store komplekset som flettar saman matkultur, handel, kommunikasjon, epistemologi, opphavsmytar, klesdrakt, reiskapsproduksjon og dei andre aspekta ved reinsdyra.

Med dette skar staten over dei sterkaste banda mellom dei fastbuande i innlandet, sjøsamane, mange nordmenn og flyttsamane med rein. Ja, for familiane hadde ofte fleire verdder på kryss og tvers. Reinsdyret, ikkje berre reindrifta, er både fundament og berebjelke for mykje av det som utgjer samisk kultur.

Berre flyttsamar

Kvifor skulle staten slette reinmerka til dalonat? Av same grunn som at han braut eigne lover både då han gav konsesjon til vindparken på Fovsen-Njaarke, og då han eksproprierte reindriftsområda. Av same grunn som at dei tvingar tvangsslakting på enkelte reineigarar. Av same grunn som at dei gjev konsesjonar for mineralutvinning og forureinande tiltak i samiske bruks- og busetjingsområde. Av same grunn som at nye hyttefelt og vegar vert prosjekterte i beiteområde. Reinmerka til dalonat skulle slettast fordi det er forskjell på folk.

Berre flyttsamane skulle «vere samar» og eige reinsdyr, og dermed kunne dalonat og andre sjøsamar lettare fornorskast. Det er ikkje rart om du tenkjer på samar utelukkande som reineigarar. Det biletet vart medvite skapt for at det skulle verte lettare å ta frå mange samar språket og gjere dei norske i sinn og skinn. Ei line strekkjer seg frå reinmerkesletting og altakampen fram til dagens modige samar utanfor makthøgborgene i Noregs hovudstad.

Eg vonar dei kjenner at vi held dei oppe når dei vert slitne, vi skal vere som mjukt reinskinn under ryggen deira, vi skal vere sterk lávvu-duk over dei og verne dei – slik lovene eigentleg skulle gjere, men det er forskjell på folk. Nokre betyr mindre enn andre, ifølge den norske regjeringa.

Drengen som statsministeren skuvar framfor seg, minister Aasland, framfører ein bodskap når han står skulerett på Debatten: «utgreie, utgreie, utgreie». Eg høyrer «trenere, trenere, trenere».

Noko er gale i rettsstaten Noreg, og det er stanken av rotnande roser.

Susanne Hætta er forfattar, fotograf og kunstnar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis