Ein verkeleg rik nasjon

Ein ny antologi tek eit oppgjer med myten om det fattige Noreg. I røynda har vi vore mellom verdas rikaste land i 150 år, fortel redaktør og historieprofessor Jan Eivind Myhre.

Vi hadde ikkje så stor utvandring til USA av di vi var fattige, men av di vi var relativt rike og frie til å fara, fortel Jan Eivind Myhre.
Vi hadde ikkje så stor utvandring til USA av di vi var fattige, men av di vi var relativt rike og frie til å fara, fortel Jan Eivind Myhre.
Publisert

Kunnskap er politikk. Det veit både radikalarar og konservative. Men det finst ulike nivå av både kunnskap og politikk. Då Jan Eivind Myhre var ferdig utdanna historikar og underskrivne barneskuleelev, fanst det eit fag som heitte «orienteringsfag», «o-fag». Vi snakkar om dei seine 1970-åra. O-fag var eit litt underleg fag. Faget inneheldt historie, geografi, samfunnslære, fysikk, kjemi, biologi og geologi, og jau, som vi hugsar, litt om sex.

Underskrivne har framleis ei av o-fagbøkene frå 6. klasse. Ja, eg vedgår at eg gløymde å levera henne inn. Eit av kapitla har overskrifta «Fattigdom i gamle dagar». Det byrjar på dette viset: «Berre Portugal var fattigare enn Noreg i Vest-Europa i 1905.»

Så kom det ei lang liste med kor gale det var i Noreg ved hundreårsskiftet. Nede til høgre på siste sida om historisk fattigdom stod leksa: «Snakk med besteforeldra dine eller andre som levde i 1905 om korleis det var å vera born på den tida. Skriv ned døme på fattigdomen.»

Ingen hugsar

Det gjekk nokså dårleg. Korkje underskrivne eller medelevane fann besteforeldre som var viljuge til å fortelja om den utbreidde fattigdomen Noreg visstnok skulle ha vore underlagt då vi vart ein uavhengig stat. Jau, dei var rett nok viljuge til å seia at andre var fattige, men ikkje dei sjølve. Dei fattige var alltid dei andre. Men ikkje «vår» familie.

No har Myhre, som med åra har vorte professor i historie ved Universitetet i Oslo, gjeve ut antologien Myten om det fattige Norge. En misforståelse og dens historie. For oss som voks opp med o-fag og hadde eit litt negativt tilhøve til bøkene vi var pålagde å lesa, er boka ein fest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement