JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein verkeleg rik nasjon

Ein ny antologi tek eit oppgjer med myten om det fattige Noreg. I røynda har vi vore mellom verdas rikaste land i 150 år, fortel redaktør og historieprofessor Jan Eivind Myhre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi hadde ikkje så stor utvandring til USA av di vi var fattige, men av di vi var relativt rike og frie til å fara, fortel Jan Eivind Myhre.

10505
20211210
10505
20211210

Historie

jon@dagogtid.no

Kunnskap er politikk. Det veit både radikalarar og konservative. Men det finst ulike nivå av både kunnskap og politikk. Då Jan Eivind Myhre var ferdig utdanna historikar og underskrivne barneskuleelev, fanst det eit fag som heitte «orienteringsfag», «o-fag». Vi snakkar om dei seine 1970-åra. O-fag var eit litt underleg fag. Faget inneheldt historie, geografi, samfunnslære, fysikk, kjemi, biologi og geologi, og jau, som vi hugsar, litt om sex.

Underskrivne har framleis ei av o-fagbøkene frå 6. klasse. Ja, eg vedgår at eg gløymde å levera henne inn. Eit av kapitla har overskrifta «Fattigdom i gamle dagar». Det byrjar på dette viset: «Berre Portugal var fattigare enn Noreg i Vest-Europa i 1905.»

Så kom det ei lang liste med kor gale det var i Noreg ved hundreårsskiftet. Nede til høgre på siste sida om historisk fattigdom stod leksa: «Snakk med besteforeldra dine eller andre som levde i 1905 om korleis det var å vera born på den tida. Skriv ned døme på fattigdomen.»

Ingen hugsar

Det gjekk nokså dårleg. Korkje underskrivne eller medelevane fann besteforeldre som var viljuge til å fortelja om den utbreidde fattigdomen Noreg visstnok skulle ha vore underlagt då vi vart ein uavhengig stat. Jau, dei var rett nok viljuge til å seia at andre var fattige, men ikkje dei sjølve. Dei fattige var alltid dei andre. Men ikkje «vår» familie.

No har Myhre, som med åra har vorte professor i historie ved Universitetet i Oslo, gjeve ut antologien Myten om det fattige Norge. En misforståelse og dens historie. For oss som voks opp med o-fag og hadde eit litt negativt tilhøve til bøkene vi var pålagde å lesa, er boka ein fest.

Føreordet til Myhre byrjar slik: «Da Landsorganisasjonen ble stiftet i 1899, var Norge nest fattigst i Europa, bare Irland var fattigere. Det hevdet i hvert fall Yngve Hågensen i 2014.» Så kjem døma på ei snor om kor feil både Hågensen og andre med han har teke.

– Det starta med at eg skreiv ei lærebok for Samlaget i historie frå 1814 til 1905. Eg las mykje. Det var ikkje måte på kor store framgangar Noreg hadde gjennom i dette hundreåret. Eg kunne ikkje trekkja ein annan konklusjon enn at vi måtte ha vore nokså langt framme gjennom mykje av den perioden.

Kronprinsen

Myhre skreiv bok rundt 2010. I Norsk historie 1814–1905: å byggje ein stat og skape ein nasjon skreiv han om alt det gode vi fekk til då, og kor bra det gjekk for den unge nasjonen. Men samtida var ikkje samd. Både kronprins Haakon og Jens Stoltenberg heldt nyårstalar og fortalde at det verkeleg stod gale til i Noreg.

– Det var ikkje måte på kor fattige vi var. Eg byrja å skriva ned døme på slike påstandar, at Noreg på eit eller anna tidspunkt var «eit av Europas fattigaste land». Det som er særleg artig, er at ingen seier Noreg var «fattigast». Nei, det er alltid at vi var «nest fattigast». Men kven som var «fattigast», varierer. Særleg populære som «fattigast» var Finland, Irland, Portugal og Hellas.

Så systematisk vart Myhre at han fann ut at han ville laga ein konferanse i Det Norske Videnskaps-Akademi. Dei som held føredrag der for to år sidan, i november 2019, pluss eit par andre, har skrive dei ulike artiklane i antologien.

– Ja, nesten alle var sjølvsagt mykje fattigare enn vi er no, og alle har ein bestefar eller ei oldemor som fortel om det. Ikkje hadde dei straum, og pengane dei tente, måtte berre gå til det mest naudsynte. Ja, det er sant. Men nordmenn rundt 1900 hadde til det mest naudsynte, og svolt var sjeldan, om ikkje heilt utrydda. Ja, Noreg var fattig samanlikna med no, samanlikna med 1930-åra, samanlikna med 1950-åra, men ikkje samanlikna med andre land i Europa eller resten av verda på noko tidspunkt etter 1850. Noreg var av dei få landa som ikkje hadde hungersnaud etter 1814.

AS olje

Og det er i mangelen på samanlikning Myhre trur at myten har oppstått – at Noreg dei siste 50 åra, etter at vi fann oljen, har vorte så utruleg rikt at alt anna svinn. Vi samanliknar ikkje Noreg før med andre land, men Noreg no med fortida. Då taper vi mykje historisk kunnskap.

Tak dette med innvandring, som mange er opptekne av i vår samtid: Finland opplevde hungersnaud i 1860-åra. Kva førte det til? Ei stor bylgje med finnar vandra inn i Finnmark. Til og med det fattige Finnmark var langt betre enn Finland. Eller tak Sørlandet og Øst- og Vestfold, der mange den dag i dag har svenske etternamn. Kvifor det? Mange tusen svenskar innvandra av di Noreg hadde mykje høgre inntektsnivå enn Sverige i andre halvdelen av 1800-talet.

– Svenskane kom til Sørlandet mellom 1850 og 1880, før krisa i reiarnæringa, men særleg kom dei i ettertid til det sentrale Austlandet. Ja, dei kom særleg til industrien som utvikla seg i byane langs Oslofjorden, men dei kom òg i ein jamn straum som landarbeidarar til landbruket. Landbrukshistorikaren Stein Tveite har heilt overtydande synt at heilt attende til 1700-talet var løningane i landbruket i Noreg langt høgre enn i Sverige.

Ikkje noko nytt

Myhre hevdar ikkje at han seier noko nytt, han seier berre at det er naudsynt å seia visse ting på ny og på ny. Bruttonasjonalprodukt per capita er standardmålet for velstand. Nei, det er ikkje eit perfekt mål, og det er eit særleg lite perfekt mål om vi går attende til åra før fyrste verdskrig. Men stort sett alle som har konstruert tabellar for til dømes 1800-talet, har kome til at Noreg låg langt føre til dømes Sverige per innbyggjar i 1870.

– Ja, det var fleire svenskar som drog til Danmark rundt 1870. Danmark, Nederland og Storbritannia var dei rikaste landa då, etter kvart kom også Sveits, målt i BNP per innbyggjar. Men Noreg låg tidleg nær europatoppen og heldt seg der. Frå 1870 låg vi midt i biletet i Nordvest-Europa, men langt føre Sør- og Aust-Europa. Vi etablerte oss i verdstoppen i velstand.

Så er det dette med utvandring. Berre Irland sende fleire til Amerika enn Noreg målt etter folketal. Det har dei fleste av oss fått med seg. Det må då vera eit døme på at Noreg var lutfattig? Myhre er heller ikkje samd i det. Ja, USA var rikare enn Noreg, men det vil ikkje seia at Noreg var fattig.

– Suget frå USA er undervurdert, og fattigdomen i Noreg overvurdert. Ein drog fordi ein hadde råd til det. Yngre søner hadde ikkje ein gard å taka over, og av og til var det sjølvsagt økonomiske kriser i Noreg. Men at så mange nordmenn drog, handla om at ein hadde høve til det, hadde råd til det. Nordmenn på båe sider av Atlanterhavet hadde pengar til å finansiera turen. Og hugs også dette: Nordmenn kunne lesa og skriva. Dei las aviser og såg kva Amerika hadde å tilby.

Frie borgarar

Men på toppen av avisene, på toppen av annonsane frå amerikanske styresmakter, på toppen av Amerika-breva og lesekunna, kom fridomen. Nordmenn var frie. Dei kunne gjera som dei sjølv ynskte.

– Til og med husmenn kunne reisa fritt, alle hadde den fridomen. Og så kjem det heilt enkle at Noreg alltid har vore eit vestvendt land, ein sjøfartsnasjon, eit ope land. Høvet til å fara var større her enn stort sett alle andre stader. Vi var ein open og relativt rik nasjon. Med eit slikt utgangspunkt vart vi eit utvandringsland. Vi var ikkje Slovakia eller eit midttysk rike. Vi hadde ikkje så stor utvandring til USA av di vi var fattige, men av di vi var relativt rike.

Dei harde trettiåra

Men så er det dei harde 1930-åra. Dei skulle, om vi skal taka o-fagbøkene og andre bøker på alvor, ha vore nett harde og vanskelege. Så ja, kanskje gjorde vi det greitt i åra før krakket i 1929, men etterpå gjekk det verkeleg gale. Vi har alle lært om kriseforliket i 1935, og alt det gode som skjedde i ettertid. Sanninga er at stor delar av Noreg gjorde det nokså godt i 1930-åra. Ørsta kommune, som underskrivne no sit i, hadde til dømes ein vekst i kommunebudsjetta på heile 10 prosent per år gjennom heile 1930-åra.

– Nei, det er ikkje slik at 1930-åra var milde for dei som miste arbeidet. Men hadde ein arbeid, auka kjøpekrafta. 1930-åra var ikkje hardare i Noreg enn i andre rike land, truleg var dei litt betre. Ja, vi har lært på skulen at arbeidsløysa i Noreg var over 30 prosent då, men det er tal frå fagforeiningar, altså organisert arbeidskraft. Ja, sjølvsagt var det forferdeleg for dei som var medlemer av fagforeiningar og mista arbeidet, men samla var arbeidsløysa neppe høgre enn 10 prosent på det verste. Dei som hadde arbeid, opplevde velstandsvekst.

Feil døme

Her strekar Myhre rett nok under at Ørsta og Møre og Romsdal ikkje er eit særs godt døme på 1930-åra. Veksten både i Romsdal og på Sunnmøre var unikt høg, både i norsk og internasjonal samanheng.

– Når det er sagt, så har nok dei harde 30-åra vore noko som arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet har nytta for å framheva veksten og velstanden etter krigen. Ottar Brox har sagt det godt: «Noen har behov for en fattig fortid.» Nei, dette gjeld ikkje berre Arbeidarpartiet, den trongen er nokså altomfattande. Både Høgre og Venstre seier at det ikkje berre er arbeidarrørsla som har skapt velstandssamfunnet. Det har dei sjølvsagt rett i. Men når det er slik at vi har vorte så rike no, er det dess meir å tena på å skapa ei fattig fortid.

Her byrjar Myhre nesten å verta litt hissig. Han siterer den nett avgåtte olje- og energiministeren, Tina Bru, som medan ho var minister, sa at «oljen er det som har skapt velferdsstaten Norge».

– Som om vi ikkje hadde eit velferdssamfunn før oljen!

Ny bok

Myhre skriv no på ei eiga bok om myten om fattigdomen, antologien er ikkje nok. Der konsentrerer han seg særleg om dette at oljen har skapt så mykje «ekstrarikdom», at nærast alt anna vert fattigdom.

– Eg har mange sider med Tina Bru-døme, men eg trur faktisk at skjønnlitteraturen har vore vel så avgjerande for mytedanninga som politiske parti. Eg seier ikkje at ulike forfattarar i notida eller i fortida har skildra noko falskt når dei har lagt så sterk vekt på elende. Men det dei ikkje skriv om, og kanskje ikkje veit, er at stoda var langt verre i andre land.

Kva med dette at Noreg vart verdas tredje største sjøfartsnasjon av di norske reiarar kunne betale arbeidarane dårleg, sidan vi var så fattige? Diverre er også det ein myte, fortel Myhre. Vi vart ein sjøfartsnasjon av di vi var flinke i sjøfart.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det som er særleg artig, er at ingen seier at Noreg var «fattigast». Nei, det er alltid at vi er «nest fattigast».

Jan Eivind Myhre, historieprofessor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis