Handelspolitikk

Ein toll å slå seg til tols med

Ola Grytten ­trur ikkje Noreg klarar å forhandle seg til ein mykje lågare toll enn 15 prosent på varer til USA, men meiner det likevel er viktig å få ein avtale.

Noreg forhandlar vidare med USA for å prøve å få lågare tollsats. Biletet er frå april, då Jonas Gahr Støre vitja Washington.
Publisert Sist oppdatert

Norske eksportbedrifter møter frå no 15 prosent ekstra toll på alle varer til USA. Det kjem til å gå heilt greitt både for norsk økonomi i stort og for dei fleste bedriftene, meiner økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten ved Norges Handelshøyskole.

– Det er i hovudsak tre næringar i Noreg som eksporterer til USA, og det er sjømatnæringa, produsentar av maskinar og transportmiddel og produsentar av petroleumsprodukt. Samstundes som desse no får toll, er amerikanarane klare på at dei vil straffe dei som importerer energi og petroleum frå Russland. Så for norske produsentar av petroleumsprodukt trur eg det vil finnast ein marknad sjølv med 15 prosent toll. Det same trur eg er tilfellet for sjømatnæringa, for på verdsbasis har fiskeri- og oppdrettsnæringa no ei lita produksjonskrise og klarar ikkje produsere nok fisk.

– Kva for aktørar kjem til å verte hardast råka?

– Nokre av dei som eksporterer fisk, kan kome til å slite litt, men samstundes er det slik at andre som eksporterer fisk til USA, også har fått toll. Slik er det òg for andre som produserer petroleumsprodukt og maskinar. Og fleire av dei har fått høgare toll enn Noreg. Storbritannia og Falklandsøyane er dei einaste som har fått lågare enn 15 prosent. Slik sett er eg ikkje så redd for tollen norske bedrifter møter i USA. Vi eksporterer dessutan for 62 milliardar kroner i året til USA. Dette utgjer rundt 4 prosent av all norsk eksport. 96 prosent av eksporten vår går altså til andre land, så vi må ikkje overvurdere følgjene av denne tollen.

– Men tollen kan påverke varestraumar elles i verda. Korleis vurderer du følgjene av det?

– Ja, verdshandelen kan falle noko, og det kan gje litt lågare økonomisk vekst. Det kjem til å gå ut over Noreg, som eit land som eksporterer mykje. Men alle kalkylar som er gjorde, tyder på at den største effekten av tollen vert prisstiging i USA. Statsinntektene til USA kjem til å auke, og handelsbalansen andsynes andre land vert litt betre, men det må dei nok betale tilbake i auka inflasjon. Det å verne enkelte næringar vil også kunne medføre mindre produktivitetsvekst. Men eg trur ikkje vi skal overvurdere verknadene her heller. Importen utgjer ikkje meir enn 12–13 prosent av USAs økonomi, og store delar av varevolumet som vert importert, har fått unntak for toll.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement