Økonomi
Ein forgjelda nasjon
Statsgjelda i USA har gått frå 34 prosent av BNP ved tusenårsskiftet til over 100 prosent no. Det var kjekt så lenge det varte.
President Joe Biden delte denne veka ut gulrøter til fattige i Philadelphia i Pennsylvania.
Foto: Joshua Roberts / Reuters / NTB
I boka The Origins of Political Order frå 2011 introduserer amerikanaren og statsvitaren Francis Fukuyama – ja, han som i si tid tabba seg ut ved å seia at historia hadde teke slutt – eit omgrep som no nærast har vore ein klisjé innanfor statsvitskapen: «getting to Denmark», «korleis verta Danmark».
Fukuyama meiner Danmark er verdas mest vellukka samfunn, og boka handla om korleis samfunn kan utvikla seg til å verta som Danmark, eller meir rett: Korleis samfunn ikkje maktar å verta som Danmark, som etter Fukuyamas syn er særs vanskeleg. Fukuyama har gått frå å vera ein optimist til å verta ein pessimist på vegner av verda. Og særleg pessimistisk er han på vegner av utviklinga i USA.
Korleis har det gått med den danske økonomien under covid-19? Omtrent like godt som den norske økonomien, det vil i grunnen seia heilt fint. Men Danmark har makta det Noreg ikkje har makta: Dei har kome seg gjennom epidemien utan å pøsa særleg med pengar ut over verksemder og personar.
I 2021 har formuen til den danske staten gått opp med 110 milliardar, langt meir enn det auka låneopptaket til den same staten. Danmark går ut av covid-19-krisa med mindre statsgjeld enn før covid-19 målt etter BNP. Statsgjelda er no attende på nivået frå før finanskrisa. Ho ligg og vakar på rundt 23 prosent av BNP, seier Danmarks Nationalbank.
Budsjettkontoret
Nei, dette skal ikkje handla om Danmark, det skal handla om USA, men Danmark er ein grei kontrast til det som går føre seg i USA. Den amerikanske kongressen har eit eige budsjettkontor. Kontoret vert rekna som nøytral institusjon og kjem ikkje med tilrådingar, men dei reknar heile tida på politiske framlegg, vedtak, statsbudsjett og gjeld.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.