Dyrtid
Eg er skadd. Det liker eg ikkje, for eg er vorten avhengig av hard kondisjonstrening. Problemet er at eg har vondt i raua og på baksida av låra. Og med ein gong eg tek litt i, vert eg straks verre. Men det skal eg ikkje bry meg om, eller skal eg det?
Eg gjekk til fysioterapeut. Han fortalde at ein muskel på baksida av raua på båe sider var kortare enn ein muskel lenger inne. Dette førte til at isjiasnerven var i klem. Svaret var massivt med tøying. I praksis skulle eg tøya baksida av låra og raua i 20 minutt kvar dag. Men eg måtte for all del slutta med sykling, som eg har halde på med i fem år. Eg skulle gå i motbakke.
Eg gjorde alt han sa, og vart suksessivt verre i ei veke før neste time. Då eg kom attende, gav han meg forbod mot å tøya meir og sa at raua mi heilt hadde kopla ut. Han gav meg nokre styrkeøvingar i staden, som synte seg å vera rein smerte. Eg kopla ut han.
Eg gjekk til kiropraktor. Eg hadde ikkje isjias sa han. Eg hadde inflammasjonar frå rett over knea og opp i korsryggen, var hans konklusjon. Eg skulle berre trena på, og tøya, men berre maks ti sekund om gongen. Smertene var elles ikkje farlege, men ein del av livet. Men som alltid med kiropraktorar var gåing i ulendt terreng særs viktig. Eg gjekk i ulendt terreng, og smertene er verre enn nokon gong.
Eg ringde ein annan fysioterapeut. Han har no booka meg inn for nevrologisk undersøking og sa på telefonen at han var sikker på at det var noko gale med ryggen min.
Elles gjekk eg fyrst til ortoped. Han fann ut at det var noko gale med ein muskel mellom dei nedste ribbeina mine. Han konstaterte at det var ein typisk golfskade og tilrådde at eg tok ein pause. Det var den golfkarrieren, som eg elles aldri fekk byrja på.
Eg trur eg tek ein pause frå folk som meiner dei har peiling. Ekskona mi, som er dokter, seier at eg kan taka Ibux. Eg trur ho har rett. Eg kunne ha fått mykje Ibux for dei 5600 kronene eg har nytta så langt.
JH
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.