JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Asylreform
i stampe

EU-landa kranglar om fordelinga av asylsøkjarar som kjem til Europa, og parlamentet vil ta EU-midlar frå land som ikkje tek ansvar. – Diskusjonane er på grensa til irrelevante, meiner Elizabeth Collett i Migration Policy Institute.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flyktningar og migrantar i matkø i mottakssenteret Moria på Lesvos i Hellas. Ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR, bur det framleis fleire tusen personar i denne leiren, og dobbelt så mange som kapasiteten i leiren tilseier.

Foto: Petros Tsakmakis / InTime News via AP / NTB scanpix

10399
20180223

Dublin-samarbeidet

Er eit samarbeid mellom EU-landa, Island, Sveits, Liechtenstein og Noreg.

Har som grunnleggjande prinsipp at ein asylsøkjar skal handsamast av berre éin medlemsstat innanfor samarbeidet, og i hovudsak av staten asylsøkjaren fyrst kjem til.

Systemet braut saman då det i 2015 kom over 1,3 millionar flyktningar og migrantar til Europa.

Norge vart knytt til Dublin-samarbeidet i 2001.

Innvandring

eva@dagogtid.no

Talet på migrantar som kjem til Europa, held fram med å gå ned. Så langt i år har 8800 personar kryssa Middelhavet inn til Italia, Spania, Hellas og Kypros, ifølgje den internasjonale organisasjonar for migrasjon, IOM. Det utgjer 5 prosent av dei som kom i fjor, og mindre enn 1 prosent jamført med i 2015.

Samstundes er det framleis fleire tusen migrantar i Italia og Hellas som ventar på å få asylsøknadene sine handsama i eit anna EU-land. I tillegg ventar EU-kommisjonen nye tilstrøymingar av asylsøkjarar både på kort og lang sikt framover. Det er bakgrunnen for reforma av asylsystemet som no er under utarbeiding i EU. Eller utarbeiding og utarbeiding: Den svenske EU-parlamentarikaren Cecilia Wikström, som er ansvarleg for reforma i EU-parlamentet, er skuffa over mangel på framdrift frå EUs stats- og regjeringssjefar.

EU-kommisjonen har lagt fram eit reformforslag, og EU-parlamentet har gjort det same, men dei kjem ingen veg før rådet, som representerer medlemslanda, òg har klart å einast om ein posisjon.

– Vi er klare til å forhandle, men rådet har ikkje gjort noko. Dei ser ut til å vere nøgde med at vi har sperra grensa og fått ein returavtale med Tyrkia og avtalar med afrikanske land, som samla gjer oss til ei Festning Europa. Då trur dei vi ikkje treng gjere noko meir, seier Wikström til Dag og Tid.

Fordeling i kriser

«Er det éin ting den noverande flyktningkrisa har lært oss, er det at status quo i det europeiske asylsystemet ikkje er eit alternativ lenger», sa EUs migrasjonskommissær, Dimitris Avramopoulos, då han i mai 2016 la fram EU-kommisjonens forslag til reform.

Asylsystemet, som går under namnet Dublin-regelverket, byggjer på eit prinsipp om at asylsøkjarar berre får søknaden handsama i eitt av medlemslanda, og i hovudsak i landet asylsøkjaren fyrst kjem til. Systemet inneheld inga ansvarsfordeling, og det gjekk opp i liminga i 2015 då over éin million migrantar kom til Europa, dei fleste via Hellas og Italia.

EU-kommisjonen føreslår å innføre ein bindande fordelingsmekanisme som skal slå inn neste gong eit land får ein urimeleg større del asylsøkjarar enn andre land. Kor mange asylsøkjarar kvart land skal kunne ta imot, skal gå fram av ein fordelingsnøkkel basert på storleik og BNP per land. Når eit land når 150 prosent av kvota, skal nye asylsøkjarar til landet automatisk fordelast til andre Dublin-medlemsland i staden. Dublin-landa inkluderer EU-land, Sveits, Island, Liechtenstein og Noreg.

I forslaget frå kommisjonen ligg det eit høve for land til å kunne kjøpe seg fri frå fordelinga av asylsøkjarar. Det kan gjerast ved å betale 250.000 euro, som svarar til 2,4 millionar norske kroner, per asylsøkjar som då vert send til eit anna land.

Den norske regjeringa vil delta i eit nytt europeisk asylfordelingssystem og har med nokre små atterhald støtta reformforslaget frå kommisjonen, ifølgje statssekretær Torkil Åmland (Frp) i Justisdepartementet.

– Noreg støttar prinsipielt ei reform som sikrar jamnare fordeling av asylsøkjarar i Europa, og har difor støtta forslaget til obligatorisk fordelingsmekanisme, skriv han i eit e-brev.

Vil kutte i EU-midlar

EU-parlamentet er på si side ikkje nøgd med forslaget frå kommisjonen og meiner det må større endringar til for å gjere systemet rettferdig. Reformforslaget frå parlamentet vrakar prinsippet om at landet asylsøkjaren fyrst kjem til, er ansvarleg for å handsame asylsøknaden. Asylsøkjarar som har tilknyting til eit bestemt land i Europa, anten via familie eller tidlegare opphald, skal i staden kunne overførast til dette landet, medan asylsøkjarar som ikkje har tilknyting til eit bestemt land, skal kunne velje mellom dei fire Dublin-landa som til kvar tid har lågast oppfylling av asylkvoten. Til skilnad frå EU-kommisjonen meiner parlamentet dessutan at fordelingsmekanismen mellom landa skal slå inn når eit land har teke sin del av asylsøkjarar, ikkje fyrst når det når 150 prosent av kvoten.

EU-parlamentet avviser òg at det skal gå an å kjøpe seg fri frå å ta imot asylsøkjarar. Land som nektar å ta sin del av ansvaret, risikerer tvert om kutt i midlane frå EUs struktur- og investeringsfond.

Reformforslaget fekk støtte frå 43 representantar i justis- og innanrikskomiteen i EU-parlamentet, medan 16 røysta mot, og det fekk 390 mot 175 røyster då saka vart handsama i plenum. 44 representantar røysta ikkje. Wikström, som er del av Alliansen av liberale og demokratar for Europa (ALDE), seier det i hovudsak var grupperinga av europeiske konservative og reformistiske parti, ECR, som røysta imot, og at det ikkje var skilnad mellom landa.

– Eg har greidd å samle eit breitt fleirtal med støtte frå 75 prosent av representantane. Det inkluderer dei største partigruppene i parlamentet og meir enn 200 parti frå 28 land. EU-rådet har ikkje lukkast med å få 28 ministrar til å kome overeins, seier ho.

Frå diskusjonane i rådet veit ho at dei fire Visegrad-landa Tsjekkia, Ungarn, Polen og Slovakia har gått imot forslaget om ein bindande fordelingsmekanisme.

Seks land imot

Det er òg Visegrad-landa som har teke imot færrast asylsøkjarar frå Hellas og Italia gjennom naudomfordelingsprogrammet som eit fleirtal av EUs justisministrar vedtok hausten 2015. Polen og Ungarn har nekta å ta imot ein einaste av dei nær 7500 asylsøkjarane dei vart pålagde. Ungarn og Slovakia meiner EU ikkje har makt til å tvinge medlemslanda til å ta imot migrantar, og har klaga fordelinga inn for EU-domstolen, utan å få medhald.

Parlamenta i Visegrad-landa, og i Romania og Italia, har òg varsla at dei meiner den bindande fordelingsmekanismen i reformforslaga bryt med maktfordelingsprinsippet i EU, som seier at avgjerder skal takast på lågast moglege effektive nivå.

Wikström meiner det berre er rett og rimeleg at alle land tek sin del av ansvaret.

– I prinsippet handlar det om vi skal ha ein solidarisk politikk i EU eller ikkje, seier ho.

– Er det meir effektivt å halde tilbake EU-støtte til landa som ikkje vil vere med, enn å la dei betale seg ut av ansvaret?

– Det er rimelegare enn å setje ein pris per asylsøkjar. Landa det gjeld, som Polen til dømes, er store nettomottakarar av EU-midlar til sosial og regional utvikling. Dei vil ha EU-midlar, men ikkje ta ansvar for at EU fungerer. Det er ikkje rimeleg. Difor vil vi halde tilbake midlar. Det kan kanskje òg få ein slik som Viktor Orbán i Ungarn til å måtte tenkje seg litt om, seier ho.

EU-president Donald Tusk har innteke ei meir forsonande haldning overfor landa i aust. I eit notat til stats- og regjeringssjefane i EU før toppmøtet i desember, skildra han spørsmålet om bindande asylkvotar som «svært splittande» og «ineffektivt». Sjølv om EUs migrasjonskommissær og land som Sverige, Tyskland, Austerrike og Hellas reagerte på ordbruken, vart det i toppmøtet signalisert at det framleis er eit mål å finne ei fordelingsløysing alle land kan vere samde om. Fristen EU-rådet no har gjeve seg sjølv, er toppmøtet i juni.

Større ting på spel

Elizabeth Collett, som er direktør i tenketanken Migration Policy Institute Europe, ser det som lite truleg at det vert semje om ei reform av asylsystemet. Til det er splittinga mellom landa for stor og tidsvindauget for å gjere endringar for lite. Tyskland og Italia, som begge er sentrale i forhandlingane, er opptekne med val og koalisjonsbygging på heimebane desse fyrste månadene av året, medan valet i Ungarn i april kan gje Orbán ny vind i segla. Etter sommaren skal EU-parlamentet òg i gang med å førebu val, og den noverande EU-kommisjonen går inn i siste periode.

Ho trur ikkje det går mot fleirtalsavgjerd og tvang.

– Dei fleste som jobbar med dette, ser at sjølv om det er både teknisk mogleg og lov, så vil det vere politisk feil å tvinge landa til å ta imot migrantar, som i 2015. Det har skapt ei polarisering som berre gjer ting verre, seier ho.

Ho ser det ikkje som noka krise om reforma vert lagd på is til neste kommisjon er på plass og kan sjå på saka med nye auge. Omfordelingsprogrammet frå 2015 er forlengt og kjem til å gå sin gang til dei 160.000 asylsøkjarane det omfattar, er fordelte blant EU-land. I tillegg har talet på migrantar som kjem til Europa, gått ned, argumenterer ho. Skulle det endre seg i løpet av sommaren, vil det fyrst og fremst krevje støtte og innsats på andre felt, slik ho ser det.

I det heile meiner ho reform av Dublin-regelverket om fordeling av asylsøkjarar er på grensa til irrelevant, jamført med utfordringane EU har på asylfeltet samla, og kva som står på spel i det store biletet. Det skriv ho om i kommentarartikkelen «Why reforming the Dublin regulation misses the point».

– Ein burde heller bruke tid på å skaffe finansiering og ressursar til å reagere raskare der migrantane kjem. Mange EU-medlemsland manglar kapasitet i mottakssenter og i asylhandsaminga, slik at prosessane går tregt, seier ho.

– Å styrkje registrerings-, mottaks- og vurderingsprosessar ville vere meir effektivt enn fiksing og triksing med lova, skriv ho i kommentaren.

I staden for å terpe på fordeling av asylsøkjarar i ei tid med stor spenning mellom medlemslanda burde avgjerdstakarane i EU, ifølgje Collett, stoppe opp og stille seg det større spørsmålet om framtida for Schengen-samarbeidet. For klarar ikkje landa å byggje opp att gjensidig tillit og stå ved dei grunnleggjande forpliktingane dei har teke på seg, er det vanskeleg å sjå at Schengen-samarbeidet vil vare, meiner ho.

– Dette handlar ikkje lenger berre om asylpolitikk. Det handlar om det politiske samarbeidet mellom EU-statane, og tilliten mellom dei, og om Europa skal arbeide saman i Schengen-området, og korleis, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei vil ha EU-midlar, men ikkje ta ansvar for at EU fungerer.
Det er ikkje rimeleg.

Cecilia Wikström, EU-parlamentarikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis