JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Dnipro-elva som våpen

Store område i Sør-Ukraina vil bli heilt endra etter sprenginga av Kakhovka-demninga denne veka. For det låge deltalandet kring byen Kherson kan sprenginga bli ein katastrofe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit bustadområde ved elva nedanfor den øydelagde demningen i Nova Kakhovka i Kherson i Ukraina fotografert 7. juni.

Foto: Vladyslav Smilianets / Reuters / NTB

6055
20230609
6055
20230609

Korleis Kakhovka-demninga blei øydelagd natt til tysdag denne veka, vil det antakeleg ta lang tid å oppklara. I skrivande stund er det ikkje lagt fram noko prov på kven det var som stod bak.

Ein del spor peiker likevel mot den russiske militære leiinga, mellom anna at sprenginga må ha blitt utført av den militærmakta som har kontroll over området.

Det som tyder på at ukrainarane ikkje står bak, er at dei ikkje har nokon fordel av det som skjer. Samstundes som den ukrainske hæren (sannsynlegvis) er i ferd med å setja i gang den store vår- og sommaroffensiven, får styresmaktene i landet no ei stor oppgåve med å berga unna sivile frå vatnet som strøymer ut nedanfor den øydelagde demninga. Om ein skal peika ut gjerningsmann ut frå kven det er som har nytte av eit brotsverk, går tankane difor i éi bestemt retning.

Dnipro som våpen

Kanskje var det berre eit spørsmål om kva tid ein av partane i krigen ville gå i gang med å nytta eitt av dei eldste våpena som menneska har brukt i krigføring, nemleg vatn. Og diverre er det slik at elva Dnipro, eller Dnjepr, som ho er betre kjent som i Noreg, eignar seg fantastisk godt som eit våpen, om ein då er kynisk nok.

Stalin synte det i august 1941, då tyskarane nærma seg elva. Den enorme demninga ved byen Zaporizjzja blei sprengd, og vatnet i reservoaret strøymde nedover. Operasjonen gjorde lite for å stansa den tyske framrykkinga; dei gjekk over Dnipro lenger mot nord.

Damanlegget i Zaporizjzja i Kherson fylke ved opninga 10. oktober i 1932. Stalin lét dammen sprengja i 1941 (nedst) for å stogga tysk framrykking, men utan å varsla ukrainarar som oppheldt seg nedstraums.

Foto: Tass / Wikimedia Commons

Derimot blei ein stad mellom 20.000 og 100.000 sivile ukrainarar drepne. Dei var sjølvsagt ikkje blitt varsla om at demninga ville bli sprengd.

Den demninga som Stalins hemmelege politi sprengde i 1941, var blitt innvigd elleve år tidlegare, i 1932. Før det hadde Dnipro vore ei elv som berre delvis var farbar med skip. På ni stader var det farlege stryk som det var nesten uråd å forsera.

Nokre av dei som måtte baksa med dette problemet, var forfedrane våre, dei nordiske vikingane. Ei av dei aller største bragdene dei stod for, var å finna vegen gjennom det krunglete austslaviske elvelandskapet frå Skandinavia til Svartehavet og derifrå til Konstantinopel. Kring 950 sat keisar Konstantin 7. i Konstantinopel og fortalde korleis vikingane – som han kalla rus – kom seg forbi stryka i Dnipro.

Damanlegget i Zaporizjzja. Stalin lét dammen sprengja i 1941 for å stogga tysk framrykking, men utan å varsla ukrainarar som oppheldt seg nedstraums.

Mest interessant er det, sett frå vår ståstad, at keisaren fortalde at alle stryka hadde nordiske namn. Eitt av stryka heitte gelandri, det vil seia stryket som gjev frå seg høg lyd. Eit anna heitte oulforsi, den ulande fossen, og endå eitt heitte vesuppi, som på gamalnordisk skulle tyda noko slikt som «ikkje sov».

Stalin ville endra

Så lenge vikingane, mongolane, polakkane, kosakkane og dei russiske tsarane herska over landet som etter kvart fekk namnet Ukraina, rann fossestryka gjennom Dnipro slik naturen hadde skipa det til.

Kosakkane drog nytte av dette då dei etablerte sterke forsvarsverk bak stryka, za porizjzja på ukrainsk, slik at dei var verna mot tatarane og tyrkarane. Dette er opphavet til byen Zaporizjzja i dag, den sjette største byen i Ukraina.

Men Stalin ville endra på naturen. Heile den enorme Dnipro-floden skulle bli demd, som eit symbol på den sigrande, uovervinnelege kommunistiske ideen. Den fyrste demninga, den ved byen Zaporizjzja, er alt nemnd. Så kom på rekkje og rad etter krigen fem damanlegg til. Kraftstasjonen Kakhovka, med det store vassreservoaret med same namn, blei bygd i fyrste halvdelen av 1950-talet. På eit utal plakatar og propagandafilmar kunne ein sjå damanlegga. Mange i vest som studerte desse prosjekta på trygg avstand, lét seg riva med og gjekk inn i den kommunistiske rørsla.

Når ein segla på Dnipro før det russiske åtaket i fjor, fekk ein difor ikkje inntrykk av at ein var på ei elv. Ein var snarare på ei lang rekkje med store innlandshav, før ein kom til ein kraftstasjon med sluser der båtar kunne segla forbi. Difor er øydelegging av desse demningane potensielt svært farleg.

Når ein kjem ned til Kakhovka-demninga, er ein nesten nede i Svartehavet. Rett ved demninga ligg den russisk-okkuperte byen Nova Kakhovka, som alt er blitt lagd under vatn. Seglar ein nokre mil til, kjem ein til Kherson og sjølve elvedeltaet. Der finn ein på den austre elvebreidda eit stort område med låge øyar dekte av tett gras. Mellom øyane går det eit kaotisk nettverk av elvar og bekkar. Folket på desse øyane, som langt ifrå høyrer til dei mest velståande i det ukrainske samfunnet, fekk fyrst tilværet snudd opp ned då dei blei okkuperte av dei russiske styrkane i fjor.

Om nokon av dei er igjen ute i øylandskapet, er heimane deira no heilt sikkert blitt fløymde over. Det vil antakeleg gå lang tid før ein har sett alle kostnadene ved sprenginga av Kakhovka-dammen, både dei menneskelege, materielle og dei økologiske.

Øydeleggingspotensial

Heldigvis vil det etter at krigen er slutt, ikkje vera ei særleg komplisert oppgåve å byggja opp igjen den øydelagde demninga. Då vil ein kunne tørrleggja dei områda som no er sette under vatn, og få Dnipro attende til det løpet elva har hatt dei siste omlag 70 åra. Mykje verre vil det vera om den russiske krigsleiinga finn ut at øydelegging av damanlegg er eit verkeleg effektivt våpen. Det vil retta eit hardt slag mot den ukrainske sivilbefolkninga og heile det ukrainske samfunnet, men vil neppe føra til den same internasjonale fordømminga som til dømes bruken av atomvåpen.

For ein som har segla opp og ned på Dnipro eit dusin gonger, står damanlegget i Zaporizjzja fram som det potensielt mest kritiske. I dag er demninga der 800 meter brei og 61 meter høg, dobbelt så høg som Kakhovka-demninga. Zaporizjzja-dammen ser ut til å vera lettare å øydelegga med bomber og missil samanlikna med Kakhovka. Om den russiske krigsleiinga finn ut at dei skal gå til åtak der, kan fylgjene bli minst like store og like tragiske som i 1941.

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis