Kommentar
Den lange krigen
Røtene til krigen i Ukraina går heilt attende til stormaktsrivaliseringa i Europa og oppkomsten av Tyskland som utfordrar på 1800-talet.
Infanteristar i 5. Canadian Mounted Rifles returnerer frå Amiens ridande på jarnhest i august 1918.
Foto frå George Metcalf Archival Collection
I 1914 braut «The Great War» ut, storkrigen, den som seinare vart kalla «fyrste verdskrigen», kanskje den største katastrofen som hadde råka Europa nokon gong, iallfall det verste som var hendt verdsdelen sidan trettiårskrigen på 1600-talet og hundreårskrigen kring 1400.
Det er strid mellom dei lærde om årsakene og skulda. Men samde er vel mange om at krigen sprang ut frå ein vevnad av nasjonale interesser: fransk trong for revansje etter tapet mot Tyskland i 1870–71; russisk interesse av å få betre fotfeste på Balkan og sikrare tilgang til Middelhavet; tysk angst for å verta fanga i ein tofrontskrig, saman med lengten etter «ein plass i sola»; det vesle Serbias draumar om å veksa seg større; det fleirnasjonale Austerrikes redsle for å falla frå kvarandre; britisk frykt for at Tyskland skulle verta for sterkt. Alt dette la korta til rette for eit makt- og interessespel som førte over i katastrofen.
Framhaldet
Det enda med samanbrot for dei store monarkia på kontinentet. Austerrike-Ungarn vart oppløyst, det tyske keisardømet vart erstatta av den velmeinande og ustabile Weimarrepublikken, i Russland oppretta bolsjevikane eit kommunistisk terrorvelde som gjekk tsardømet ein høg gang i undertrykking og massedrap. På verdsscena steig USA fram som arvtakaren etter eit svekt britisk samvelde.
Fredsavtalen mellom vinnarar og taparar i Versailles i 1919 la heile krigsskulda på Tyskland, som vart audmjuka gjennom «krigsskuldparagrafen» i Versailles-traktaten og av innskrenkingar i nasjonalt sjølvstende, store territoriale tap og enorme økonomiske erstatningar til sigerherrane.
Såleis la «fredsslutninga» i 1919 Tyskland i ein rugekasse for eit monster: Hitler og nazirørsla, som utløyste eit nytt utbrot av den same krigen i 1939, ein verdshistorisk omkamp, og vi fekk «andre verdskrigen» som eit framhald av den fyrste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.