JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den europeiske utfordringa frå aust

Etnonasjonalismen i Aust-Europa set EU på ei større prøve enn brexit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiaren for det polske Lov- og rettferdspartiet (PiS), Jaroslaw Kaczynski, seier det slik: Polen skal syna resten av «det sjuke Europa vegen attende til helsesame, fundamentale verdiar og ein sterkare sivilisasjon basert på kristendom».

Foto: Czarek Sokolowski / TT / NTB scanpix

7417
20180323
7417
20180323

Europa er i drift og truga av fragmentering. Og USA medverkar til oppløysinga av den liberale verdsordninga som landet var med på å skapa etter andre verdskrigen. Dette er verda nett no, og endringane skjer så fort at ein knapt kan sjå konturane før dei er blitt fakta. I tillegg har vi den nye stormakta Kina.

Donald Tusk, tidlegare polsk statsminister og president i Det europeiske rådet, kom nyleg med ein spådom: Polen er neste kandidat for ein brexit.

Rettstryggleiken

Sidan dei kom til makta i 2015, har det nasjonalkonservative polske Lov- og rettferdspartiet (PiS) gjort sitt for å kontrollera media og politisera domstolane.

Den 12. januar la presidenten i domstolsadminstrasjonen i Polen, Dariusz Zawistowski, ned embetet sitt i protest mot endringane i rettssystemet. Protesten var, sa Zawistowski, «eit hjarteskrik» mot undergravinga av rettstryggleiken og «sviket mot den polske grunnlova». Dei nye vallovene vil gje PiS kontroll med partifinansieringa. Landet har òg nekta å vera med i programmet for byrdefordelinga av flyktningar i EU.

PiS’ Jaroslaw Kaczynski, den reelle leiaren i landet, seier at Polen har «full moralsk rett til å seia nei», og skil ikkje mellom arbeidsmigrantar og flyktningar i naud.

Underleg, somme av oss trudde kristendom hadde med noko med miskunn å gjera. Slik er det ikkje med polsk autoritær katolisisme. Der er det polsk identitet i det etnisk reine landet som gjeld.

Undergravinga

Mønsteret er klart: Polen har gjeve seg inn på ein fundamental konfrontasjon med EUs grunnlover om «demokrati, likeverd, rettstryggleik og respekt for menneskerettane».

Slik seier Jaroslaw Kaczynski det: Polen skal syna resten av «det sjuke Europa vegen attende til helsesame, fundamentale verdiar og ein sterkare sivilisasjon basert på kristendom».

No som USA ikkje lenger set seg i spissen for forsvar av menneskerettar, er EU den siste skansen i stormlaupet mot demokratiske grunnrettar i den delen av Europa som så mange vona ville lyfta seg inn i den europeiske fellesskapen etter tiår med kommunisme. Men vil EU greie prøva i dette nye maktspelet? Det er ikkje sikkert. For fyrste gong i soga si har EU starta ein formell prosess etter paragraf 7 i EUs grunnlov der Polen (med 40 millionar innbyggjarar) vert truga med å bli fråteken røysterettsprivilegium i dei øvste organa i unionen og kutt i pengeoverføringane frå EU.

«Muslimsk invasjon»

Viktor Orbáns regime i Ungarn er ein gamal kjenning i dette landskapet. Han har no hjarteleg omfamna omgrepet «illiberalt demokrati».

Orbán har, til liks med meiningsfellar i Polen, oppmoda til eit forsvar for eit «kriste» Europa mot den «muslimske invasjonen». Han har òg skulda Angela Merkel for «moralsk imperialisme» fordi ho opna for syriske flyktningar i 2015. Han har, som Polen, nekta å vera med på fordelingsprogrammet av flyktningar i EU, og han er den som fyrst og fremst må skuldast for å vera med på undergravinga av sentrumspolitikk i Europa.

Kanskje nokon skulle fortelja Orban kva Vest-Europa gjorde med dei tusentals ungararane som flykta etter opprøret i 1956? Men naturlegvis, dei var jo gode kristne.

Med russlandsorienteringa si har Orbán medverka til Putins hovudføremål: å svekkja EU mellom anna fordi unionen står for boikott av Russland etter Krim-invasjonen. Orban har ­symbolsk nok teke ned EU-flagget i parlamentsbygningen ved Donau.

Og oppi alt dette er det ikkje til å koma frå: Brexit inneber at Storbritannia ikkje lenger vil vera ei motkraft mot denne xenofobiske bylgja. Brexit har gjeve desse reaksjonære tendensane ny kraft.

David Cameron vil få det tungt framfor historiedomstolen. Han er mannen som for å løysa intern usemje i torypartiet, sette dette lagnadstunge toget i gang. Og det er knapt til å undrast over. Unionen har nok av problem om dei ikkje skal drukna seg i sjølvpåførte britiske petitessar: Eurosone-reform, Hellas, arbeidsløyse, terrorisme, det permanente trugsmålet frå Putin og populisme i aust.

Fiendane

Men det er fleire dimensjonar her. Bulgaria og Romania er skeptiske til Emmanuel Macrons framlegg om eit sams skatteregime i unionen. Den franske presidenten vil hindra at firma flyttar dit arbeidskrafta er billegast (Whirlpool-fabrikken i Nord-Frankrike som flytta til Polen, er berre eitt døme). No som det er kome ein ny optimisme i europeisk økonomi, vert desse spørsmåla akutte.

Og aksen Berlin–Paris vert no etablert på nytt trass i ei svekt tysk regjering. Det er som om det gamle karolinske Europa samlar seg att – det sentrale Europa med røter til Karl den store.

Men denne aksen har gjeve nytt liv til den skepsisen mellom andre Romania og Bulgaria har synt mot det sentrale EU. Dei fattige landa i EU har kunna bruka låge skattar og flyttbar billeg arbeidskraft som konkurranseføremonar i den økonomiske politikken. No kan det bli vanskelegare.

Pengar ikkje alt

Her kjem vi til eit sentralt punkt i denne innfløkte kampen. Pengar er ikkje alt. Det er ikkje slik at økonomisk vekst nødvendigvis skapar liberalitet og fridomslengt. Dette har vore eit nærast aksiomatisk punkt i moderne statsvitskap: Med auka velstand vil det oppstå ei middelklasse som vil ha politisk og økonomisk fridom, og som i livsstilsspørsmål og religion er frisinna.

EU gløymde at globalisering og kapitalisme har taparar. Den økonomiske veksten i til dømes Polen har vore fenomenal, men auken har vore ujamn. Ein talar om Polska B, dei som ikkje har teke del i velstandsauken i den låge middelklassa, blant bøndene og arbeidarane.

Det er her PiS finn kraftfelta sine, på landet, hjå lågt utdanna, i tradisjonelle katolske segment som også ser kvinnekamp, identitetspolitikk på vegner av minoritetar (LHBT) og sekularisering som sedløyse og undergraving av det moralske universet deira (klassisk antimoderne revolt). Legg så til migrasjonsspørsmålet og terrorismefrykta, og blandinga blir brennbar.

Eit moralsk prosjekt

Det er grunn til å minna om at EU frå starten ikkje berre var eit fredsprosjekt fundert på økonomisk rasjonalitet. Unionen var også eit moralsk prosjekt med klar front mot dei overvunne europeiske demonane, aggressiv ekspansiv nasjonalisme, fordommar, rasehovmod og demokratimotstand.

Når det er sagt, er det uheldig å pressa på dei austeuropeiske landa synspunkt som dei er imot. Vi respekterer at det er rom for ein viss nasjonalstatleg autonomi. Men visse standardar må det vera. EU må stå fast på det politiske og verdimessige grunnlaget. Då kan til dømes ikkje Polen og Ungarn nekta å ta imot flyktningar. Alle må medverka i byrdefordelinga. Vil dei ikkje det, må det få konsekvensar. Fyrst trekk i overføringar. Om dei så likevel nektar, er eksklusjon ein mogeleg, men absolutt siste utveg.

Skjer ein slik eksklusjon, får vi ei fragmentering av Europa som er farleg. Difor får ein vona at eit tydeleg press frå EU vil føra til framveksten av ein innanrikspolitisk opposisjon som vil halda landa i EU.

Brussels prinsipielle linje vert no testa ut av dei tungnasjonalistiske og EU-kritiske kreftene. Og det skal ikkje mykje sosiologisk innsikt til for å sjå at Trump, brexit og den etnisk-autoritære populismen i Aust-Europa er runnen av felles mentalitet, trass i ulike nasjonale ytringsformer.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Brexit har gjeve dei reaksjonære
tendensane ny kraft.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis