JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Demokratisering
er løysinga

For ein som forskar på Midtausten, er det ikkje lett å sjå håp om «varig fred» i regionen, men Jon Nordenson er klar på at demokratisering er einaste løysing.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tahrirplassen i Egypt i 2016: Euforien har lagt seg. Den arabiske våren gjorde ikkje livet lettare for ungdomen der heller.

Foto: Amr Nabil / AP / NTB scanpix

8586
20180209
8586
20180209

Midtausten

janh@landro.bergen.no

I boka Fra opprør til kaos. Midtøsten etter den arabiske våren tek Jon Nordenson føre seg situasjonen i dei 17 landa som vart «råka» av «våren», og viser korleis det har gått. Resultatet er nedslåande, med Tunisia som det eine, skøyre lyspunktet. Fleire diktatur og autoritære statar har utvikla seg til det verre etter folkeopprøret i 2011.

Boka går òg grundig inn på dei historiske føresetnadene for at regionen har vore eit urosenter dei siste hundre åra. I den forteljinga har kolonimaktene England og Frankrike skurkerolla. Jon Nordenson (35) er postdoktor ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved Universitetet i Oslo. I boka viser han korleis Sykes–Picot-avtalen, også kalla «freden som enda all fred», la eit øydeleggjande grunnlag for utviklinga. Denne avtalen, som vart gjord mellom Frankrike og England etter første verdskrigen, delte regionen inn i dei statane vi kjenner i dag, med dei grensene dei har.

– Takka vere denne «løysinga» har det vore kontinuerleg uro i området dei siste hundre åra. Grensene vart trekte opp ut frå interessene til kolonimaktene, utan lokal «innblanding». I tillegg gjorde dei to kolonimaktene lite for å byggje opp velfungerande politiske institusjonar, slik dei skulle, seier Nordenson.

– Det vi likevel ser, er at både folk og styresmakter etter kvart har funne seg til rette med grensene. Syria og Irak, til dømes, vil gjerne behalde dagens grenser, men for kurdarane fungerer det jo slett ikkje.

– Ser du føre deg at Sykes–Picot-avtalen kan annullerast og nye grenser bli trekte opp? Kven skal i så fall stå for grensedraginga?

– I dag kan ingen andre statar tvinge gjennom grenseendringar med makt. Men innanfor dei gjeldande grensene er det vanskeleg å sjå korleis kurdarane skal få den autonomien dei ønskjer. Det vil vere ein evig kime til konflikt.

«Ein katastrofe»

– Kor viktig var seksdagarskrigen i 1967 for det som sidan har skjedd i regionen?

– Han er tvillaust ekstremt viktig. Nederlaget til arabarstatane bidrog til fallet for panarabismen. Denne ideologien arbeidde for eit tettare samarbeid mellom statane i den arabiske verda, men meir konkret skulle Egypt syte for å frigjere Palestina. No mista dette truverdet, og palestinaspørsmålet gjekk frå å vere eit felles panarabisk prosjekt til å bli ein nasjonal frigjeringskamp der palestinarane sjølve skulle frigjere landet. Etter kvart tok geriljakrigføringa til, og ho fekk avleggjarar i fleire arabiske land. Krigen resulterte òg i at Israel okkuperte Gazastripa og Vestbreidda, og vi fekk hundretusenvis av nye flyktningar. Litt seinare byrja den israelske busetjingspolitikken på Vestbreidda.

Jon Nordenson karakteriserer det amerikanskleidde åtaket på Irak i 2003 som ein katastrofe for heile regionen. Det gav ei oppblomstring av sekterisme og sekterisk konflikt. Oppløysinga av hæren og utestenginga av alle medlemar av Baathpartiet frå styringa av Irak endra maktbalansen. Titusenvis av soldatar stod utan jobb, men dei hadde våpen – ei openberr oppskrift på problem. Så kom sunniopprøret som førte til kaos og skapte ideell grobotn for at Al Qaida i Irak vaks fram og etter kvart vart til Den islamske staten, IS.

– Samarbeidet amerikanarane hadde med fleire regime om etterretning og avhøyr av mistenkte underminerte respekten for menneskerettane. At dei tek seg til rette og drep uskuldige sivile, har skapt mykje hat og gjort rekruttering til ekstreme organisasjonar enklare.

– Kor avgjerande er ei løysing på Israel–Palestina-konflikten for stabilitet i Midtausten?

– Ei fredeleg tostatsløysing ville ta bort ein viktig mobiliseringsfaktor for ekstreme grupper og føre til vekst i handel og anna verksemd. Det vil også kunne bane veg for fredsavtalar mellom Israel og andre land i regionen. Men slik situasjonen er no, trur eg ei slik løysing er svært usannsynleg.

Eit ungdomsopprør

Noko som, paradoksalt nok, kan gi håp, er at problema som låg til grunn for dei folkelege opprøra i 2011, ikkje er løyste. I det øygnar Jon Nordenson noko som kan tvinge fram nye opprør. Samstundes ser han at motivasjonen til å demonstrere og trua på effekt er svakare no enn for seks­–sju år sidan. Men når det går frå vondt til verre, kan situasjonen bli desperat.

– Det som skjedde i 2011, var langt på veg eit ungdomsopprør?

– Alle delar av folkesetnaden var med, men dei under 30 utgjorde fleirtalet, slik dei også er i fleirtal i desse landa. Med 30 prosent arbeidsløyse i denne gruppa, og endå meir blant unge med høgre utdanning, var frustrasjonen stor. Dei kunne ikkje byrje sitt eige liv, men måtte bu hjå foreldra. Dei kunne ikkje gifte seg og stifte familie, og mange av dei som hadde arbeid, hadde ikkje noko som svara til utdanninga deira. Ikkje kunne dei røyste på eit anna parti enn det styrande, for eit slikt fanst ikkje. Heller ikkje ein organisasjon eller ei rørsle som kunne ta opp misnøya deira. Å stille til val sjølve kunne dei slett ikkje. Dessutan er samfunna svært patriarkalske, der dei unge vert snakka til, ikkje med. Her var det tale om dobbel undertrykking, både politisk og sosialt.

På 2000-talet fekk ein i den arabiske verda tilgang til internett og ei stor opning i media. Dei unge kunne diskutere fritt på nettet, klage over alt dei meinte var gale, og finne den informasjonen dei ønskte, uavhengig av statleg propaganda.

Smitten frå Mohamed Bouazizi, som sette fyr på seg sjølv i Tunisia 17. desember 2010, var høgst reell. Men Nordenson peikar på ei rad utløysande hendingar i dei ulike landa, kvar med sitt særtrekk. Svært mange faktorar tilsa at noko måtte skje. For første gong opplevde folk at dei kunne vinne fram.

– 17 land var i større eller mindre grad råka av «våren». Men berre folk i Tunisia har fått det betre med omsyn til demokratiske rettar?

– Ja, mange har fått det verre. Og dei politiske måla er i svært liten grad realiserte. Også Tunisia slit med store problem, men der kan folk i det minste demonstrere for rettane sine og røyste på eit anna parti enn det styrande. På den positive sida er prosessar for sosial endring sette i gang i fleire arabiske land. Der får dei unge ei røyst i det offentlege, kvinner har vore sentrale i prosessane, og det har vore fleire kampanjar mot seksuell trakassering og for større likestilling.

Vil tvinge seg fram

Av statane som opplevde «våren», var åtte monarki og ni republikkar. Monarkia reid av stormen på eit vis som republikkane ikkje makta. Ei viktig forklaring på dette, meiner Nordenson, er pengerikdom. Dei oljerike monarkia kunne kjøpe seg fred ved å love større sosiale ytingar til innbyggjarane. Monarkia hadde dessutan ei anna form for legitimitet enn republikkane i kraft av lange tradisjonar som kongedøme.

– I kjølvatnet av «våren» braut det ut borgarkrig i republikkane Syria, Jemen, Libya og Irak. Korleis forklarar du det?

– Viktigast er kanskje regime som er villige til å gjere kva det skal vere for å halde på makta, om dei så skal drepe sine eigne innbyggjarar. Andre faktorar er sterke: indre interessemotsetnader, aukande ekstremisme og større regionale dimensjonar som kamp om naturressursar, klimaendringar, nord–sør-konfliktar og religiøse og sekteriske motsetnader. Så blandar naboland og omverda seg inn og forsterkar og forlengjer konflikten.

Jon Nordenson er heilt klar på at diktatorane er ein del av problemet, ikkje av løysinga.

– Ei positiv utvikling krev eit anna forhold mellom dei styrande og folket. Vegen kan gå gjennom reformer, som gradvis kan endre systemet, slik dei folkelege opprørarane ønskte. Eit nytt oljeprisfall vil tvinge dei oljerike statane til å «forhandle» med innbyggjarane for å kunne overleve. Det vil kunne bidra til ei demokratisk utvikling.

– Er det råd å skape «varig fred» i ein region der så mange og sterke interesser står mot kvarandre?

– Definitivt, men det vil ta tid, situasjonen kjem til å vere uoversiktleg lenge enno. Mykje er i rørsle, både internt i land og i regionen som heilskap. Undersøkingar viser at det er relativt brei oppslutning om demokrati i regionen, kva ein no måtte leggje i omgrepet. Eg seier ikkje at det er lett, eller at det vil gå fort, men demokrati er den styreforma som vil tvinge seg fram. Dersom utviklinga i Tunisia går i klart demokratisk lei, vil landet kunne verke som eit sterkt føredøme med merkbar smitteeffekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ei positiv utvikling krev eit anna forhold mellom dei
styrande og folket.

Jon Nordenson, midtaustenforskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis