Russland
«Avgjerda var klar allereie før rettsmøtet starta.»
Del 3 av 3: Notat om fengslingsmøte, rettsmøte om forlengd varetekt og påfølgjande ankar
Eg reknar med at det er mykje ved det russiske rettssystemet som er ukjent for eit utanlandsk publikum. Desse notata ynskjer eg å dele med dykk, slik at de, når de ser eller les nyhende, vonleg vil forstå betre korleis domstolane i Russland faktisk fungerer.
25. juli – første rettsmøte om varetektsfengsling, dagen etter arrestasjonen
Eg vert frakta til rettslokalet litt etter klokka 12 på føremiddagen. Når vi går ut av arresten, set dei på meg handjern og plasserer meg i ein patruljebil. Eg vert passa på av tre tenestemenn frå vakt- og fylgjetenesta. På veg til Petrogradskij-domstolen diskuterer vi saka mi, og ei av vaktene vert irritert: «Du skulle heller ha overført desse pengane til meg.» Dette får ein annan til å reagere: «Høyr her, fyren tenkjer på framtida til landet.»
Framme ved domstolen vert eg ført direkte inn i rettslokalet og plassert i eit bur. Men idet vi skal gå inn, sit kona mi og syster mi der, ved inngangsdøra til salen. Det er ingen som hindrar meg i å gå bort til dei og omfamne dei. Seinare vil det syne seg at det skal gå lang tid før eg igjen får høve til å røre ved henne eg elskar. Mange månader. Etter at dommen er felt.
Fram til dommaren kjem, kan eg kommunisere med advokaten gjennom gitteret. Vi snakkar om kva eg bør seie for å forsvare meg, og meir generelt om utsiktene mine. Offisielt er eg framleis ikkje arrestert, og difor gjer ikkje vaktene noko for å hindre dialogen med advokaten.
Så kjem dommaren inn, og rettsmøtet byrjar. Etter nokre formalitetar får etterforskaren som avhøyrde meg dagen før, ordet. Han les opp nokre utvalde avsnitt frå forhøyrsprotokollen og frå sakspapira. Deretter seier han at det er naudsynt med varetektsfengsling. Dette vert grunngjeve med at eg kan gå i dekning, sidan eg har dobbel statsborgarskap. Eg kan òg øydeleggje prov og generelt hindre etterforskinga på ulike måtar. Framlegginga av grunnlaget tek ikkje meir enn eit par minutt.
Så talar påtalemakta. Aktor støttar kravet om varetektsfengsling. Grunngjevinga hans er endå knappare enn den etterforskaren gav: unndragingsfare, tap av prov og motarbeiding av etterforskinga.
Deretter får forsvaret ordet. Advokaten min har rokke å gjere eit solid stykke arbeid. På under eit døgn har ho fått samla mykje dokumentasjon og ulike attestar. Ho ber om husarrest, ettersom eg samarbeider med politiet, erkjenner skuld og frivillig har levert frå meg passa og telefonen til politiet. Eg har ingen planar om å hindre rettargangen, og det er heller ikkje mogleg for meg å gjere dette, gjeve omstenda i saka mi. Det er òg medisinske grunnar som talar mot varetektsfengsling, sidan eg har matvareintoleranse: Eg toler ikkje gluten, laktose og eggekvite. Alt dette legg ho fram dokumentasjon på – utskrifter frå medisinske journalar som ho og kona mi har rokke å skaffe.
Advokaten les opp frå medieoppslag om den samfunnsnyttige verksemda mi og fortel om rolla eg spelte i opprettinga av rørsla «Det udøyelege regiment» i St. Petersburg.
Det heile kling overtydande: Eg er ein ufarleg forbrytar og ikkje tidlegare domfelt. Eg har mindreårige born og aldrande foreldre, og har budd heile livet i St. Petersburg. Eg har utretta mykje samfunnsnyttig, erkjenner skuld og samarbeider med etterforskinga.
Innlegget til forsvararen varte i 25–30 minutt, det var altså mykje lenger enn innlegga til både etterforskaren og aktoren.
Så får eg ordet. Eg formidlar den same forteljinga som advokaten min, berre meir kortfatta: Eg har ingen planar om å rømme, eg erkjenner skuld, og det er ikkje mogleg for meg å forfalske bankprovet, dokumentasjonen på kontooverføringane mine. Eg legg fram argumentasjonen i rundt åtte minutt. Retten går ut for å rådslå.
Medan vi ventar, kjem advokaten, kona mi og systera mi bort til meg. Vi snakkar uhindra gjennom gitteret. Heilt sidan eg vart ført inn i salen, har eg opphalde meg i dette buret, jamvel om eg offisielt sett ikkje eingong er under arrest – ikkje formelt.
Vi rekk å snakke om mykje: om saka mi og om situasjonen. Korleis dette siste døgeret mitt har vore, og kven dei andre innsette er. Korleis ungane tek det, og korleis slekt og familie har reagert. Eg overleverer ei liste over ting eg vil trenge sårt, i fall dei får medhald i kravet om fengsling.
Det har allereie gått over ein time sidan dommaren forlét lokalet. Eg undrast på om dette er vanleg? Advokaten seier nei, slikt ser ein sjeldan. Det er freistande å vone at dette er eit godt teikn, og at det betyr at dommaren gjer ei reell vurdering av alle argumenta som er lagde fram. I så fall vil dette kunne vere positivt for meg, for argumentasjonen til forsvaret verka jo mykje meir solid og grundig og hadde langt større tyngd enn argumentasjonen til påtalemakta.
Brått kjem dommaren inn att og les raskt opp rettsavgjerda: Aktoratet får medhald i kravet sitt. Det vert fengsling i to månader.
Avgjerda er som ein kalddusj. Eg ville så gjerne vone det beste.
2. september – anke på rettsavgjerda om fengsling. Eg deltek via videosamband.
Det er kanskje spesielt eitt moment som er typisk for rettssystemet vårt, og som syner at domstolane kort og godt stemplar unna sakene i samsvar med politikken til styresmaktene: Under ankesaka talte advokaten min i 20 minutt. Ho la fram ein detaljert argumentasjon for kvifor det ikkje var grunnlag for å halde meg i varetekt. Aktor, derimot, altså påtalemakta, talte i under eitt (!) minutt. Ho mumla berre nokre standardfrasar og førte ikkje eit einaste argument for kvifor ein ikkje kunne bruke ei anna form for avgrensing av fridomen. Likevel: Retten vedtok å forkaste anken min.
Denne gongen prøvde dommaren jamvel å stoppe meg. Ho var ikkje interessert i detaljar om korleis kosthaldet i fengselet var til ulempe for meg sidan eg har matvareintoleranse. (Dette var eit faktum som eg hadde lagt inn i anken som ein ytterlegare grunn til å be om overføring til husarrest.)
12. september – forlengd varetekt:
Eg hadde på førehand inga tru på at domstolen ville la meg sleppe. Men i pausen under rettsforhandlingane tende ei av rettsvaktene eit lite håp i meg då han sa at advokaten min hadde vore svært overtydande. Men dommaren gjorde som vanleg, og gav aktoratet medhald i kravet om forlenging.
7. oktober – anke på fengsling:
Nok ein gong 60 sekund med utydeleg tale frå aktor. Ein halvtime med argumentasjon frå forsvaret. Allereie etter eit par minutt kjem dommaren attende med avgjerda. Det vil seie at rettsavgjerda er skriven på førehand, ein har berre hatt tid til å ta ei utskrift.
Konklusjonen er enkel: Argumenta våre forsvann i lause lufta, og likskapsprinsippet var totalt fråverande i prosessen. Avgjerda var klar allereie før rettsmøtet starta.
16. oktober - forlenging av varetekt etter fullført etterforsking
Aktoratet la ikkje fram eit einaste argument. «Vi meiner at omstenda er uendra, og at det er naudsynt med varetekt.» Bokstaveleg talt 20 sekund. Eg hadde på førehand gjort meg klar til å notere ned argumenta til aktoratet, for å imøtegå dei i min eigen tale. Men arket vart verande like blankt. Så eg måtte i staden referere til nokre punkt aktoratet hadde kome med i tidlegare møte, og sidan dommaren var den same, gjekk det. Advokatane mine la fram ein heil haug med dokument som underlag for kravet om å endre soningsform. Dei gjekk ganske detaljert fram, og argumentasjonen var omfattande og velfundert. Min eigen tale, som eg hadde koordinert med advokatane, var òg overtydande, det er eg viss på.
Men ingenting av dette gjorde nokon forskjell. Dommaren kunne like gjerne snudd seg mot aktor og sagt: «Sidan det er dette De vil, ver så god. Akkurat Dykk greier eg ikkje å nekte noko.»
Brev til kona mi:
«Eg skriv no på morgonen etter gårsdagens rettsmøte. Eg kjenner meg framleis heilt tom innvendig. Kontrasten mellom argumentasjonen til aktoratet (eller rettare sagt: det komplette fråværet av argument) og det forsvarsadvokatane og eg la fram, var trass alt så påfallande at eg hadde vona på ein annan utgang. Men domstolane inngår tydelegvis som ein del av det repressive apparatet og kan ikkje ta avgjerder på sjølvstendig grunnlag. Dette er ikkje noko nytt, men når du sjølv vert råka, er det berre så skuffande og emosjonelt utmattande. Og då eg i korridoren såg reaksjonen din på det eg hadde sagt, skjøna eg at du òg hadde von, og at du ikkje hadde rekna med eit slikt utfall.»
Det er berre éi slutning å trekkje av alt dette: Domstolen er på aktoratet si side og gjev dei medhald i alt dei ber om, også utan rettsleg grunnlag. Likskapsprinsippet ved rettsprosessen er ikkje å spore, langt i frå: Påtalemakta prøver ikkje eingong å oppretthalde eit skin av likskap i krav om bevisbyrde.
Og kvifor skal dei det, dersom det går utan?
Omsett frå russisk av Randi Gaustad