Russland

«Eg rekk å seie til kona mi at det er alvorleg, og at dei kan kome til å setje meg i fengsel. Ungane er i sjokk.»

Del 1 av 3: Arrestasjonen
  

Publisert Sist oppdatert

Vi er på datsjaen, 120 kilometer frå St. Petersburg. Klokka 8 ringer telefonen: «Dette er politiet, det gjeld finansiering av ekstremisme.» Desse svindlarane eig jo ikkje skam i livet, tenker eg med det same. Ringe slik, så tidleg på morgonen. «Politiet, kva politigrein då?» «Sjå ut vindauget, vi står utanfor huset dykkar.» Og der står dei sanneleg. Eg går til porten.

Vi samtalar over gjerdet. Det går etter kvart opp for meg at det dreier seg om finansiering av FBK (antikorrupsjonsfondet som vart starta av Aleksej Navalnyj i 2011 red.merk.). Det er alvorleg, med andre ord. Sjølv om eg fleire gonger hadde lese nyhendeoppslag om straffesaker på grunn av pengegåver, så var eg – fram til telefonen ringde klokka 8 denne dagen – overtydd om at dette ikkje ville råke meg. No byrjar det å demre for meg at eg kan hamne i fengsel.

Utan klokke, utan kontakt
Korleis Russland bryt ned fangane sine.

Gregory Kunis blei arrestert for å ha donert 35 euro til Navalnyjs antikorrupsjonsfond. Etter fem månader i varetekt blei han lauslaten, og i desember flykta han frå Russland. 

Han stod overfor ei ny rettssak og ein dom på seks år. 

Kunis var med på å etablere avisene The St. Petersburg Times og Moj Rajon, og daglegvaretenesta iGooods.

I denne serien kan du lese om dagen då han blei arrestert, om korleis russarar blir rekrutterte til krigen, og om rettshøyringane hans.

Omsett frå russisk av Randi Gaustad

Det er fire polititenestemenn som er komne. Operativt personell, to sivilkledde med ansvar for operasjonen, og to OMON-tenestemenn – spesialpoliti for særskilde operasjonar – i skotsikre vestar, budde til å storme huset. Dei spør om eg vert med dei. (Noko val har eg ikkje.) Dei vil vite kor mykje tid eg treng til å gjere meg klar, og vi vert samde om 20 minutt.

Dei vert ståande ved porten, og eg går inn for å gjere meg klar og ringe advokaten min. Advokaten svarer ikkje, så eg sender ei melding. Kva meir må gjerast? tenker eg samstundes. Eg skriv til ein redaktør eg kjenner, overfører alle nøkkelkontaktar til kona mi, og ber dei halde kontakten. Eg koplar ut faceID-funksjonen på telefonen og finn fram litt mat og vatn. I siste augneblinken ringer advokaten meg opp att og tilrår å vedgå skuld, ettersom det var min konto desse pengeoverføringane kom frå. Advokaten er sjølv langt borte, men skal finne ein erstattar. Eg sender han kontaktinformasjonen til kona mi.

Så er tida ute.

Eg set meg i bilen mellom dei to OMON-politimennene. Det er ganske trongt. Eg forklarer at eg freistar å få kontakt med advokat, og får behalde telefonen. Eg held skjermen synleg for å forvisse dei om at eg ikkje prøver meg på noko. Vi køyrer.

Det kjem melding frå kona om kven som vert advokaten min i dag. Det gjer det med ein gong litt lettare: Då har eg ein forsvarar. Undervegs stiller den eine av dei sivilkledde nokre sonderingsspørsmål. Eg svarer så kortfatta som mogleg. Det er viktig ikkje å seie noko ein kan kome til å angre på. Når vi er halvvegs til St. Petersburg, vert det klårt at dei skal ransake husværet vårt i byen. Men nøklane er på datsjaen – eg la dei att der med vilje. Han med høgast rang bestemmer at vi skal snu.

Sjølv om vi har lagt bak oss to tredelar av vegen, køyrer vi no attende. Eg har vunne litt tid.

Sjølv om vi har lagt bak oss to tredelar av vegen, køyrer vi no attende. Eg har vunne litt tid.

På datsjaen hentar eg nøklane. Eg rekk å seie til kona mi at det er alvorleg, og at dei kan kome til å setje meg i fengsel. Ungane er i sjokk: Dei har i mellomtida stått opp, og klamrar seg no i redsle til sofaen. I alt stresset gløymer eg å ta farvel med dei. Dette vil eg i ettertid klandre meg sjølv for, gong på gong.

Så forlèt vi datsjaen igjen. Dei to operative etterforskarane, dei i sivil, stikk innom ein butikk for å kjøpe seg ein matbit. Medan dei er borte, slettar eg raskt alle dei farlege appane på telefonen min (Telegram, Facebook, Signal). Dei to spesialpolitimennene som passar på meg, er ikkje så observante, og operasjonen lukkast. Eg kjenner meg litt rolegare no. Når vi nærmar oss St. Petersburg, vil dei ha telefonen. Null problem.

I byen skyssar vi først dei to OMON-tenestemennene til basen deira. Før dei går, opnar dei bagasjerommet og tek med seg ei slegge som ligg der, ei slik som ein brukar til å slå inn dører med. Etter dette køyrer vi til politistasjonen for å ta fingeravtrykka mine. Der plukkar vi også opp ein etterforskar. Så dreg vi til ransakinga.

Framme ved husværet vårt ser eg ei ung, forretningskledd kvinne, tydelegvis forsvararen min. Ho er her i tide. Polititenestemennene finn raskt to personar som kan vere vitne, det er to unge fyrar, studentar å sjå til.

Så byrjar ransakinga. Eg har ikkje noko farleg i heimen, difor er eg roleg, i den grad det er mogleg i ein slik situasjon. Ganske raskt finn ein av dei nøkkelen til safen, og ber meg syne dei kvar han er. Eg opnar han. Dei tek med seg passa mine som ligg der.

Dei arbeider fort og grundig. Dette kan dei. Dei konfiskerer alle minnepinnar og harddiskar. Den berbare pc-en ligg att på datsjaen, der hadde eg skikkeleg flaks. Dei finn eit diplom frå Det kvite huset, frå eit møte med Bush. Dette vert dei tydeleg oppglødde over, og dei syner det til etterforskaren. Men dei legg det attende.

Leiaren for etterforskinga, som under heile denne seansen berre har sete med papirarbeid, ber dei undersøke telefonen min. Eg opnar telefonen, men gjev dei ikkje passordet – eg forklarer at det kjem av at mobilpassordet gjev tilgang til bankkontoane mine.

Advokaten og eg har ein kort samtale om kva eg skal seie i forklaringa mi, og så byrjar det første avhøyret. Etterforskingsleiaren informerer meg om at dersom eg samarbeider, er det jamvel mogleg at tinga mine ikkje må beslagleggast.

Ein av dei operative etterforskarane finn ei lenke for pengegåver til FBK på telefonen. Dette vert protokollført. Seinare går eg med på å gje passordet til telefonen, og det vert skrive inn i protokollen at eg gjer dette frivillig.

Så er ransakinga og avhøyret avslutta. Dei konfiskerer telefonen og forseglar han. Når vi fer, tek eg ikkje med meg noko meir heimanfrå: Eg er jo på tilståingssak, utsiktene mine er husarrest eller reiseforbod.

Eg låser husværet og gjev nøklane til advokaten – for å vere på den sikre sida. Klokka er allereie 15.

Vi køyrer til et nytt avhøyr, hjå etterforskingskomiteen, den føderale påtalemakta. Dei stiller dei same spørsmåla. Eg svarar likt som i stad, i samsvar med strategien vi har valt. Etter avhøyret seier etterforskaren at det ikkje er opp til han å avgjere kva type arrest eg får, dette må klarerast med leiinga. Vi snakkar om laust og fast medan vi ventar på at han skal få snakka med sjefen.

Så vert etterforskaren oppringd, og etterpå erklærer han at han har dårleg nytt: Dei krev at eg vert halden i arresten. Det vil vere fengslingsmøte og rettshandsaming av spørsmålet om varetektsfengsling dagen etter, men til dess vil dei halde meg i mellombels varetekt.

Eg er verkeleg ute å køyre.

Eg overleverer alt eg har av verdi til advokaten. Eg gjev henne nokre fleire instruksar som ho skal formidle til kona mi, og prøver å bringe på det reine kva det er heilt naudsynt å få sagt til henne. Det er ikkje lenger nokon grunn til å tvile på at eg får eit langt opphald i varetektsfengselet.

Som kompensasjon for dei dårlege nyhenda krev eg av etterforskaren at han skaffar meg vatn. Han går einkvan stad og fyller opp flaskene mine med brukbart vatn. Så har eg i det minste noko å drikke. Eg har ikkje ete noko sidan morgonen – eg har vore så stressa og rett og slett ikkje tenkt på mat, men tørst har eg vore. Eg har drukke minst tre liter denne dagen.

Advokaten går, og eg vert teken inn til mellombels varetekt. Klokka er allereie sju på kvelden. Dette er siste gongen på fleire veker der det er enkelt å finne ut av kva klokka er. Men akkurat det veit eg ikkje enno.

Dei fører meg inn i eit avlukke og ber meg kle av meg, like til underbuksa. Alt skal granskast nøye. Gifteringen må eg ta av: Det er ikkje tillate å bere giftering når ein sit inne. I boksen med private ting legg dei også beltet – det får ein heller ikkje bruke i arresten.

Så fører dei meg til cella. Undervegs vert eg tildelt sengekle, pute og ein madrass. Madrassen er tynn, mest som ei yogamatte. I den vesle cella med tre køyer er det allereie to på plass: ein puslete fyr av den heimlause sorten, den andre òg temmeleg lite tiltalande, men i det minste reinsleg å sjå til. Eg tek den ledige plassen. Vi fortel kvarandre kva vi heiter, så stoppar samtalen opp. Eg har ikkje det minste lyst til å prate.

Etter ei stund kjem ein tilsett og leverer mat gjennom ei luke i døra: Det er graut av bokkveite og fisk i ei form. Han forklarer at maten kjem frå ein kafé i nabolaget. Dei har ikkje eige kjøken i denne arresten, så måltida kjem frå ei alminneleg kantine. Det er ikkje noko å utsetje på maten.

Klokka 22 er det rosignal, og taklyset vert sløkt. Eg legg meg og freistar sovne. Denne svært tunge dagen er over. Men kva er det som ventar meg?

Omsett frå russisk av Randi Gaustad