Økonomi
Då alt vart dyrare
Prisen på vindturbinar, solceller og kraftnett går rett opp. Også den grøne vendinga treng fossilt brennstoff. Men det er dei fattige som får den største rekninga.
FANGA: Sjølv om den nye Nord Stream 2-gassleidningen gjennom Austersjøen truleg aldri blir teken i bruk, er Europa likevel avhengig av russisk gass.
Foto: Dmitrij Lovetskij / AP / NTB
Vi kan byrja med nokre prisar. Prisen på kol er no det høgste han har vore på 200 år. EU skrik etter kol av di gassprisen er så høg. Trass i EUs høge kvoteprisar er straumproduksjon av kol billigare enn straumproduksjon av gass, som slepper ut mykje mindre CO2 per kilowattime. 70 prosent av kolet importert til EU, kjem frå Russland. I skrivande stund er det diskusjon i EU om kol skal inn på den russiske embargolista. EU-kommisjonen vil ha ein slik boikott. Då kjem straumprisen over heile Vest-Europa til å gå endå meir opp, og Tyskland kjem til å grava etter meir brunkol.
Når prisen på fossile kjelder, som framleis utgjer 80 prosent av primærenergien verda nyttar, går opp, går prisen på alt anna opp. Fossile kjelder har med Aristoteles vore den fyrste «bevegar» sidan den fyrste dampmaskinen vart laga.
Ammoniakk
Det finst ein børs for alt. Den internasjonale ammoniakkbørsen ligg i Tampa i Florida. Før covid låg prisen per tonn ammoniakk og flaut rundt 400 dollar. I starten av pandemien ramla han til 200 dollar. Men så reduserte Russland litt på gasseksporten sin. Som vi no veit, var det for å få opp prisen før invasjonen.
Gassmarknadene i verda er svært regionale, i motsetnad til oljemarknaden. I januar var gassprisen i Europa seks gonger høgre enn i USA. Men ammoniakk, som er ein særs viktig del av nitrogengjødsel, er ei global vare. Yara, til dømes, har verdas største flåte av frakteskip for ammoniakk. Normalt sett utgjer gass 60–70 prosent av prisen på dei ulike innsatsfaktorane når ein skal laga kunstgjødsel. Men mot slutten av 2020 byrja gassprisane å gå opp, og prisen på eit tonn ammoniakk gjekk opp til 400 dollar.
Den 27. mars vart eit tonn ammoniakk omsett for 1625 dollar. Også amerikanske bønder kjem til å produsera mindre enn planlagt i år. Ammoniakk er elles det som skal gjera internasjonal langdistansefrakt til havs utsleppsfri. Når ein produserer ammoniakk frå gass, går halvparten av energien tapt. Det same gjeld hydrogen. Tala er verre når ein skal produsera ammoniakk og hydrogen frå straum. Yara har planar for å produsera grøn hydrogen på Herøya. Statkraft og Aker var med. Førre veke trekte dei to sistnemnde seg ut. Dei fann ikkje lønsemd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.