Bakst
– Bak sjølv, då vel!
Oppmodinga kom etter at eg hadde sytt og klaga over kvaliteten på visse butikkbrød, spesielt dei liksomgrove, dei med hard, mørkebrun skorpe, som i og for seg kan sjå bra ut, men som viser seg å kamuflere noko som liknar luft. Iallfall er det ikkje mykje mat i dei.
Då eg var og handla for nokre veker sidan, kom eg på denne oppmodinga om å bake sjølv og treiv med meg det eg trudde eg trong. Inspirert av alle dei som skryter av eltefritt brød, fann eg ei lettvint oppskrift på nettet.
Snarfaren som eg er, las eg ikkje heile oppskrifta før eg hadde blanda dei fleste ingrediensane i bakebollen, som forresten ikkje er ein bakebolle, men ein salatbolle i minste laget. Då eg sjekka kor lenge deigen skulle heve, datt geipen: 12–18 timar!
Brødet vart likevel bakt neste dag, men særleg godt var det ikkje. Smuldra gjorde det òg, men eg batt det saman med smør eller smørjeost til eg forbante ordtaket om at smular også er brød og donerte dei til matavfallet.
Kvifor eg fekk eit innfall og ville bake brød att førre helg, kan ein verkeleg lure på. Like fullt gjekk eg optimistisk til verks med ei ny oppskrift som hadde tradisjonell hevingstid. Det eg ikkje las før det var for seint, var at eg skulle steikje brøda i 1,5-litersformer.
Der stod eg med tre liter deig i ein ny bakebolle, men ein får ikkje nye former på ein søndag! Kunne eg setje deigen i kjøleskapet? Hive han i fryseboksen? Eg enda med å velte deigen over i ei langpanne, fordelt på det som var meint å bli til to brød, to mistenkjeleg flate brød.
– Kva er det du har bakt? Eg trudde det var krydderkake, men det smakte...
Eg avbraut han før han fekk avslutta dei velvalde orda, men vedgjekk at eg hadde brukt for mykje havregryn i det som skulle vere brød.
Mat var det iallfall i grovbaksten, som eg måtte dele i tre lag som ei blautkake. Han var ikkje så verst til søndagsmiddagen heller: ein suppepose eg fann inst i ei skuffe, stempla «Best før 30.10.2018».
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Writers Guild of America-medlemmar og støttespelarar markerte seg utanfor Sunset Bronson Studios og Netflix Studios etter at fagforeininga gjekk ut i streik for film- og TV-forfattarar i Los Angeles.
Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB
Manusforfattarar mot kunstig intelligens
Vi byrjar tidleg med å sluse unge og teoritrøytte elevar inn i vidaregåande utdanning.
Foto: NTB
Utdanning er ei kalka grav