JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BakgrunnSamfunn

Hamas’ plan for åtaket og krigen

Kor lenge planla Hamas-leiarane åtaket og krigen?
Kva var drivkrafta? Kor mange tusen palestinarar rekna dei som naudsynt å ofra for å stogga fredsplanar og snu stemninga i arabiske og vestlege land?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
21. juni 2023: Hamas’ øvste leiar, Ismail Haniey (t.v.), møter Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, i Teheran i Iran.

21. juni 2023: Hamas’ øvste leiar, Ismail Haniey (t.v.), møter Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, i Teheran i Iran.

Foto: Wana News Agency / Reuters / NTB

21. juni 2023: Hamas’ øvste leiar, Ismail Haniey (t.v.), møter Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, i Teheran i Iran.

21. juni 2023: Hamas’ øvste leiar, Ismail Haniey (t.v.), møter Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei, i Teheran i Iran.

Foto: Wana News Agency / Reuters / NTB

13591
20231117

Midtausten og martyriet (3)

Håvard Rem skriv om martyriet som tradisjon og aktualitet i Midtausten.

3. november: Del 1. Sjølvofferet

10. november: Del 2. Porten til paradiset

17. november: Del 3. Planlegginga av krigen

13591
20231117

Midtausten og martyriet (3)

Håvard Rem skriv om martyriet som tradisjon og aktualitet i Midtausten.

3. november: Del 1. Sjølvofferet

10. november: Del 2. Porten til paradiset

17. november: Del 3. Planlegginga av krigen

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Bakgrunn

havard@dagogtid.no

For kring to år sidan byrja Hamas planlegginga av Israel-­åtaket og Gaza-krigen. Me skal her ta føre oss førebuingane kronologisk. Både palestinske, israelske og uavhengige kjelder peikar på konkrete hendingar som førte til at åtaket og krigen hamna på teiknebrettet til dei øvstkommanderande i Hamas.

April 2021

Kva for hendingar? Eit spor finn me i Hamas-namnet på åtaket for førti dagar sidan, Al-Aqsa-syndfloda. På Al-Aqsa-plassen i Jerusalem har det kvar einaste april dei siste åra vore opptøyar, og spaninga har auka ved at muslimsk ramadan og jødisk påske har falle saman i tid.

I april 2021 kjem israelske settlarar til plassen for å be. Det provoserer, slik bøn frå Al-Aqsa-
minareten provoserer den israelske presidenten som vitjar Vestmuren eit steinkast unna.

Med muslimske augo vanhelgar settlarane staden, slik statsministerkandidat Ariel Sharon vanhelga han med si vitjing i 2000, startskotet på den andre intifadaen, Al-Aqsa-intifadaen.

Hamas-åtaket og krigen i haust er «trigga av tre faktorar», konkluderte Al Jazeera i ein analyse 11. oktober. Éin av faktorane er «settlar-framstøyta som Israels ytre høgre-regjering tillet». Dei andre faktorane kjem me til seinare i saka.

April 2022

Eit år etter, i påska 2022, nyttar israelske militære tåregass for å stogga palestinske demonstrantar på Al-Aqsa. Det er etter påskeopptøyane i 2021 eller 2022 at ho byrjar, den konkrete planlegginga av åtaket og krigen i 2023.

Kva er det med denne staden? Jødane kallar han Tempelhøgda, etter tempelet som ein gong stod der – fyrst bronsealdertempelet til kong Salomo, son av kong David, som persarane øydela, og sidan jarnaldertempelet til kong Herodes, på Jesu tid, som romarane reiv.

Al-Aqsa, det arabiske namnet, tyder «den ytste» eller «fjernaste», for staden ligg fjernt, meir enn hundre mil, frå Mekka, og reisa vart difor lang for profeten Muhammed då han etter segna vitja Jerusalem på ei nattleg luftferd.

Det tredje tempelet

Staden vitja eg fyrste gong i 1991. Eg kom djupt ned i dei arkeologiske tunellane under plassen, til the bedrock, eit ord med to meiningar: grunnfjellet og hjørnesteinen. Eg la handa på den mange tonn tunge hjørnesteinen til Herodes-tempelet som romarane reiv i år 70.

Medan handa låg på hjørnesteinen, stod eg med føtene på grunnfjellet, der Abraham skulle ofra son sin, Isak – den einaste, om ein ser bort frå Ismael –?i ei segn som ligg som ein hjørnestein og eit grunnfjell i abrahamsreligionane judaisme, kristendom og islam.

På vegen til Al-Aqsa passerte eg turistbuer med tilbod på modellar av Det tredje tempelet, som radikale israelarar vil byggja. Då lyt ein fyrst riva det ein reknar som den eldste bygningen til muslimane, Klippedomen, bygd kring år 691 der tempelet stod, og gjerne Al-Aqsa-moskeen òg, eit steinkast unna.

Då vert det storkrig, for slik tempelet var den største heilagdomen til jødane, er Al-Aqsa-
moskeen den største heilagdomen til palestinarane, og den tredje største i islam.

August 2022

Fire månader seinare: 17. august 2022 melder den tyrkiske presidenten at Israel og Tyrkia vil gjenoppretta fullt diplomatisk samband.

Kva då med palestinarane? Dei var ikkje gløymde. Ei veke seinare, etter eit møte med Palestinas president, Mahmoud Abbas, melder Erdogan at jau, palestinske styresmakter ser med velvilje på normaliseringa mellom Tyrkia og Israel.

Gjorde Hamas det? Når Al Jazeera skriv at Hamas-åtaket var «trigga av tre faktorar», er éin av dei normaliseringa mellom Israel og arabiske og muslimske statar.

23. august 2022: Palestinas president Mahmoud Abbas (t.v.) møter Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan i Ankara.

23. august 2022: Palestinas president Mahmoud Abbas (t.v.) møter Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan i Ankara.

Foto: Burhan Ozbilici / AP / NTB

Sidan 2020 har den USA-initierte Abrahamsavtalen vore kjend, ein israelsk-palestinsk fredsplan med ambisjon om bilaterale normaliseringsavtalar mellom Israel og muslimske land. Same år når normaliseringa Emirata, Bahrain, Sudan og Marokko. Og no Tyrkia.

I planane inngår Palestina òg, men neppe Hamas.

Oktober 2022

Så korleis stogga freds­planane? Kort tid etter Erdogan-Abbas-møtet, i oktober i fjor, berre eitt år før åtaket og krigen, dreg ein Hamas-delegasjon til Damaskus i Syria. Om Abrahamsavtalen har framgang, har no Motstandsaksen det òg. I 2011 var det kome til eit brot då Iran, men ikkje Hamas, støtta Syrias president al-Assad i krigen mot IS.

Og no er me komne til den tredje av dei faktorane Al Jazeera meiner trigga åtaket og krigen i haust: Hamas vart modigare då tilhøvet til Iran og Motstandsaksen var reparert.

Eit halvt år etter påskeopptøyane i fjor er truleg krigsplanane konkrete. Som ei avleiing nyttar Hamas ressursar på å styrkja ei israelsk oppfatning av at organisasjonen no har flytta merksemda si frå åtak på Israel til økonomisk utvikling i Gaza.

April 2023

Abrahamsavtalen har meir framgang. I vår, kort tid før ramadan og jødisk påske, vert det kjent at Indonesia, Niger, Mauritania og Somalia truleg vil slutta seg til.

Under påska og ramadan barrikaderer palestinarar seg i Al-Aqsa-moskeen. Han vert så raida av israelske styrkar. Hamas svarar med rakettar frå Gaza – på vanleg vis, utan å hausta dei store overskriftane. Utover våren og sumaren tek eg meg fleire gonger i å tenkja, truleg til liks med mange: Kvifor er det så stille om Palestina, her heime òg?

Få dagar etter påskeopprøret dreg Hamas-leiar Ismail Haniyeh til Beirut i Libanon for å møta endå ein aktør i Motstandsaksen, Hizbollah.

Påskeopptøyar

At påskefeiringa på tempelhøgda endar i opptøyar, går langt attende i tid. Kvar kristne påske høyrer me om den opprørske rabbien Yeshua som reinska Herodes-tempelet før fylgjet hans vart arrestert og han sjølv dømd til krossdauden.

Frå same tid fortel historikaren Josefus at den romerske okkupasjonsmakta kvar påske sende soldatar frå forlegninga i Cæsarea, ein kystby nord for Gaza, opp til Jerusalem for å slå ned opprør. Men i den soga spelar israelarane rolla som romarar og palestinarane rolla som jødar.

Eit stort påskeopprør kom då den romerske guvernøren Pontius Pilatus sette opp romerske ørnebanner på tempelhøgda. Pilatus kringsette opprørarane og truga dei med dødsstraff om dei ikkje gav seg. Josefus skriv: «Men dei kasta seg på bakken med blotta strupe og sa at dei heller gjekk friviljug i dauden enn å sjå loven deira vanhelga.»

Sumaren 2023

To tusen år seinare, fire månader før åtaket og krigen, to månader etter Beirut-ferda: I juni dreg Haniyeh til sjølvaste Teheran. Korleis øydeleggja normaliseringa?

Samstundes er Hamas i gang med ei systematisk innhenting av informasjon og detaljfakta om kibbutzar som ligg nær grensa til Gaza. Organisasjonen lagar spesifiserte planar for åtak mot einskilde landsbyar. På drepne eller fanga krigarar er det funne kart der ein har teikna sirklar kring landsbyar som ligg nær grensa til Gaza.

19. oktober 2022. Hamas-toppen Khalil al-Hayeh (i midten) og Palestinsk islamistisk jihads Ziad Nakhaleh (t.h.)  møter Syrias president Bashar Assad (t.v.) i Damaskus i Syria.

19. oktober 2022. Hamas-toppen Khalil al-Hayeh (i midten) og Palestinsk islamistisk jihads Ziad Nakhaleh (t.h.) møter Syrias president Bashar Assad (t.v.) i Damaskus i Syria.

Foto: SANA / AP / NTB

Mykje tyder på at Hamas-leiarar har tenkt: Kor brutalt må ein gå til åtak på Israel for å utløysa eit stort nok motåtak? Kor mange palestinarar må døy for å få muslimske land til å trekkja seg frå Abrahamsavtalen?

Utenkjelege tal

Er eit martyrperspektiv uttrykk for at ein ikkje ser alvoret i lidingane på Gaza? Nei, tvert om – di meir uhyggjelege lidingane er, di meir uhyggjeleg vert martyr­ideologien.

Kva einskilde palestinarar på Gaza no lir, er ikkje til å fatta. Sjølv i tal er tapa vanskelege å ta innover seg. Ein amerikansk tenkjetank har rekna ut at dei 1200 israelarane som vart drepne i Hamas-åtaket, svarar til at 40.000 amerikanarar vart drepne 11. september 2001.

Kva så med dei 11.000 palestinarane? Som eit innhogg i Gazas folkesetnad svarar dei til 1,6 millionar drepne amerikanarar, med andre ord alle innbyggjarane i Phoenix, USAs femte største by.

Kor mange palestinske martyrar kan me sjå føre oss at Hamas-leiinga var viljug til å ofra? Om Hamas-kalkylen omfattar eit dobla dødstal før krigen er over, 22.000, svarar det til 1 prosent av dei som bur på Gaza. Éin av hundre er nok innafor, om me skal tru det Hamas-leiarar nyleg har uttala om martyrviljen.

At høge dødstal kan snu ei politisk stemning, er – i eit heilt anna univers – ikkje meir mystisk enn at tvillingtårnåtaket halverte SV og Utøya-åtaket halverte Frp i det fylgjande valet.

September 2023

Berre veker før krigen, tidleg i september, dreg leiarar i Hamas og Palestinsk islamsk jihad (PIJ) på vitjing til Hizbollah-leiaren Nasrallah i Libanon. Eit dystert samtalepunkt er truleg det Al Jazeera kunngjer seinare i månaden: Israel og Saudi-Arabia nærmar seg no ein normaliseringsavtale.

Frå denne nyhenda til åtaket og krigen går det berre to veker. Like detaljerte og konkrete som planane om åtak på kibbutzar og landsbyar er nok no dei overordna strategiane. Detaljar og strategi heng i hop. Kva er det magiske martyrtalet som kan snu opinionen i arabiskspråklege land? I andre muslimske land? I vestlege land?

Kring 3000 palestinarar døydde i Al-Aqsa-intifadaen i 2000. Er det mange nok no? Er femsifra dødstal naudsynte for å skapa rørsle, velta avtalen og venda Vesten? I så høve: For å oppnå at Israel bombar seg til slike tal, må åtaket vera umenneskeleg brutalt.

I dagane etter åtaket fortel Hamas-leiarar på arabiske fjernsynskanalar: «Me vert kalla ein nasjon av martyrar, og me er stolte av å ofra martyrar.»

Dobbel løn

Kring tusen Hamas-krigarar døydde i åtaket for førti dagar sidan. Nær ni av ti palestinarar trur på paradis og helvete, syner ei Pew-undersøking frå 2012. Om lag like mange av dei, 91 prosent, støttar ordninga med pengeutbetaling til etterletne etter martyrar, syner ei PSR-undersøking frå 2017. Eit martyrium vert lønt i både det denne­sidige og det hisidige.

Båe delar er viktige. Frå sjølvmordsaksjonar i Vesten veit me at solo­terroristar i dagane før martyråtaket har sendt pengar til familie i heimlandet. I Palestina får familiane til martyrane pensjon frå styresmaktene her og no, før dei som slektningar er lova ein privilegert plass i paradiset.

Rett nok held Hamas detaljane i åtaksplanane løynde heilt fram til timane før soloppgang laurdagen for førti dagar sidan, men rykta om krig er mange. Dei er i seg sjølv ein mobiliserande faktor. Di nærare krigen kjem, di nærare kjem domedag, og di kortare vert ventetida på løna og attersynet med dei kjære. Og di nærare kjem eventuelt domen for vantru og æve i eldsjøen.

Vanlege folk ynskjer sjølvsagt ikkje å døy, sjølv om leiarane deira seiar at dei er stolte av høge martyrtal. Martyriumspsykologien er kompleks. Palestinarane er ikkje berre sterkt religiøse, men sterkt nasjonalistiske òg. Mellom verdas muslimar skårar palestinarane særs høgt på lagnadstru, predestinasjon. 94 prosent av dei svarar at dei trur på lagnaden. Inshallah.

«Alt er politikk»

Kva med oss vestlege? Kan me ta innover oss at både åtaket, krigen og tapstala er resultat av kyniske kalkylar?

Di færre føresetnader sekulære vestlege har for å skjøna religiøsiteten, di mindre kritiske er dei til han. Dei same som elles kan seia at «alt er politikk», meiner no at denne konflikten «ikkje handlar om religion», men om okkupasjon, som om det eine utelukkar det andre, som om ein kan skilja «politikk» frå «religion» eller «økonomi».

Å seia om ein krig i eit område der tru ikkje er ei protestantisk privatsak, men basis for lovgjeving, at krigen «ikkje handlar om religion», er like ignorant som å seia at ein krig «ikkje handlar om økonomi» så lenge slaget ikkje står om ein gulltransport.

Dei som seier at konflikten «ikkje handlar om religion», er gjerne vestlege sekulære som naivt nok har gjort dei religiøse til hovudsamtalepartnar. I Midtausten har ein sett at regionale sekulære aktørar har tapt for ei underleg blanding av Vesten, Israel og islamistar. Dei sistnemnde har så teke over med terror og martyriumstru.

Vestlege som ikkje trur på etterlivet, trur heller ikkje på etterlivet som ein mobiliserande faktor. Ein tenkjer heller at alle eigentleg er universelt vestlege inst inne, dei ikkje-vestlege òg, som i «Noen barn er brune»-songen: «Meget er forskjellig, men inni er vi like.»

Kjeldebruk

Artiklane i «Midtausten og martyriet» byggjer på så mange kjelder at dei åleine, med tilvisingar, ville ha fylt ei halv avisside. Kjeldene som er nytta, har likevel tre ting sams:

1. Kjeldene er lett tilgjengelege. Dei vil gjerne syna seg øvst om lesaren gjer eit Google-søk med stikkorda, helst på engelsk.

2. Opplysingar kjem frå fleire kjelder. Eg har ikkje nytta faktaopplysingar frå éi avis om opplysningane ikkje har vorte stadfesta av andre kjelder.

3) Kjeldene er ukontroversielle. Av aviser har eg i all hovudsak nytta anerkjende publikasjonar som The Guardian, Al Jazeera, Le Monde, Jerusalem Post, Washington Post og New York Times. Av leksikalske kjelder: Store norske leksikon, Encyclopedia Britannica og Wikipedia (engelskspråkleg). Rapportar eg har nytta, kjem frå m.a. Palestinian Center for Policy and Survey Research (PSR), Pew Forum on Religion and Public Life. Dei historiske kjeldene, i stor grad litteratur av og om historikaren og generalen Flavius Josefus (37–100 e.Kr.), er alle gjevne ut på anerkjende engelske og amerikanske, norske og danske forlag.

Eit viktig verktøy i arbeidet med artiklane har vore tidstavla. Truverdige opplysingar er systematisk lagde inn i ei søkbar og særs omfattande kronologisk oversikt.

Håvard Rem

Artikkelen vart oppdatert 20. november 2023.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis