JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BakgrunnSamfunn

Sjølvofferet

Bileta av bomba born på Gazastripa vekkjer sorg og raseri. Al Arabiya-journalisten Rasha Nabil rettar raseriet mot Hamas-leiarar som kalkulerer med høge martyrtal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dair El-Balah på Gaza-stripa tysdag 31. oktober 2023: Ved Al-Aqsa-sjukehuset identifiserer palestinarar slektningar  som har omkome i eit israelsk luftåtak.

Foto: Omar Al-Dirawi / Zuma Press / NTB

11545
20231103

Midtausten og martyriet (1)

Håvard Rem skriv om martyriet som tradisjon og aktualitet i Midtausten.

Bakgrunn

havard@dagogtid.no

«Nasjonar, mi kjære syster», seier Hamas-toppen Khaled Mashal doserande til Al Arabiya-journalisten Rasha Nabil, «nasjonar vert ikkje frigjorde på enkelt vis. Russarane ofra 30 millionar menneske i den andre verdskrigen for å frigjera seg etter åtaka til Hitler».

Så gjev Mashal henne døme på muslimske nasjonar som kjempar for frigjering. Då omtalar han ikkje dei mange daude som offer, som russarane, men som martyrar.

Videointervjuet på Al Arabiya, ein av dei største arabiskspråklege fjernsynskanalane i verda, varar i fem minutt. Rasha Nabil går langt i å stilla Mashal og Hamas-leiinga til ansvar for dei omkomne, dei tusen sivile israelarane laurdag 7. oktober og dei fleire tusen sivile palestinarane sidan.

Raseriet

Nabil verkar kjenslemessig prega. Kva me no er vitne til i Gaza, er skakande, også for ein som i årevis har vore ein farande i krig og folkemord, heile og halve, fysiske og kulturelle. Skrivinga har ført meg til mellom anna Rwanda, Kambodsja, Tamil Eelam, Tibet, Xinjiang-Uygur, Guatemala (mayaane), USA (urfolka), Australia (urfolka) og Polen (holocaust). Mørkeret møter eit mørker i ein sjølv.

For å tola dei uhyggjelege bileta av drepne born og unge i Gaza ser me dei gjennom eit filter av israelsk skuld. Kvar skulle me elles retta raseriet? Mot Hamas-leiarane?

Det er nett kva ho gjer, fjernsynsjournalisten Rasha Nabil. Sjåarane merkar det dirrande raseriet under den profesjonelle yta: Khaled Mashal, korleis kunne de?

Av spørsmåla hennar går det fram at sinnet hennar til dels handlar om dei geopolitiske fylgjene av Hamas-åtaket 7. oktober, ikkje minst i Midtausten som storregion, der samtalar om diplomatisk samband no er sett på lang pause – det skal me sjå på neste veke.

Palestinsk tru

Men fyrst og fremst er det lidingane til palestinarane som skakar henne. Når det gjeld kva dette handlar om, veit ho med sin muslimske bakgrunn noko som dei ikkje veit, dei mange vestlege som ikkje trur på religion. For dei er martyrtrua ein abstrakt og framandarta idé. For Nabil er det ei medverkande, kan henda ut­­løysande årsak. For Mashal er det om ikkje ein religiøs, så ein politisk reiskap i verktøykassa.

Som intervjuet syner: Same kor mykje eller lite Hamas-toppane trur sjølve, spelar dei verknadsfullt på den sterke trua til palestinarane på bakken.

Palestinarane skårar høgt i den store trusundersøkinga til Pew Research Center i Washington, «The World’s Muslims: Unity and Diversity» (2012), som byggjer på 38.000 andlet til andlet-intervju med muslimar i 39 land, mellom dei kring 1000 informantar frå palestinske område. Av palestinarane trur heile 88 prosent at det finst ein stad for æveleg løn, paradiset, medan nær like mange, 85 prosent, trur at det finst ein stad for æveleg straff, helvetet, jahannam, som det heiter i islam.

Dit kjem du om du lever eit syndig liv. Men om du døyr som martyr, kjem du i staden til paradiset, ja, ikkje berre det, du kjem då til ein del av paradiset der ein får ekstra komfort. I tillegg til at martyren får si løn i paradiset, får dei etterlatne pensjon og stipend her på jorda.

Masada

Kva er det med Midtausten og martyriet? I mange kulturar, før og no, i norrøn Valhall-tru, i japanske uttrykk som harakiri og kamikaze, finn ein martyriumidear. Ikkje minst finn me dei i Midtausten.

«Det religiøse martyriet», heiter det i engelskspråklege Wikipedia, «er rekna som eit av dei viktigaste bidraga frå hellenistisk jødedom til den vestlege sivilisasjonen». Kva vil det seia? Dei områda som i dag er Israel og Palestina, låg i nær 500 år i krig med Vesten, med greske og romerske erobrarar fra Aleksander den store til keisar Hadrian, frå ca. 330 f.Kr. til 135 e.Kr.

Millionar av Midtausten-menneske ofra livet som martyrar i militær, religiøs og kulturell kamp mot vestleggjering, mot hellenisering og romanisering.

Dette er meir enn historie. Historia er levande. Dei israelske soldatane som no krigar på Gaza­stripa, har slektsbakgrunn frå heile verda, men éi sak har dei sams: Dei har avlagt eiden «aldri meir» – ikkje «aldri meir 9. april», men «aldri meir skal Masada falle».

Torsdag 19. oktober 2023: Al Arabyia-journalisten Rasha Nabil (til høgre) videointervjuar Hamas-toppen Khaled Mashal.

Skjermdump

I år 73, då romarane hadde erobra Jerusalem og heile noverande Israel og Palestina, med kring éin million krigsoffer, var det framleis kring tusen menneske, kvinner og born medrekna, som heldt stand øvst på klippeborga Masada ved Dødehavet. Dei var sjølvmordsmordarar, sikariar, oppkalla etter den vesle dolken dei gøymde under kappa, og som dei nytta når dei stakk i hel folk i ei menneskemengd. Før romarane rakk å erobra Masada, den siste tilhaldsstaden, vart dei tusen martyrar i eit kollektivt sjølvmord.

For ei militær stormakt som Israel, som dels takk vera norsk tungtvatn vart ei atommakt òg, har eiden «aldri meir» vorte utvida frå «Masada» til «holocaust» og no «7. oktober».

Torturvitne

Martyr, opphavleg eit gresk ord som ein kan omsetja med vitne, kom inn som lånord i dei fleste europeiske språka, sett bort frå i norrønt, der me heldt på píslarváttr, pinsle- eller torturvitne – slik me elles heldt på jol i staden for lånordvariantar som Christmas. I Al Arabiya-intervjuet nyttar Hamas-toppen det koranarabiske ordet for martyr, shahid, som har same tyding som det greske og norrøne ordet: eit vitne.

Opphavleg vart det greske ordet nytta om vanlege vitne òg, men meir og meir kom soge og skrift frå Midtausten til å prega ordet: Martyr var ein som døydde på grunn av vitnemålet sitt eller overtydinga si.

Dei kristne tidlegmartyrane Stefanus og Peter var semittiskspråklege menneske frå Midtausten. Det var òg sjølve urmartyren, den krossfesta, som ofra seg for dei hine.

«Ved sida av kristendommen og jødedommen er det hovudsakleg i islam at martyrskikkelsen har ein sentral plass», skriv Store norske leksikon. Difor kjem det ikkje som ei bombe at martyrtrua lever vidare i ei muslimsk utgåve. Han er ikkje daud, den gamaljødiske og urkristne martyrtradisjonen frå Masada og Golgata. Dei to stadene ligg berre ti mil frå Gaza.

Al Arabiya

Al Arabiya vart skipa i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata for 20 år sidan og har i dag hovudkvarteret sitt i Riyadh i Saudi-Arabia. I 2009 fekk kanalen det fyrste intervjuet Barack Obama gav som amerikansk president. Ved sida av Al Jazeera er Al Arabiya ein av dei viktigaste arabiskspråklege fjernsynskanalane i verda.

Al Arabiya-intervjuaren Rasha Nabil sit med utslege hår i ei kvit drakt. Ho vart fødd i Egypt i 1978, og før ho vart ein kjend fjernsynsreporter, studerte ho statsvitskap ved Kairo universitet.

Hamas-toppen Khaled Mashal har på seg ei ljos skjorte utan slips under ein mørk blazer. Han vart fødd på den jordanske Vestbreidda i 1956 og var øvste Hamas-leiar i meir enn 20 år, frå 1996 til Ismail Haniyeh tok over i 2017. Når Nabil nyttar «de» og «dykk» i spørsmåla, og Mashal «me» i svara, meiner båe Hamas.

Opningsspørsmålet tek utgangs­-
punkt i laurdag 7. oktober då Hamas drap kring tusen sivile israelarar, mange av dei born og unge.

Nabil spør: «Den typen åtak som Hamas då utførte, var ikkje ein vanleg operasjon. Det liknar meir ei krigserklæring. Difor er det somme som spør: Kva såg de føre dykk at den israelske reaksjonen kom til å verta? Me ser den menneskelege tragedien som utspelar seg på Gazastripa, som folk i Gaza vakna til i dag tidleg.»

Intervjuet går føre seg tolv dagar etter terroren, for to veker sidan, torsdag 19. oktober, med israelsk bombing av mål i Gaza, dagen etter at amerikansk etterretning konkluderte med at eksplosjonane ved Al-Ahli Arabi-sjukehuset i Gaza ikkje kom av israelske rakettar, men luftåtak «frå den andre sida».

«Dei andre involverte, dei palestinske styresmaktene og menneska i Gaza, vart ikkje råd­spurde», held ho fram. «De tok avgjerda på eiga hand.»

«Den storslagne augneblinken då Al-Qassam-brigadane makta å overrumpla fienden, og all verdas etterretning, laut ein halda løynd», svarar Mashal.

«Men me gav oss ikkje i kast med ein ny type motstand. Det er alt saman ein del av den generelle motstanden. Tiltaka som vart gjorde, er ein del av den legitime motstanden som folket vårt er samde om...»

Han får ikkje fullført. Nabil avbryt han: «Greitt, du har no gjort greie for somme av poenga dine.»

Mashal byrjar på ei ny setning, men atter avbryt ho: «Du seier: Dette er legitim motstand –?slik du ser det. Men kva folk i Vesten no har sett på skjermane sine, var rettsstridige handlingar som Hamas utøvde andsynes sivile israelarar. Og de er ansvarlege for omdømet til Hamas utanlands, der Hamas no vert samanlikna med IS.»

Ho ristar på hovudet når ho uttalar «Daesh».

Mashal svarar: «Eit slikt klagemål er fabrikkert av Netanyahu, og diverre er Vesten medskuldig.»

«Mi kjære syster»

Han lyftar no høgrehanda, med fingrane samla som for å understreka hovudbodskapen, sitert innleiingsvis: «Nasjonar, mi kjære syster, vert ikkje frigjorde på enkelt vis.»

No kjem Mashal med oppramsinga av historiske hendingar der folk og land har bringa store menneskeoffer for å frigjera seg. Oppramsinga til Mashal vert etter kvart avbroten av Nabil, men dei nasjonane han rekk å nemna før ho avbryt han, er anten kommunistiske eller muslimske.

Denne historiske delen av intervjuet framfører Mashal som om han talte til ein stor folkemasse. Etter å ha nemnt russarane og «dei 30 millionane med menneske dei ofra», held han fram: «Vietnamesarane ofra 3,5 millionar menneske før dei sigra over amerikanarane.»

Så langt dei kommunistiske døma. Så går han over til dei muslimske: «Afghanistan ofra millionar av martyrar for å kunne sigra over Sovjetsamveldet og sidan over USA. Det algeriske folket ofra seks millionar martyrar gjennom 130 år. Det palestinske folket er nett som ein av desse nasjonane. Ingen nasjon vert frigjord utan offer.»

Mashal trekkjer pusten før han går i gang med ei ny setning, men Nabil avbryt han.

Offer og martyr

I historieleksjonen til den tidlegare Hamas-leiaren er det tydeleg at han skil mellom offera til ikkje-muslimske folk som russarane og vietnamesarane og offera til muslimske land som Afghanistan, Algerie og Palestina. Dei sistnemnde omtalar han ikkje berre som offer, men som martyrar òg.

Soldatar i Den raude armeen og Viet Cong hadde gjerne ei sjølvforståing der dei ofra livet sitt for eit kollektiv, eit folk og ein nasjon, ja, for ein idé og ein ideologi. At Mashal likevel ikkje omtalar dei som martyrar, kjem nok av at det ikkje fyrst og fremst er eit nasjonalt eller ideologisk martyrium han har i tankane, men eit religiøst, nærare bestemt eit muslimsk martyrium.

Men om han ikkje kan gje russarar og vietnamesarar martyr­status, er det likevel ikkje heilt tilfeldig at han framhevar krigane til Sovjetsamveldet og Vietnam. Han veit godt at dei geopolitiske alliansane til revolusjonær islam, utanfor den muslimske verda, gjerne er venstreorienterte land og rørsler.

For slike sekulære er ikkje martyrideologien noko å bry seg om. Like reelt som martyrmotivet er for truande muslimar, like irrelevant er det for venstreorienterte alliansepartnarar. Mellom vestlege Hamas-sympatisørar trur berre éin av ti på det livet etter dauden som nær ni av ti palestinarar trur på. Sentralt i trua står ei martyrtru som Hamas slår som ein lysande regnboge over lidingane deira.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

«At diktaturene Kina og Russland skulle bli noen gode og frelsende partnere for resten av verden siden Vesten lot dem i stikken, står ikke til troende», skriv Jon Haugen.

Foto: Sergei Guneev / Reuters / NTB

Ordskifte

«At diktaturene Russland og Kina skulle ha noen historisk rett til å hevne Vestens urett gjennom hundreårene, er helt absurd.»

JonHaugen

«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Nord-Noreg slik du aldri har sett det før

I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis