JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BakgrunnSamfunn

Porten til paradis

Tysdag melde pakistansk fjernsyn: «Talet på martyrar i Gaza har nådd 10.000» – mange nok til å stogga normaliseringsprosessane mellom Israel og arabarstatane, men enno ikkje mange nok til ein storkrig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skjermdump frå ein video lagd ut på sosiale medium 15. oktober. Reuters har stadfesta den geografiske staden, men ikkje tidspunktet. Truleg ser me eitt av hòla i tryggleiksgjerdet kring Gaza som Hamas-krigarar tok seg gjennom om morgonen 7. oktober.

Skjermdump

13297
20231110

Midtausten og martyriet (2)

Håvard Rem skriv om martyriet som tradisjon og aktualitet i Midtausten.
3. november: Del 1. Sjølvofferet
10. november: Del 2. Porten til paradiset

Bakgrunn

havard@dagogtid.no

Ein arabiskkunnig lesar var så venleg å gjera merksam på at eg førre veke feilstava shahid, martyr, og melde elles at ho fann saka særs interessant. Takk, det er no retta i nettutgåva, og det er berre å læra seg ordet fyrst som sist. Det er kjent av fleire enn det bur menneske i Europa. Breitt gjennomslag er ikkje uvanleg for religiøse nykelomgrep.

Slik det greske ordet for vitne, martyr, er teke inn som lånord i mange språk, er det arabiske ordet for vitne, shahid, teke inn, med ulik stavemåte, i mellom anna persisk, somalisk, tyrkisk, sundanesisk, hindi, kasakhisk, kurdisk, malayisk, tadsjikisk, turkmensk, usbekisk og urdu.

I samband med «Al Aqsa-syndfloda», Hamas-namnet på Gaza-krigen, les og høyrer folk i heile verda no om shahid, martyr. Dei 40.000 pakistanarane i Noreg, og dei 230 millionane i Pakistan, som fylgjer nyhendekanalen Dawn, høyrde tysdag at «talet på martyrar i Gaza no har passert 10.000». Få trekkjer Hamas-tala i tvil. Kring?4.000 av dei er hylla som barnemartyrar.

Krig og tru

Sjølvmordsåtak mot sivile kan gjera så stor skade at dei utløyser krig. Men dei krev martyrar. Når krigen fyrst er i gang, vil han rekruttera fleire martyrviljuge. Kvifor? Kvifor vert mange meir religiøse av krig? Av di krig mot muslimar er det viktigaste teiknet på at domedag er nær.

Ein gong sat eg ein sein kveld i ein bil langt sør i Egypt. Eg hugsar ikkje kvifor, men sjåføren kom til å nemna profeten Job, og då eg som vestleg overraska han med god kjennskap til Job, vart han tillitsfull og fortalde at Golfkrigen endra han. For fyrste gong fór han til Mekka på hajj.

Krig i Midtausten varslar domedag, og tanken på domedag kan koma som dødsangst, som helvetesfrykt. Smiler du av helvetesfrykt, er du like arrogant som dei som smiler av dødsangst, ei kjensle jamvel vestlege kan oppleva.

Sjåføren visste at på domedag vil ei pilegrimsferd vega godt i rette vektskåla. Martyriet er ikkje ein metafor, aller minst i krig.

Hamas-topp 1

Då Al Arabiya-journalisten Rasha Nabil torsdag 19. oktober videointervjua Hamas-toppen Khaled Mashal om terroråtaket laurdag 7. oktober der kring tusen sivile israelarar vart drepne, spurde ho: «Kva såg de føre dykk at den israelske reaksjonen kom til å verta?»

Spørsmålet var retorisk. Bombinga av Gaza var alt i gang. Som me såg førre fredag, svara Mashal: «Afghanistan ofra millionar av martyrar for å kunne sigra.»

Hamas-topp 2

«Me vert kalla ein nasjon av martyrar», lydde det i eit videointervju som likna Nabils Al Arabiya-samtale med Mashal, og som vart sendt fem dagar seinare på den store libanesiske fjernsynskanalen LBC International.

Nok ein gong var intervjuaren ei kvinne med vestlege klede og utslege hår, og nok ein gong var intervjuobjektet ein Hamas-topp, Ghazi Hamad, som kommenterte 7. oktober-åtaket slik: «Al Aqsa-syndfloda er berre den fyrste. Så kjem det sidan ein andre, ein tredje, ein fjerde, av di me har viljen, motet og evna til å kjempa.»

Journalisten freista å skyta inn eit spørsmål, men Hamad heldt fram med sitt eige spørsmål: «Kjem me til å måtta betala ein pris? Ja, og me er reie til å betala han. Me vert kalla ein nasjon av martyrar, og me er stolte av å ofra martyrar.»

Arabiske reaksjonar

Det som opprørte Nabil – ved sida av lidingane til dei mange tusen sivile palestinarane, som ho ikkje omtala som martyrar –?var fylgjene for den geopolitiske situasjonen i Midtausten. Temaet kjem naturleg når ein egyptar intervjuar ein palestinar på ein saudisk fjernsynskanal som vert fylgd i store delar av den arabiskspråklege verda.

Etter å ha spurt Mashal kva Hamas forventa av israelske reaksjonar, spurde ho kva Hamas forventar av arabiske reaksjonar. I Vesten spør me: Kvifor grip ikkje Vesten inn? Nabil spurde: Kvifor grip ikkje arabarlanda inn?

No vart spørsmåla til Nabil ikkje berre retoriske, men rakt ut syrlege. Ho sette fingeren på eit ømt punkt: at militær støtte frå andre muslimske land så langt manglar.

Nabil: «Du har sagt at det Hizbollah gjer, er bra, men ikkje nok. Kan me forstå dette som at Hizbollah og motstandsaksen har svikta dykk?» Med motstandsaksen sikta ho til mellom andre Iran, Syria, Hizbollah og Hamas.

Mashal svara at han forventa meir, ikkje berre av Libanon, men «av alle landa med grense til Israel. Mektige Egypt har utkjempa store krigar, og i Egypt kokar det. Me helsar det egyptiske folket, og me ynskjer meir. Eg krev ei meir kraftfull haldning frå dei egyptiske leiarane».

Nabil spurde syrleg: «Har Iran så langt levd opp til forventningane deira?»

Båe visste at Iran så langt ikkje hadde gjort noko. For å strø salt i såret la ho til: «Iran har tidlegare snakka om å øydeleggja Israel.»

Ein defensiv Mashal svara: «Oppgåva vår er å be om støtte og å minna partane om lovnadene deira.»

Moralsk støtte

Båe visste: Om Hamas-åtaket så langt ikkje hadde gjeve militær støtte, hadde det meir indirekte gjeve moralsk støtte, ikkje berre gjennom fordøming av israelsk bombing, men viktigare: gjennom opphøyr av normaliseringsprosessar og diplomatiske samband.

Mellom Israel og muslimske land har det berre dei siste tre åra kome diplomatiske gjennombrot som har overraska heila verda – og provosert Hamas. I 2020 vart det semje om å skipa diplomatisk samband mellom Israel og fire av medlemslanda i Den arabiske ligaen: Marokko, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Sudan.

I 2022 tok Tyrkia og Israel opp att fullt diplomatisk samband, som dei oppretta alt i 1949, då med Tyrkia som det fyrste muslimske landet, men under Erdogan forverra tilhøvet seg – fram til i fjor.

I haust vart eit stort gjennombrot varsla. Saudia-Arabia –?eit av landa som ikkje har anerkjent Israel som stat – og Israel er truleg berre månader frå å normalisera tilhøvet sitt, melde Al Jazeera 21. september, to veker før Hamas-åtaket.

Al Jazeera siterte den saudiske kronprinsen og statsministeren Mohammed bin Salman – «Kvar dag kjem me nærare eit normalisert samband med Israel» ­– og den israelske forsvarsministeren Eli Cohen –?«Det er truleg at me i fyrste kvartal i 2024, innan fire–fem månader, er komne så langt at detaljane vert godkjende.» Situasjonen for Palestina høyrde med.

Vegen til fred er no bomba. Slik sett har Hamas lukkast. Dei tusen fyrste martyrane vende opinionen mot Hamas, dei neste ti tusen martyrane vende opinionen mot Israel. Muslimske land som har normalisert tilhøvet til Israel, er sette under press. Den saudisk-israelske meklinga er avbroten. Laurdag braut Tyrkia det diplomatiske sambandet med Israel.

Endetidstrua

Ein kan ikkje skjøna martyrtrua utan å kjenna endetidstrua. Dei heng i hop. Inntil for berre nokre tiår sidan hadde me dei beste føresetnadene for å forstå den muslimske endetidstrua fordi ho er så lik den kristne.

Eg har alltid gått i bokhandelen i dei kring femten muslimske landa eg har vitja. I større byar finst gjerne to slag bokhandlar, dei religiøse og dei sekulære, nett som i Noreg for nokre tiår sidan, då kristne bokhandlar var vanlege. I dei religiøse bokhandlane finn ein ikkje berre koranlitteratur. I utstillingsvindauge i byar som Beirut og Istanbul kan ein sjå politiske bøker òg, jamvel av ikkje-muslimske forfattarar. Til dømes er Adolf Hitlers jødekritiske Mein Kampf (1925) populær.

Dei sekulære bokhandlane kan vera skuffande, som i Damaskus, før krigen òg, eller imponerande, som i Dubai, der inngangspartiet var dominert av ei ny Jo Nesbø-bok på arabisk. Utvalet av bøker på engelsk er breitt. Overraskinga mi var størst i barnebokavdelinga, dit eg gjekk for å finna noko å ta med heim. Alt var på arabisk, så eg vart ståande og bla i biletbøkene. I ei bok om Allahs plan gjennom tusenåra kunne mange av illustrasjonane like gjerne stått i ei kristen barnebok om Guds plan gjennom tusenåra.

Rammeforteljinga var den same. Dei seks tusen åra frå Adam og Eva i paradiset, via Noah og syndfloda og dei kjende bibelsogene, til Jesu gjenkomst og domedag, og derfrå til paradiset – eller helvetet, jahannam på arabisk, gehinnom på hebraisk og gehenna på latin, namnet på eit dalføre i Jerusalem, Hinnom-dalen.

Vegen til paradiset

Sjølvsagt er det skilnader òg, fyrst og fremst: Den store profeten Jesus døydde ikkje i skam på ein romersk kross, og han vart sidan fylgt av ein annan profet, Muhammed.

Ein annan skilnad syner seg i vegen til paradis, i korleis menneske kan verta berga, frelste. Den skilnaden er sentral i martyrtrua.

Mange nordmenn kjenner uvilje mot å høyra om domedag, ikkje av di dei fryktar han, nei, tvert om, domedag er overtru, men somme har foreldre eller besteforeldre som sette kaffien i rangstrupen av helvetestrugsmåla og himmellovnadane til teologpredikanten Ole Hallesby i NRK for 70 år sidan.

Fylgjer du Gazakrigen, kjem du ikkje unna domedag, om du vil sjå krigen gjennom andre briller enn dine eigne, til dømes med augo til mange hundre millionar menneske som jamleg vert oppdaterte om shahid-tala i Gaza. Bodskapen kjem no ikkje frå Hallesby, men frå Hamas.

Er det usmakeleg å sjå lidingane i eit martyrperspektiv? Hamas gjer det. Palestinarane vert umenneskeleggjorde av militær overmakt, og palestinarane vert umenneskeleggjorde av å verta gjorde til martyrar meir enn menneske. Skulda til fienden vert dimed ikkje mindre. Som det er med kjærleik, er det med skuld og hat: Det vert ikkje mindre om ein deler.

Domedag er nær

Slik er trua: Når dauden eller domedag nærmar seg, er det viktig å verta frelst, så ein på domedag kjem til paradiset, ikkje til jahannam. At krig i Midtausten varslar domedag, gjeld i vekkingsrørsler i både kristendom og islam. Dei har elles ein del sams ved at dei ikkje har ein hierarkisk organisasjon med erkebiskop og pave øvst. Med andre ord: læra er ikkje hoggen i stein, og det som kjem fram her, er det som pregar lågreligiøse vekkingsrørsler.

I protestantismen kan ein verta frelst ved tru åleine. Kjend er skillingsvisesoga om sjømannen som hadde levd eit syndig liv, men då skipet forliste i stormen, kunne han i bylgjene gje seg til Jesus, seia det han hugsa av truvedkjenninga, og såleis koma til himmelen i staden for til helvete, til gullgatene i staden for til eldsjøen.

Så enkelt er det ikkje i islam. Når ein døyr, vert heile livet lagt i vektskåla, og dei vonde gjerningane vert vegne mot dei gode. Ei truvedkjenning i siste sekund kan ikkje vega opp for eit liv på ville vegar.

Det vil seia: Det finst éi god handling som kan vega opp for mange vonde – martyriet. Ordet for martyr, shahid, er i slekt med ordet for truvedkjenning, shahada.

På eit vis er det slik i protestantismen òg, men der slepp ein å verta martyr sjølv, av di éin har vorte martyr for alle, éin gong for alle, gjennom martyriet på Golgata, nokre steinkast frå Hinnom-dalen.

«Me er stolte av å ofra martyrar», fortel Hamas-toppen Ghazi Hamad til journalisten som intervjuar han på den libanesiske fjernsynskanalen LBC International.

Mot mekling

«Me er stolte av å ofra martyrar», sa Hamas-toppen i libanesisk fjernsyn då dødstala på Gaza var helvta av det dei er i dag. For oss sinnelagsetikarar i Vesten er det nær umogeleg å sjå lidingane som resultat av taktisk tenking og medviten strategi.

Det er ikkje fyrste gong martyrar er sette inn for å sabotera fredsforhandlingar og diplomatisk samkvem. Frå tidleg i 1990-åra har Hamas stått bak fleire hundre sjølvmordsåtak i Israel. Kva utløyste dei fyrste martyråtaka? Somme vil svara: Amerikansk-israelske Baruch Goldsteins uhyggjelege moskémassakre fredag 25. februar 1994 der 29 palestinarar i fredagsbøn vart drepne og 125 skadde.

Somme vil svara: Ja, Goldstein-terroren utløyste den andre bylgja av sjølvmordsåtak.

Kva utløyste då den fyrste bylgja?

Osloavtalen, vil somme svara. Dei fyrste martyråtaka til Hamas, med om lag 40 skadde, skjedde i 1993, før moskémassakren, men under og etter forhandlingane om Osloavtalen, som fekk Hamas til å utvida jihad (kamp) med istishihad (martyrium).

Porten

Kva har det kravd å øydeleggja normaliseringa og meklinga? Skal me fylgja tankegangen til Hamas, har det kravd tusen martyrar den fyrste dagen og ti tusen martyrar den fyrste månaden.

Laurdag 7. oktober vart tusen sivile israelarar drepne. Mindre omtale har det fått at tusen Hamas-krigarar vart drepne same dag. Kring 3000 Hamas-krigarar gjekk inn i Israel om morgonen. Om lag tusen av dei fall i kamp, som martyrar. Dei kom aldri heim. For dei var hòla i tryggleiksgjerdet kring Gaza porten til paradiset.

Iran

Shahid pregar Ukraina-krigen òg, som dronar med namnet «Shahed», nytta av både Russland og Hizbollah, dronar så kostnadseffektive at kinesarane kopierer dei. Kven produserer martyr-rakettane som kjem mot mål i Ukraina og Nord-Israel?

Iran. Som støttespelar for både Putin og Hamas er Iran involvert på fleire bortebanar, i tillegg til at dei er særs aktive på heimebane òg. Ein mann som døyr når han slaktar sivile, vert hylla som martyr. Ei kvinne som døyr etter feil eller manglande hijabbruk, døyr i skam.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis