JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Jødeutryddinga sedd frå Noreg

Den endelege løysinga i Noreg har fått si endelege bok.
Bjarte Bruland har skrive boka om holocaust i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Deportasjonen av norske jødar 26. november 1942: Donau legg frå kai i Oslo med 532 norske jødar som skal til dei tyske utryddelsesleirane.

Foto: Georg W. Fossum/NTB scanpix

10186
20170505

Bakgrunn

Deporteringa
frå Noreg

Deporteringa av jødane byrja hausten 1942. 772 jødar vart i 1942 og 1943 sende til tyske utryddingsleiarar.

Den 26. november 1942 kom den største deporteringa. 552 jødar vart frakta til Tyskland med DS «Donau».

Berre 34 overlevde i Auschwitz i Polen – staden dei fleste vart sende til. Over halvparten av nordmennene som vart drepne i tyske leirar, var jødar.

Holocaust

jon@dagogtid.no

Bjarte Bruland er 48 år; særs mange av desse åra har han nytta på holocaust. Denne veka kom han med boka Holocaust i Norge. Registrering, deportasjon og tilintetgjørelse. Boka er på om lag 800 sider og vert truleg referanseverket om holocaust i Noreg.

– Kvifor valde du å skriva ei så stor bok om noko som trass alt er gjennomgranska?

– Eg er ikkje samd i premissen. Temaet har ikkje vore gjennomforska. Vi kan kanskje seia at det med denne boka har vorte gjennomforska, men det var det på ingen måte før. Ja, det har vore gjeve ut mange bøker om aspekt og einskildlagnader, men dei siste bøkene som såg på heilskapen, var av Samuel Abrahamsen og Oskar Mendelshom og kom for ein generasjon sidan. Førre veke var det ein artikkel i Aftenposten om Marte Michelets bok om jødeutryddingane som no skal verta film. Aftenpostens artikkel var full av feil. Det stod mellom anna at passa til jødane vart inndregne, noko dei ikkje vart. Ikkje ein gong faktagrunnlaget om holocaust i Noreg er på plass.

– Eit av hovudspørsmåla i vår tid er i kva grad vi nordmenn skal kjenna på det dårlege samvitet for noko som vart gjort mot jødane då Noreg var okkupert og politikorpset var nazifisert. Kvar står du der?

– Alle som les denne boka, vil sjå at ho ikkje er noko dømande bok. Eg er faghistorikar, det må vera opp til lesarane å døma. Men ja, dette er eit tysk prosjekt som så vert eksportert til resten av Europa. Rett nok er tyskarane avhengige av hjelp av kollaboratørar for å lukkast, utan denne hjelpa hadde prosjektet vore vanskeleg å få godt til. Hjelpa fekk dei av norske nazistar, av di Quisling-regimet i prinsippet var for at jødane skulle verta fjerna. Folk i Quisling-regjeringa stilte ikkje spørsmål ved utryddinga då ho byrja hausten 1942. Dei var med på det. Og ja, politiet var nazifisert, men samstundes skal vi hugsa at folk som ikkje var nazistar, òg var med på aksjonen. Det er ein likevel ein tendens til å bruke utryddinga av dei norske jødane til propaganda. Mange kallar det for «den norske jødeutrydding», men det norske folket var ikkje med på dette. Holocaust var eit tysk prosjekt.

Politi og folkerett

– Men kvifor greidde tyskarane å nazifisera politiet? Dei fekk ikkje til det same med kyrkja, skulen og akademia. Var det av di politiet har rett til å utøva vald?

– Eg trur ikkje det er noko hovudforklaring. For det fyrste var politiet særs viktig for nazistane; som okkupant må ein ha kontroll på folkesetnaden. Det andre er at politiet meinte at dei etter folkeretten hadde ei plikt til å vera eit ordensvern når landet vart okkupert. Dei vart sette under press nesten frå starten av, og det gjer dei nok meir tilbøyelege til å gjera som okkupasjonsmakta seier. Det tok nokså lang tid før det kom noko form for prinsipiell motstand i politiet. Motstanden kom fyrst i 1943, då innkallingane til tvungen arbeidsteneste kom. I Danmark hadde politiet det lettare av di regjeringa og byråkratiet heldt fram som før. I Noreg, derimot, kom det tysk spesialpoliti til dei fleste byane. Då det tyske tryggingspolitiet kom til Bergen, vart det straks lagt inn direkteline til politikammeret i Bergen. Dimed vart kontakten nær og intim frå starten av.

– Var politiet litt enkle sjeler? På denne tida hadde dei korkje gymnas eller høgre utdaning. Vanta dei evne til refleksjon?

– Det er klart at lensmenn rundt omkring kjende eit ansvar for bygda og heimen, dei ville hindra død og kaos. Dei såg på seg sjølve som ein buffer mellom tyskarane og den lokale folkesetnaden. Eg trur likevel ein god del hadde evne til å reflektera over kva dei var med på. Men jødane var nok framande for dei. Dei var dimed ikkje ein del av «oss». Men ja, mange polititilsette åtvara jødane og såg ein annan veg når dei tok på flukt. Likevel: som etat fylgde dei lojalt ordren dei fekk om å arrestera jødane. Fleire av dei som var med på å arrestera jødane, var samstundes med i motstandsrørsla, og vart sitjande i stillinga si etter krigen. Refleksjonane dei gjer seg i ettertid, er prega av rasjonalisering: «Vi hadde ikkje noko val. Jødane vart dessutan åtvara, og hadde høve til å koma seg unna.» Eg prøver i boka å finna ei fullgod forklaring på politiets framferd, men eg får det nok ikkje heilt til. Det er nesten umogleg å koma heilt til botnen her.

Mange vart åtvara

– Veit vi noko om kor mange av jødane som vart åtvara og såg aksjonen kome?

– Det er det umogleg å seia noko sikkert om, sidan så mange vart drepne. Dei to aksjonane mot dei må òg haldast frå kvarande. Den fyrste var retta mot mennene. Før dei vart arresterte, var det store oppslag i avisene om at ein tysk grensepolitimann var drepen og at gjerningsmennene var jødar. Mennene var arresterte ein måndag, den 26. oktober 1942. Helga før diskuterte mange jødar spørsmålet om kva dei skulle gjera. Ingen visste kvar dette skulle enda. Dei kunne ikkje førestella seg gasskamera. Dessutan hadde det vore ein aksjon mot statslause jødar året før, i samband med invasjonen av Sovjetunionen. Etter tre veker på Grini vart desse jødane sleppt laus att. Mange tenkte nok at «ja, her kjem det represaliar, vi vert arresterte, men til slutt sleppt fri att.»

– Men då dei tok kvinner og born seinare, hadde ikkje mennene vorte sleppt ut. Var ikkje det ei sterk åtvaring?

– Ja, men du skal òg hugsa at tyskarane spreidde mykje desinformasjon om kva som skulle skje. Mellom anna fekk kvinnene melding om at det skulle opprettast interneringsleiarar for kvinner i Noreg. Tyskarane nytta ei rekkje agentar i miljøa. Og dagen før aksjonen den 25. november, då kvinnene fekk åtvaringa om arrestasjonane, gjekk det ei tid før det gjekk ut melding at eit skip låg klar på hamna i Oslo. Ja, då dei fekk melding om skipet, forstod kvinnene alvoret, men kva skulle dei gjera? Mannen din er arrestert, kanskje sønene dine òg. Likevel la mange på flukt. Andre makta ikkje det. Dei som organiserer arrestasjonane og feilinformasjonen, er Gestapo, og dei kunne verkeleg spreia feilinformasjon og driva med psykologisk krigføring. I motsetning til i andre land vart ikkje jødane tekne i fleire aksjonar, dimed vart dei ikkje vare på det som skulle koma. Dei fekk berre nokre få timar å koma seg unna på.

– Gestapo var krafta som sette i gang jødeforfylgingane, men det er vel ikkje til å koma forbi at det var ein del jødehat mellom nordmenn òg? Gjorde jødehatet det lettare for politiet å arrestera jødane?

– Fyrst må eg få korrigera deg: Eg meiner sjølvsagt at både tyskarane og Quisling-regimet hadde ansvaret for det som skjedde. Men ja, den antisemittiske tendensen som fanst i Noreg før krigen, speler på lag med overgriparane. Det er likevel vanskeleg å trekkja kausale samanhengar mellom jødehat og holocaust. Den antisemittiske tendensen i Polen var i 1920- og 1930-åra truleg sterkare enn i Tyskland, likevel kom det ikkje til noko slikt i Polen før dei vart okkuperte. Men ja, for meg er det nokså klart at det at politiet hadde ansvar for å handheva framandloven, til dømes, gjorde at dei hadde lettare for å sjå på jødane som noko som ikkje var heimehøyrande i Noreg. Men ikkje å lika jødar er éi sak. Å gjennomføra utrydding er noko anna. Mange hardbarka nazistar i politiet sleit også med det dei var med på.

Holocaust klart i 1933

– Det er få jødar i verda, likevel har jødespørsmålet vore underleg stort i europeisk historie, ja, til og med grunnlovsfedrane våre meinte dei måtte nemna jødane. Men sjølve spranget, det å gå frå ikkje å lika jødar til å ville utrydda dei … Kva kan forklåra dette tyske spranget?

– Ein historikar skreiv ein gong at «frå og med då dei laga ariarparagrafen i 1933, så var lagnaden til jødane skriven.» Med paragrafen var koden knekt, no visste dei kven som var jøde, og kven dei skulle retta politikken mot. Heile tida hadde dei dessutan denne ideen om at jødane skulle bort. Og når krigen vart så massiv, vart også jødane eit trugsmål mot trygginga til riket. Hitler-regimet var mordarisk frå byrjinga av. Dei nølte ikkje med å drepa sine eigne eingong; både den lange natta til knivane og invasjonen av Polen var groteske saker. For meg er spørsmålet heller om det er mogleg å tenkja seg eit Hitler-regime utan holocaust. Når det gjeld eskaleringa vi ser hausten 1941, handlar det mykje om at dei ikkje heilt får lokale innbyggjarar til å taka ansvaret. Dessutan var det ei frykt i både Polen og Ukraina for at «fyrst tek dei jødane, så tek dei oss.» At dei var ivrige etter å drepa jødar i Baltikum, handlar nok mykje om at dei lokale hadde trong til å gje nokon skulda for den sovjetiske invasjonen året før. Men ja, at ein drap alle jødar i aust, gjorde at det ikkje var nokon veg attende. Då byrja ein å leggja planar for kva som skulle henda i Tyskland og Vest-Europa òg.

– Og der kunne ein ikkje gå like valdsamt og ope fram?

– Nei, ein kunne ikkje driva på med desse masseskytingane i Noreg, til dømes. Men også i Warszawa-gettoen vert det nesten for ekstremt å skyta alle. Dimed måtte dei byrja å tenkja industrielt.

– Er det einskildlagnader som har gjort eit særmerkt inntrykk?

– Dei arresterte ein gardsgut ute i Bjørkelangen, eller gut og gut, han var 37 år. Han hadde vorte sett ut til denne garden anten av di han hadde store psykiske problem eller av di han var utviklingshemma, det kjem ikkje heilt klårt fram av kjeldene. Så vart han arrestert hjå bonden. «Han var straks villig til å komme med», skriv lensmannsbetjenten. Drengen ante ikkje kva som skulle henda. Bonden på si side hadde vorte glad i mannen og prøvde gong etter gong å få sett han fri. Det lukkast han ikkje i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– For meg er spørsmålet

heller om det er mogleg å

tenkja seg eit Hitler-regime

utan holocaust.

Bjarte Bruland, historikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis